Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
10. november 2017

Kvinnelige pårørande gjer mest og meir kan det bli

Framtidas helseomsorg med meir heimebasert omsorg kan lesse endå fleire oppgåver på nesten utslitne kvinnelege pårørande, fryktar leiar i Pårørendealliansen, Anita Vatland.
davidcohen-qghuLqyh3nE-unsplash
Kvinners omfattande pårørandearbeid i alle år har på eit vis skapt ei større forventning i hjelpeapparatet til kva kvinner kan greie, påpeiker ho. Dette viser igjen i kor mykje hjelp den enkelte brukar får.
 

Kvinners omfattande pårørandearbeid
i alle år har på eit vis skapt ei større
forventning i hjelpeapparatet til kva
kvinner kan greie.

 

Menn får mest

Ein studie frå NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) viser at ei eldre hjelpetrengande kvinne med ein heimebuande son, vil få 25 prosent meir offentleg omsorg enn om ho har ei dotter heime.

Sosiolog Janne Paulsen Breimo ved Nord universitet fann ut at forventningane til kvinnene er høgare då ho analyserte doktorgradsarbeidet sitt i eit kjønnsperspektiv.  I avhandlinga skreiv ho om korleis pasientars rehabiliteringsprosessar blir organisert.

Breimo fann ut at mannlege pårørande fekk mykje skryt av helsepersonell om kor flinke dei var å hjelpe til. Fagfolka virka i tillegg overraska over mannens engasjement.

Når det gjaldt kvinner, derimot, skein det gjennom at helsepersonellet venta seg ein god del meir innsats frå dei. Breimo fryktar som Vatland at trenden med å flytta omsorg og rehabilitering ut frå institusjonar og inn i heimen, ikkje vil gjere trøkket mindre på kvinnene.
 

Lite likestilling blant pårørande

Anita Vatland og Pårørendealliansen meiner det må ei haldningsendring til både i samfunnet generelt og blant kvinner spesielt, skal ein få ei meir likestilt arbeidsfordeling mellom mannlege og kvinnelege pårørande.

Fleire undersøkingar viser at overvekta av dei som utfører dei tyngste omsorgsoppgåver som pårørande er kvinner. Mange av desse får også eigne helseproblem på grunn av ekstrabelastningane som pårørande.

– I eit elles meir og meir likestilt land har pårørandearbeidet ein veldig skeiv kjønnsbalanse. Kvifor?
– Eg vel å tru at dette mønsteret vil endra seg når dagens oppveksande jenter får eigne barn og gamle foreldre. Grunnen til at det er slik nå trur eg heng saman med det som skjer når kvinner får barn.

Menn hentar i barnehage og vaskar golv, men den kjenslemessige omsorga er det kvinna som tek ansvar for. Det er ho som syter for at familiemedlemmene har det godt, det er ho som er oppteken av helsa, behova og kjenslene deira, påpeiker forskar og sosiolog Ulla-Britt Lilleaas ved senter for tverrfaglig kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo.
 

Kvinna det sosiale navet

Ho legg til at sidan kvinna straks tek på seg dette, blir det gjerne ikkje rom for mannen på denne arenaen. Dermed trekkjer han seg ut og blir mindre kompetent og får såleis ikkje eit like vake blikk for kva som trengst i den delen av familielivet.

Dette dannar så grobotn for kva som skjer når parets foreldre treng meir hjelp. Då gjentek ofte mønsteret frå kjernefamilien seg, det er kvinna som tek grep og organiserer hjelp og omsorg til eigne foreldre, og gjerne til svigerforeldre også, ifølge Lilleaas.

- Kvinner som har store oppgåver som pårørande er i dag også ofte i jobb. Kombinasjonen av dette kan ofte blir altfor stor. Eg plar seie at kvinner går i konstant kroppsberedskap for andre. Dette er noko dei har lært seg heilt frå dei er små, fortel ho.
 

Kvinner som har store oppgåver som
pårørande er i dag også ofte i jobb.
Kombinasjonen av dette kan ofte blir
altfor stor.


Ulla-Britt Lilleaas seier jenter får ei anna oppdraging i dag. Ho håpar difor framtidige generasjonar vil sleppe mennene til. Lilleaas vel å tru at dei fleste menn ville bidrege meir om dei fekk høve til det, eller måtte det.
 

Kjønn må inn i utdanninga

Forskaren ser heller ikkje bort frå at ein del kvinner har teke monopol på det å gi omsorg og viser til mannlege pårørande som føler deira form for omsorg blir stempla som ikkje «god nok» av andre kvinner. Kvinners omsorgsstandard skremmer også i somme tilfelle menn frå å bli sjukepleiarar, minner ho om.

Lilleaas etterlyser større merksemd på mekanismane rundt kjønn i helse- og sjukepleiarutdanninga. I dag er kjønn og likestilling knapt tema. Dei som jobbar i helsevesenet bør bli meir medvitne på desse relasjonane, meiner ho.

– Så står det att å sjå om dagens jenter vel vekk den klassiske kvinnelege pårøranderolla. Dei er drilla i likestilling og tek utdanning. Det avgjerande punktet er om dei slår kontra når dei får barn. Får ikkje menn vera med å gi omsorg frå starten av, er risikoen stor for at kjønnsubalansen i pårørandearbeidet vil halde seg i framtida, seier Ulla-Britt Lilleaas.


Får ikkje menn vera med å gi omsorg
frå starten av, er risikoen stor for at
kjønnsubalansen i pårørandearbeidet
vil halde seg i framtida.

 

Tidsklemme nummer to

Anita Vatland meiner mange kvinner opplever tidsklemme nummer to i slutten av sitt yrkesaktive liv. På grunn av at folk ofte bur lengre borte frå sine eldre og pleietrengande slektningar meiner ho det er avgjerande at styresmaktene tek grep og får til eit meir pårørandevennleg samfunn.

– Ein har vore flinke til å leggja til rette for småbarnsforeldre i arbeidslivet. Å gjera det same for menneske med pårørandeansvar vil vera god samfunnsøkonomi og treng ikkje kosta noko særs for arbeidsgjevar. Det handlar om kva tid møte startar, det handlar om å få gå fleksitid eller bytta turnus slik at ein til dømes berre jobba kveldar ein periode, seier Vatland.

– Du kan få pleiepengar i ein tidsavgrensa terminalfase, men ein Alzheimer-pasient brukar gjerne åtte år på å døy. Og undersøkingar viser at pårørande ofte arbeider 40 timars veke med omsorgsarbeid dei siste månadane før ein brukar får sjukeheimsplass, framheld ho.

På den andre sida bør helsevesenet ta omsyn til pasienten sin pårørande når undersøkingar og legetimar blir bestilte, slik at kvardagslogistikken blir enklare å planlegge.
 

Ein har vore flinke til å leggja til rette
for småbarnsforeldre i arbeidslivet.
Å gjera det same for menneske med
pårørandeansvar vil vera god
samfunnsøkonomi og treng ikkje
kosta noko særs for arbeidsgjevar.

 

Slepp menn til og lær av dei

Anita Vatland fryktar elles eit samfunn kor pårørande jaktar like desperat på sjukeheimsplassar som foreldre for nokre år sidan jakta barnehageplassar.

Vatland håpar den delte barselpermisjonen vil oppdra neste generasjons søner til å bli endå meir deltakande pårørande. Samstundes meiner ho kvinner må lære seg å tre tilbake og gi mannen rom, og samstundes lære å stille krav til hjelpeapparatet, i staden for å fylle alle hol sjølv.

Det er ikkje noko god reklame for pårøranderolla dersom barn og barnebarn ser mor og bestemor vera heilt på felgen fordi ho har så mange å ta seg av i storfamilien, minner Anita Vatland om.

Pårørendealliansen held dette temaet varmt blant helsefagarbeidarar og hjå Sykepleierforbundet. Pårørendealliansen meiner kommunen og den pårørande bør laga ein avtale over arbeidsfordelinga.
 

Eit pårørandevennleg samfunn

Dette må løftast opp i samfunnsdebatten i ei tid kor heimebasert omsorg er det nye og kommunane i endå større grad treng frivillige og pårørande sin innsats, minner Vatland om.

– Dersom kommunane ikkje yt nok hjelp, vil dei ofte få rekninga på ein annan post då ein arbeidstakar blir sjukemeldt, eksemplifiserer ho. Anita Vatland ønsker ein nasjonal strategi for pårørande og familieomsorg.

– Folk må få hjelp til å kunna hjelpe, understrekar ho.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut