← Gå tilbake

Banner%20-%20Dina%20von%20Heimburg
Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

– Velferdsstaten er vårt felles ansvar

Når ein tulipan heng med hovudet, set du han i midten av buketten, slik at han blir støtta opp av dei friske tulipanane. Slik beskriv Dina von Heimburg ein ny velferdsstat der velferd blir skapt saman av det offentlege og innbyggarane.
– Private nettverk og fellesskap må saman med fagfolka gå saman om å gi folk gode liv og skape ein berekraftig velferdsstat.

Dette er hovudbodskapen til doktorgradsstipendiat Dina von Heimburg ved Nord Universitet.

Ho var ein av føredragshaldarane under årets Pårørendekonferanse i Sandnes 25. og 26. september.


Nye tider krev nye løysingar

Velferdsstaten står føre store utfordringar i tida framover, og ein børe vurdera å rigge han på nytt, påpeiker ho.

Folk blir stadig eldre, og mange lever lenger med kroniske sjukdommar. Psykisk uhelse både hjå pasientar og pårørande tappar samfunnet for mykje, i tillegg er familiestrukturar løyste opp, slik at flokken ikkje finst lenger, og vi blir stadig meir åleine saman. Dei sosiale ulikskapane veks også.

Dina von Heimburg fortel at fleire rapportar frå styresmaktene, mellom desse Folkehelsemeldinga, tek til orde for samskaping mellom det offentlege og sivilsamfunnet som ei løysing.


Viser til helsestasjonane

– Sjå berre kva sanitetskvinnene gjorde etter krigen då dei starta helsestasjonane som seinare blei overtekne av det offentlege. Eg meiner ikkje at det sivile samfunnet skal ta over alt, me treng framleis det offentlege som sikrar at alle får oppfylt rettane sine. Men eit sterkare samarbeid enn nå trur eg er rett veg å gå. Vi må alle vere der for ein annan, seier ho.

Resultata av slik samskaping kan til dømes blir ein kafé kor pårørande kan gå for å få råd og rettleiing. Eller bygging av generasjonshus for å unngå einsemd. Gatelagsfotballen og den snille naboen må løftast fram og få spela ei meir sentral rolle enn nå, er bodskapen hennar.
 

Eit slikt samfunn vil styrka vårt sosiale immunforsvar
gjennom nettverk og sosial støtte. Fellesskap gjer oss
lukkelegare og me tåler kriser betre, og blir sjeldnare sjuke. 


Ho meiner ei utfordring med dagens velferdsstat er at mange av tenestene ikkje snakkar saman. I tillegg må ein skapa eit meir heilskapleg nettverk rundt ein familie som strevar med sjukdom. For å hjelpa den som er sjuk og dei pårørande i denne familien, er det viktig å ikkje berre sjå på nettverket av fagfolk som er inne og hjelper dei. Ein bør også inkludera og spela på det private nettverket familien har, og kor dei lever det meste av livet sitt. Då blir fotballtrenaren og leiaren i burettslaget også viktig, og ikkje berre ruskonsulenten og fastlegen.


– Folk lever i kvardagen

– Det er viktig å endra også språket for å få til ei slik samskaping. Ein brukar kan i ein samskapingsmodell bli medborgar, og rollene kan vera flytande. Ein person kan veksla mellom å vera pårørande og sjuk, å vera den som mottek og den som gir. Kommunen kan definerast som eit sosialt fellesskap meir enn ein offentleg institusjon. Det er viktig å hugsa at helse og trivsel blir skapt der folk lever kvardagsliva sine, seier von Heimburg.

Ho viser til at kommunen i starten var ein byråkratisk autoritet som sikra velferd og ressursar for alle. Så kom det ei bølge på 80-talet kor kommunane blei drifta meir som bedrifter. Dei blei opptekne av styring og nøgde kundar. Ulempa var at mykje blei fragmentert og mange fall mellom fleire stolar.

Dina von Heimburg meiner det er avgjerande å sjå kommunane som lokalsamfunn, som både er ei offisiell eining, men også ein stad full av aktive innbyggarar, som leiarane av kommunen kan gjere noko saman med. Pårørande, vener og familie må få delta på likeverdig basis i denne prosessen. Det held ikkje å sende ut spørjeskjema og oppretta brukarråd, understrekar ho. Pårørande må få vera med i alle ledd, med si innsikt og kunnskap.


Heilskap og ikkje bitar

– Eit slikt samfunn vil styrka vårt sosiale immunforsvar gjennom nettverk og sosial støtte. Fellesskap gjer oss lukkelegare og me tåler kriser betre, og blir sjeldnare sjuke. For ein person som er sjuk kjennest det godt å ha eit meiningsfullt kvardagsliv. Motsett kjennest det lite støttande om tenestene frå det offentlege ikkje er personorienterte, og kanskje også blir opplevde som komplekse, fragmenterte og ukoordinerte.

Doktorgradsstipendiaten meiner samstundes det er viktig å ta vare på kjernefunksjonane til den offisielle velferdsstaten me har i dag, fordi alle pårørande og sjuke ikkje har like gode sosiale nettverk å spele på. Ein må også vera på vakt for å samarbeida så mykje med pårørande at dei blir utslitne.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Veronica Torsdatter Jenssen (39) frå Jørpeland er mor til to sjuke barn. Rolla som mor og pårørande tek til tider dei fleste av døgnets vakne timar.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten