hans petter aass foto jarle aasland kopi

- Nesten alle journalistar viser folkeskikk i møte med pårørande

Journalist Hans Petter Aass har i sitt lange journalistliv møtt mange pårørande i krise når han har dekka store krimsaker og ulukker.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Foto: Jarle Aasland

– Folkeskikk er viktig. Du skal ikkje trenge deg på. Ta alltid eit nei for eit nei. Pårørande har inga plikt til å snakka med journalistar og det må me respektera. Ønsker eg å få snakka med pårørande, tek eg sjeldan direkte kontakt, eg let spørsmålet gå gjennom eit mellomledd, anten eit anna familiemedlem eller ein bistandsadvokat, fortel journalisten som har lang fartstid frå VG.

No jobbar han i Stavanger Aftenblad, og har i det siste vore med og skrive om drapet på Maren Ueland og hennar danske venninne medan dei var på ferie i Marokko i desember i fjor.


Journalisten betre enn ryktet

Hans Petter Aass viser til at pressa har klare retningslinjer for korleis ein skal te seg i møte med pårørande.
Vær Varsam-plakaten seier at me skal visa særleg omsyn mot menneske i sjokk og sorg.
 

Samtidig som du samlar informasjon kjem du ofte
veldig tett på menneske i slike dramatiske saker.


– Medan ein del pårørande ønsker å vera heilt i fred etter ei dramatisk hending, er det også ganske mange som ønsker å snakka med journalistar. Dei har då ofte behov for å uttrykka sorg eller takksemd offentleg, fortel han.

Omkvedet om journalistar som lurer i buskane og går over lik for å få intervjua folk i tragiske omstende, meiner Aass bestemt er ein myte.

Folk som ikkje gjer jobben sin på ein god måte finst i alle yrkesgrupper, men Hans Petter Aass hevdar at dei aller fleste pårørande møter journalistar som oppfører seg respektfullt.

– Det er heller ikkje alt som pårørande seier til oss som blir publisert. Mange opplysingar går berre inn i bakgrunnsinformasjonen som journalisten hentar inn. Samtidig som du samlar informasjon kjem du ofte veldig tett på menneske i slike dramatiske saker. Eg veit frå eiga erfaring at pårørande har sett pris på å ha meg som ein samtalepartnar i ei krevjande tid.


Får sjå heile saka

Pårørande bør be om å få sine eigne sitat opplesne for å unngå misforståingar. Aass let ofte pårørande i alvorlege saker få sjå heile saka, slik at dei veit i kva samanheng det dei seier blir brukt.

Aass har aldri opplevd at han må droppa eit intervju fordi intervjuobjektet er i ein slik psykisk tilstand at vedkomande må beskyttast mot seg sjølv.

– Men ved eit høve avslutta eg eit intervju, fordi det viste seg at mannen me snakka med ikkje hadde avklart dette med ektefellen, som sette seg i mot. Då valde eg å droppa heile saka, i respekt for dei andre pårørande, fortel han.
 

Ingen ønsker å leggja stein til
børa til dei nærståande.


Hans råd til pårørande som står oppe i dramatiske hendingar er å skaffa seg ein mellommann, for Aass ser at det kan kjennast skummelt å brått bli gjenstand for så mykje mediemerksemd.
 

Kø av journalistar

– Viss du opnar døra for ein journalist, kjem det fort fleire. Då kan interessa nok opplevast som mas, for pårørande i slike saker hamnar i ei ufrivillig kjendisrolle, erkjenner Hans Petter Aass.

Aass påpeiker at media har eit samfunnsansvar til å informere ved drap og andre dramatiske hendingar. Journalistar har eit tungt ansvar i å ikkje røpe kjeldene sine, men samstundes må journalisten kjenna ansvar for kva informasjon han eller ho publiserer, med tanke på dei pårørande, påpeiker han.

– Mitt inntrykk er at dei fleste journalistar tenkjer mykje på dette. Ingen ønsker å leggja stein til børa til dei nærståande.

Aass har ikkje møtt så mange sinte pårørande, men somme har vore frustrerte og følt at media har vore ubalanserte i dekninga.

Journalisten minner om at det finst pårørande både rundt offer og gjerningsperson. Til tider kan forhalda mellom desse to gruppene bli svært betent, noko journalisten også må ta omsyn til.
 

 

Sjangeren er viktig for å kunna sette søkelys på og gå i djupna
av kriminelle miljø, samfunnsutvikling og uoppklarte drap. 


Sinne i lokalsamfunnet

Sjølv om det er langt mellom sinte pårørande, har Hans Petter Aass fleire gonger opplevd aggresjon i lokalsamfunn han har besøkt i samband med alvorlege saker.

– Sinnet over det som har skjedd blir i slike tilfelle tatt ut på han med blokka og ho med kameraet. Folk skjønar jo kva folka i dei gule vestane gjer, hjelparane og politiet, men kva gjer pressefolka? Skal dei smi mens liket er varmt? Då kan folk oppføra seg aggressivt og avvisande mot journalistar, fortel han.

Hans Petter Aass seier det er stor konkurranse mellom ulike media om å komma først ut med siste nytt.

– Den konkurransen er ikkje blitt mindre med åra, men for meg er det viktig at kampen om å vera først, aldri endrar måten eg oppfører meg mot pårørande på, understrekar han.


True Crime er viktig

Aass har skrive fleire bøker i True Crime-sjangeren, mellom anna om Nokas-ranet og om marinejegeren og etterretningsoffiseren Trond Bolle, og hans innsats under operasjonar på Balkan og i Afghanistan. Han har medverka i TV2 sin dokumentar om drapet på Birgitte Tengs.

Journalisten meiner True Crime er ein sjanger som kan forsvarast, sjølv om han til tider nok kan kjennast belastande for pårørande.

– Sjangeren er viktig for å kunna sette søkelys på og gå i djupna av kriminelle miljø, samfunnsutvikling og uoppklarte drap. Fleire pårørande set også pris på at saker blir tatt opp i full breidde og stiller seg positive til å delta i slike bøker og program.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Eit yrke her i landet har utelukkande pårørande som målgruppe. Gravferdskonsulentane eller bedemennene som dei også blir kalla.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet