dominik-lange-VUOiQW4OeLI-unsplash%20kopi
Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

Alle snakkar om bompengar, kven snakkar om pårørande?

Pårørendesenteret ønska å finna ut om ordet pårørande er tatt i bruk av partia i valkampen. Er pårørande nevnt i partiprogramma? Kjenner politikarane til Pårørendeveilederen og har kommunen ein pårørandestrategi?
sp%c3%b8rsma%cc%8al-01Me sende eit spørjeskjema til alle listetoppane i seks kommunar i Norge, samt til dei nasjonale partia på Stortinget.


Tre store, tre små

Av dei seks kommunane er tre bykommunar; Trondheim, Tønsberg og Stavanger. Dei andre tre er Suldal og Gjesdal i Rogaland, samt Vågan i Lofoten.

Tre spørsmål stod sentralt i undersøkinga. Sjå eigen tekstboks for å sjå spørsmåla og dei ulike svaralternativa.


Ingen svar frå Vågan

Frå Vågan kommune svara ingen av dei åtte listetoppane på undersøkinga.

Totalt kom det inn 25 svar frå dei 71 politikarane me sende undersøkinga til. I Stavanger svara seks av 13 parti som stiller til val.

I Trondheim svarte fem av totalt 15 parti. I Tønsberg svara tre av ti parti. I Suldal svara fire av sju listetoppar. I Gjesdal fekk me svar frå to av totalt ni. Nasjonalt fekk me svar frå fire av til saman ni parti.

Dei fire stortingspartia som svara var Frp, MDG, AP og Rødt. Både Ap og Frp fekk fem poeng, dei to andre fekk fire poeng.
 
– Då spørsmåla til dels omhandla kjennskap til ulike planar og arbeid, er det rimeleg å anta at svara til stortingsgruppene har dradd scoren opp meir enn det det kommunale partiprogrammet tilseier, webredaktør seier Kristin Lyse.

Ho legg til:
– Dette er vårt første forsøk på ei slik spørjeundersøking, men me vurderer å vidareutvikla dette til stortingsvalet om to år.


Tre fekk nesten full pott

Lyse har elles merka seg at uavhengig av partiprogram, så blei respekt og omsyn til pårørande sett i høgsetet, då alle partia i Alta avlyste vidare valkamp etter helikopterulukka.

For å få høg score i undersøkinga må deltakarane svara mest mogleg «pårørande-venleg» på dei tre spørsmåla.

Partiet må ha ordet pårørande i partiprogrammet, ha lese Pårørendeveilederen og ha vore med og laga kommunens pårørandestrategi for å få full pott.

Tre fekk full score med 6 poeng. Høyre i Gjesdal og i Stavanger var blant dei som gjorde det best. Det same gjorde Arbeiderpartiet i Stavanger.

MDG og Venstre i Stavanger er også opptekne av pårørande og får fem poeng. Det same gjer Rødt i Tønsberg og Senterpartiet i Trondheim. Desse partia oppnådde derimot ikkje like god score i snitt.


Frå topp til botn

Scoren til det same partiet kan variera mykje frå kommune til kommune. MDG i Suldal, til dømes får 0 poeng, medan søsterpartiet i Stavanger, får fem poeng. Like stort sprik er det mellom Arbeiderpartiet i Stavanger som får seks poeng, medan Arbeiderpartiet i Tønsberg får 1 poeng.

Til slutt i undersøkinga blei partia spurte om korleis dei vil vera med og utvikla/vidareutvikla ein levande pårørandestrategi i kommunen?


Vil ha pårørandeombud

Her svara til dømes MDG i Stavanger at dei vil arbeida for at ordninga med Brukarstyrt personleg assistent, (BPA), skal bli utvida, slik at også familiemedlemmer og andre nære kan søke om å bli assistentar og få naudsynt opplæring i regi av kommunen.

Helsepartiet i Trondheim skriv at dei vil arbeide for å få på plass eit eige pårørandeombud.

Krf i Tønsberg skriv: «KrF er opptatt av å løfte de som sliter, både fysisk og psykisk. Takk for denne påminnelsen om også å tenke på de pårørende.»
Rødt i Gjesdal har følgande tilbakemelding: «Det dere spør om er viktig, men Rødt Gjesdal har ingen politikk på dette feltet. Vi er åpen for en dialog videre.»

 
Poengoversikt blant lokalpartia:

  • 6 poeng: Stavanger Ap, Stavanger og Gjesdal Høyre.
  • 5 poeng: Senterpartiet i Trondheim, Tønsberg Rødt, Venstre og MDG i Stavanger.
  • 4 poeng: KrF i Suldal, Helsepartiet i Trondheim, SV i Stavanger.
  • 3 poeng: Venstre og Arbeiderpartiet i Suldal, Rødt i Gjesdal og MDG og Høyre i Trondheim.
  • 2 poeng: Partiet De Kristne i Trondheim og Senterpartiet i Stavanger.
  • 1 poeng: Ap og KrF i Tønsberg.
  • 0 poeng: MDG i Suldal.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


I fjor på denne tida hadde "Hanne" (37), som ynskjer å vere anonym, inga aning om kva skjebnen hadde i bakhand for henne. Ho, ektemannen, og døtrene på ni og tretten levde travle, men svært så normale og gode liv.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten