Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
01. oktober 2019

Asker kommune blir stadig betre på pårørande

Kommunen blei i fjor kåra til Årets Pårørendekommune. Under Pårørendekonferansen fortalde prosjektleiar Vibeke Rochmann kva Asker har gjort sidan sist, for å bli ein endå betre stad for pårørande å få hjelp.
Vibecke%20Rochmann%20banner
Det var i 2017 Asker kommune sette i gong prosjektet «Styrket pårørendestøtte» som skal gå fram til neste år. Målet med prosjektet er å kunna tilby eit heilskapeleg tilbod til pårørande med krevjande omsorgsoppgåver. Prosjektet involverer både barn og vaksne, uavhengig av diagnose.


Prisen gav oss inspirasjon

Midt i dette prosjektet fekk dei pris, og denne vart til ekstra inspirasjon, fortel Vibeke Rochmann.

Ein viktig del av prosjektet er å opplysa både pårørande og kommunalt tilsette om kva tilbod som faktisk fint, på ein synleg og lettfatteleg måte.
Rochmann fortel at tilsette visste  for lite om pårørandearbeid, og var usikre på definisjonen av omgrepet pårørandearbeid. Korleis ein skulle møta og legga til rette for pårørande var også lite synleg i kommunen sine rutinar.

Første skritt var å samla alle pårørandetilbod på nettsida til kommunen. Her er tilboda delte inn i grupper, alt etter om det dreier seg om tilbod rekna mot barn, vaksne eller etterletne. For Asker var det viktig å laga ei felles dør inn for pårørande. Innbyggarane har tatt godt i mot nettsida, ifølge Rochmann.


Laga verktykasse

Del to av prosjektet var å auka kompetansen hjå dei tilsette. Som ein del av dette ga Asker ut ei handbok om rutinar for korleis ein arbeider med pårørande. I boka står det mellom anna eksempel på korleis ein kan gå fram med barn som pårørande. Det blir også gitt døme på korleis ein kan samarbeida med og støtta pårørande.

Ein har også arrangert E-læringskurs og pårørande har vore tema i ei kompetansekartlegging blant tilsette. Pårørande er tema i alle kurs kor det er relevant.

Dessutan har kommunen laga til to inspirasjonsdagar med dyktige føredragshaldarar. Slike arrangement er viktige også med tanke på å lære av ein annan på tvers av einingar. Tilsette med turnus som ikkje fekk høve til å delta på Inspirasjonsdagane har fått eigne fagdagar, fortel Vibeke Rochmann.


Fastlegane må med

– Vi har også snakka mykje med fastlegane, fordi vi gjennom dei kan nå mange pårørande, seier Rochmann.

Kommunen har også eigen pårørandeansvarleg.

I midten av september laga Asker bibliotek til ei eiga Pårørandeveke. Noko som blei godt tatt i mot blant innbyggarane, fortel Rochmann.
Framover er det viktig at me ikkje at me held fram arbeidet med pårørande også etter prosjektet er slutt i 2020, understrekar ho.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut