← Gå tilbake

thought-catalog-RdmLSJR-tq8-unsplash
Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

– Foreldra til skulevegrarar treng styrke til stå i konflikt

Pårørande til barn som ikkje vil gå på skulen har det tøft. Mange føler dei sviktar rolla si og kjenner på skam og sorg fordi dei har eit barn som ikkje klarer det «alle andre» greier.
tor brunv%c3%a6rSamstundes er det ein fare for å bli for ettergjevande mot barnet fordi ein tykkjer synd på jenta eller guten som ikkje maktar å gå på skulen.

Det fortel lærar og spesialpedagog Tor Brunvær. Han er pedagogisk-psykologisk-rådgjevar og tidlegare medlem i Stavanger kommune sitt skulevegringsteam.


Foreldra viktig brikke

For å få eit barn tilbake på skulen att er foreldra svært viktige som pådrivarar i prosessen, fortel han.

Både foreldre og skule kan ta kontakt med skulevegringsteamet, men skulen kan ikkje gjere det utan samtykke frå foreldra, påpeiker Brunvær.

– For oss er det viktig å gi foreldra mot til å stå i konflikt over lang tid. Foreldra har ei plikt til å få barnet sitt på skulen, og ofte må ein ta i bruk ganske harde verkemiddel. Gjerne ei stengt dør eller eit hus utan internett. Det er nemleg viktig at barnet ikkje skal oppleve det «koseleg» å vere heime. Må barnet vera heime ei tid, skal dagen først og fremst brukast til skulearbeid, understrekar Brunvær.

Han legg til at medan dei som skulkar skulen ofte er på rek, har skulevegrarane sjeldan noko ønske om det. Dei sit helst heime, og har det ugreitt.

– Dei aller fleste har ei kjensle av å vera utskot, dei droppar ut fordi dei av ulike grunnar ikkje maktar å gå dit. Lenger eleven stoppar heime, verre blir det å få han eller henne tilbake i elevrolla, forklarer Tor Brunvær.

Skulevegringsteamet ønsker primært å møta både foreldre og elev samstundes, fordi at alle skal høyra alt som blir snakka om under møta.
 

For oss er det viktig å gi foreldra mot til å stå i konflikt over
lang tid. Foreldra har ei plikt til å få barnet sitt på skulen,
og ofte må ein ta i bruk ganske harde verkemiddel.


Først må ein kartleggja kva som er årsaka til at barnet held seg heime frå skulen. Det er viktig at både foreldre, elev og skule har same forståing av kva som er utfordringa. Og deretter kva som kan vera moglege vegar ut av uføret.


Våg å tru at det går godt 

– Dersom foreldra ikkje har tru på opplegget me skisserer for å få eleven tilbake på skulen, ber me dei gi beskjed med det same. Skal me lukkast, må foreldra vera ærlege på kva dei meiner. Det er også viktig for eleven at både foreldra og me har tru på at dette skal gå bra. Og for å få til det, må alle partar våga å forvente noko av eleven.

Det kan vere kompliserte og ulike årsaker til at eit barn eller ein ungdom ikkje lenger vil gå på skulen. Men somme gonger kan det vera at gym-timane eller mattetimane er den konkrete grunnen.

Dette forklarer Brunvær med at gym og matte er faga som i størst mogleg grad «kler av» elevar som ikkje presterer som forventa.

Andre årsaker kan liggja i at barnet har ein generell angst for å vera avskilt frå foreldra sine. Ein angst for å ikkje bli sett. Denne separasjonsangsten kan gå tilbake frå barnehagealder, forklarer Brunvær.

I andre tilfelle kan det vera ein lærar eller klassemiljøet som kjennest vanskeleg for eleven. Mobbing skaper ofte skulevegring. Foreldre som ikkje støttar og hjelper eleven tilstrekkeleg, kan også føra til at barn og unge ikkje orkar å gå på skulen, fortel Tor Brunvær.


– Vær opne om det

For han og skulevegringsteamet er det eleven si oppleving som først og fremst skal lyttast til. Men for å hjelpa er ein avhengige av eit godt og konstruktivt samarbeid både med foreldre og skule, og helst også medelevar.
 

Det er også viktig for eleven at både foreldra og me
har tru på at dette skal gå bra. Og for å få til det, må
alle partar våga å forvente noko av eleven.


– Vårt råd til foreldra er å vera opne om skulevegringa. Slik kan me få snakka med andre i klassen om «Per Johannes» som har ei litt vanskeleg tid akkurat nå, og som difor trenar styrke for seg sjølv, i staden for å vera med i gymtimane. Og me kan spør guten som bur i nabolaget til Per Johannes om han vil stikka innom og spørja om dei to skal slå følgje til skulen.

Ifølge Brunvær må ein ofte jobba med skulevegraren i månadsvis, så dette krev mykje tolmod også frå omgjevnadane. Det kan dessutan bli ei utfordring å forklare søsken kvifor den eine i søskenflokken ikkje går på skulen ein periode.

– Me prøver å forklare søsken at det å vera heime frå skulen ikkje er lurt, og at dei difor ikkje bør gjera det same, men heller vere gode eksempel for broren eller søstera som slit, forklarer Brunvær.

Kjem ein ikkje i mål med dei hjelpemiddel skule og foreldre rår over, blir av og til barnevernet kopla inn.

Barnevernet har ein annan moglegheit til å gå inn i ein heim enn læraren har, forklarer han.


Foreldra må visa mynde

– Læraren kan også gå heim og spørje om eleven vil komme på skulen i dag. Men barnevernet kan i tillegg rettleie foreldra i korleis dei best skal handtere situasjonen. For mange foreldre kan det i starten kjennast skummelt å involvera barnevernet, me må då forklare dei at barnevernet si oppgåve er å hjelpe.
 

Me må gi foreldra tru på si eiga rolle, myndiggjere dei, og
oppmoda dei til å setje grenser og stå i konflikt med barna sine. 


I somme tilfelle blir også Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk kopla inn.

Tor Brunvær seier dei fleste foreldre er veldig lydhøyre og oppriktig interesserte i å få barnet sitt tilbake på skulen.

– Me må gi foreldra tru på si eiga rolle, myndiggjere dei, og oppmoda dei til å setje grenser og stå i konflikt med barna sine. I tilfelle der foreldra har ulike heimar, oppmodar med mor og far om å bli samde om like husreglar, slik at barnet ikkje opplever ulike praksis.Blant skulevegrarane finn ein barn heile frå første til tiande klasse, og dei kjem frå alle samfunnslag. Flest skulevegrarar oppstår i overgangen frå 3. til 4. klasse, og frå overgangen mellom barneskule til ungdomsskule. Ei årsak til dette er truleg auka arbeidspress, ifølge Brunvær.

I snitt får skulevegringsteamet inn ein ny elev til konsultasjon per veke. I 60 prosent av tilfella lukkast skulvegringsteamet i Stavanger i å tilbakeføra elevane til skulen. I 40 prosent av tilfella går det litt opp og ned, og somme kjem aldri tilbake i vanleg skule.


Sjukemelde foreldre

Brunvær seier at skulevegringstala ikkje har blitt mindre dei ti åra skulevegringsteamet har eksistert. Han fryktar dette heng saman med ei tid det å framstå som vellukka er viktigare enn nokon gong.

Ein del foreldre blir sjukemelde eller må arbeida redusert fordi det å ha ein skulevegrar i hus er svært krevjande.

– Ikkje alle foreldre opplever like stor forståing for dette hjå arbeidsgjevar. Me oppmodar dei om å vere opne om heimesituasjonen, for det kan vera vanskeleg å yta godt på jobb når ein står i vanskelege ting privat. Det beste er at ein av foreldra er i huset når eleven skal gå på skulen, difor er det ein del foreldre som legg om arbeidstida si for å kunna vera til stades på dei mest kritiske tidspunkta, forklarer han.
 

Skulevegring må snakkast
om og løftast fram.


Brunvær seier at arbeidet med å få ein skulevegrar tilbake til skulen krev tett oppfølging både frå foreldra og skulens side. Det er viktig at eleven skjønar at alle involverte partar snakkar saman og vil eleven vel.

I somme tilfelle kan eleven etter å ha sit heime heile dagen ha eit ønske om å vera med på fotballtrening om ettermiddagen.

– Vårt råd til foreldra er å tillata det. Det er viktig å oppretthalda noko normal oppi det unormale.

Han har stor sympati med foreldre som i selskapslivet kan føla seg ganske avkledde når andre fortel om sine barns prestasjonar på skulen. Brunvær rår likevel foreldra til å vera opne om sin eigen kamp. Alt blir verre når det blir teia om, meiner han.

– Skulevegring må snakkast om og løftast fram.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Familiemedlemmet tok opp rundt 5,5 millioner kroner i «Trine» og ektemannens navn. Ekteparet i sekstiårene risikerer nå å måtte selge huset og gå personlig konkurs.
 

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten