img 3787

– Pårørandekonferansen er komen for å bli

Rundt 100 deltakarar frå heile landet fekk denne veka fagleg påfyll under årets Pårørandekonferanse i Sandnes. Og fleire konferansar skal det bli, lovar Unn Birkeland, dagleg leiar ved Pårørendesenteret i Stavanger.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
Pårørandekonferansen 2018 hadde som mål å knyta saman forsking, fag og erfaring. Den blei opna av ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.

– Å vera pårørande handlar om å bry seg om kvarandre. Å bry seg er ein berebjelke både i familien, vennekretsen og samfunnet, sa Wirak i opningstalen.

Pårørendesenteret, i samarbeid med VID vitenskapelige høgskole, Sanden Media, Fylkesmannen i Rogaland og Pårørendealliansen kunne tilby eit variert program i løpet av dei to dagane konferansen varte. Barn som pårørande og pårørande i eit fleirkulturelt perspektiv var noko av det som blei belyst.


Pårørande blir tappa

Under konferansen blei det kåring av Årets Pårørandekommune. Prisen gjekk i år til Asker kommune, og blei delt ut av Helse-og omsorgsminister Bent Høie. Før utdelinga heldt han ein tale kor han varsla at arbeidet med regjeringas nasjonale pårørandestrategi vil ta til etter jul.


– Å vera pårørande gir deg enorme krefter, men tappar deg også. For mange blir det mest tapping i lengden. Pårørande er ein ressurs for den sjuke, og for helsetenesta og samfunnet og er ein fornybar ressurs. Dei må difor forvaltast med klokskap og ikkje bli drivne rovdrift på, sa minister Høie.

Planen er å gjera utdelinga av prisen til Årets Pårørandekommune til eit fast innslag. Ifølge Unn Birkeland stimulerer ein slik pris til gode tiltak, god medverknad og godt samarbeid mellom det offentlege, private og dei frivillige i kommunane.


Eg kan sjukemelde meg frå jobben, men
eg kan ikkje sjukemelde meg som pårørande.

– Anita Vatland, Pårørendeallianse


Lovar styrkar pårørande

Det faglege aspektet blei mellom anna ivareteke av professor emerita Alice Kjellevold frå Universitetet i Stavanger.


Kjellevold gjekk gjennom kva som er nytt i pårørandelovgivinga. Ho nemnde då spesielt lovendringa frå 1. oktober i fjor som har gitt kommunane plikt til å gi opplæring, avlastning og omsorgsstønad til pårørande med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vidare trekte ho fram lovendringa som likestiller barn som pårørande til søsken og ikkje berre til foreldre. Ei likestilling mellom pasient og brukar i lovverket blei også poengtert. Denne endringa vil gi pårørande til brukarar tilnærma same rettar som pårørande til pasientar, ifølge Alice Kjellevold.


Sjekkliste for forbetring

Blant dei som deltok frå forskingsfeltet var dosent i sjukepleievitskap Anne Norheim frå Universitetet i Stavanger. Ho gjekk gjennom funn og erfaringar frå forsøket med å laga ei sjekkliste for pårørande til bruk i helsevesenet.

Bakgrunnen for studien med sjekklista er at forsking viser at mange pårørande opplever å få lite støtte når nokon blir sjuke, og brukar mykje krefter for å finna ut av systema. Oppfølginga som blir gitt er i tillegg ofte mangelfull og motstridande, fortalde Norheim.

– Ønsket vår med sjekklista er at ho kan gjera pårørandearbeidet meir systemforankra, planlagt og føreseieleg. I dag er arbeidet i for stor grad personavhengig og tilfeldig, seier ho.

Anne Norheims ønske er at sjekklista skal sikra skreddarsydd og personsentrert omsorg både til pasient og pårørande.


Pårørandeundersøkinga 2017

Anita Vatland, styreleiar i Pårørendealliansen gjekk gjennom funna i fjorårets pårørandeundersøking, som er den andre alliansen har utført.

Funna frå desse undersøkingane viser at det ennå er mykje som står att før pårørande blir skikkeleg ivaretekne.
Heie 45 prosent av dei pårørande svarte at dei aldri har fått hjelp. 40 prosent svarte at dei måtte finna hjelpa sjølv, fortel Vatland.

– Berre det å bli spurt korleis ein har det, det er utruleg viktig for pårørande. Det er vår undersøking eit døme på. Heile ti tusen kommentarar er lagt inn i undersøkinga. Det dei fleste ønsker er hjelp frå fagfolk og å kunna møta andre pårørande, fortel Vatland.

68 prosent av landets pårørande er i yrkesaktiv alder. Norheim ser difor fram til at regjeringa får meisla ut sin varsla pårørandestrategi som ho mellom anna vonar vil enda opp i eit meir pårørandevennleg arbeidsliv.


Små barn forstår ikkje at mor er i trygge hender når
ambulansen kjem. Det som er sjølvsagt for oss, er ikkje
sjølvsagt for barn, dei må difor få forklart kva som vil skje.

– Psykiater Anne Kristine Bergem

– Ein slik strategi vil gripa inn i fleire departement, fordi det handlar om både likestilling, arbeidsliv, helsesektoren og kommunane, påpeiker ho.


Hol i badekaret

Anita Vatland seier grep må takast fordi sjukemeldingsprosenten er skyhøg blant pårørande samanlikna med andre arbeidstakarar. Og pårøranderolla får særleg kvinner til å gå ned i stilling eller slutt i jobb. Ho etterlyser ein livsfasepolitikk og eit arbeidsliv som tek i bruk kreative løysingar for å hindre at pårørande ikkje har krefter til å stå i jobb.

– Her er eit hol i badekaret som må tettast, minner ho om.

Vatland viser til at for mange av dei pårørande er jobben ein viktig fristad som det er sårt å måtta gi slepp på. Men ofte trumfar pårørandeoppgåvene til slutt jobben.

For som ei sa det: «Eg kan sjukemelde meg frå jobben, men eg kan ikkje sjukemelde meg som pårørande.»
Men undersøkinga viser også at pårørandeansvar påverkar helsa negativt for 63 prosent av dei pårørande. Mange slit med stress, uro, svevnvanskar.

Ei tredje undersøking vil bli starta i slutten av året. Når resultata av den tredje undersøkinga er klar vil Pårørendealliansen sjå om dei finn nokre trendar i undersøkingane. Verkar lovendringane og dei politiske verkemiddela?

– Håpet er at den tredje undersøkinga vil visa at pårørande melder om betre eigenhelse og mindre sjukefråvær, seier Anita Vatland.

Barn tåler mykje, men å ikkje
bli sett, skaper sår.

– Jon Aarsland, dagleg leiar ved Sør- Rogaland Familievernkontor


Meir helse og mindre fråvær

Erfaringsdelen stod blant anna Linda Øie for gjennom showet «Open dag på lukket avdeling». I framsyninga fortalde Øie om eigne opplevingar med psykisk sjukdom og innlegging på Dale psykiatriske sjukehus. Ho fortalde at ho har vore like mange år på psykiatrisk institusjon som ho har gått på skule, etter ei kunstpause påpeikte ho at ho kun har fullført ungdomsskulen.

Øie kunne fortelja om lamslegne og skremde pårørande då ho første gong hamna på Dale (red.anm. eit nå nedlagt lokalt psykiatrisk sjukehus). Som ho sjølv hadde også hennar næraste eit feilaktig inntrykk av korleis det var på lukka avdeling.

Til tross for ein lang periode med psykisk sjukdom har ho sagt frå seg uføretrygda og starta eit sosialt entreprenørskap kalla «Frå offer til kriger». Nå arbeider ho for å avmystifisera psykisk sjukdom og setja mot i andre som har vore til tilsvarande situasjon som henne.

– Den største helserisikoen for oss alle er fasadane me lagar oss, understreka ho.


Stor suksess

Unn Birkeland og dei andre ved Senteret vil straks gå i gong med å planleggja ei ny samling tufta på dei same tema neste år. Og då er målet dobbelt så mange deltakarar.


Ønsket vårt er å få Pårørandekonferansen
til å bli ei årviss hending.

– Unn Birkeland, daglig leder på Pårørendesenteret

Unn viser til at årets konferanse blei ein stor suksess med deltakarar frå alle landsdelar og føredragshaldarar frå både Sverige, Danmark og Norge som snakka om forsking, fag og erfaring.

– Me har nå eit godt og trygt etablert samarbeid mellom aktørar som saman kan få dette til med eigne krefter, seier ho og legg til at samarbeidet med Hotel Residence har vore eineståande.

– Eg vil berre takka alle som har bidratt og alle som deltok. Eg håpar me ses igjen neste år. Me gler oss allereie! avsluttar ho.



Fem om konferansen:


bente gro m sletteb%c3%b8 (1) kopiBente Gro M. Slettebø
politikar frå Bjerkreim

– Konferansen har vore ei fin blanding av verkelege historier og forsking som viser meg at pårørande er blitt meir synlege. Eg sit i levekårsutvalet i kommunen og vil ta med meg innspel eg har fått på konferansen hit. Eg la spesielt merke til at systematisering av pårørandearbeid er viktig.


bjarne lemvikBjarne Lemvik
rådgjevar ved Jæren distriktspsykiatriske senter

– Eg er imponert over dei stega Pårørendesenteret har tatt. Senteret har klart å laga ein konferanse med høgt nivå og ei flott veksling mellom filmar og føredrag, og så har det vore mykje galgenhumor.


ester pedersenEster Pedersen
psykiatrisk sjukepleiar, Time kommune

– For meg har det vore spesielt interessant å høyre føredraga som er baserte på eigne erfaringar. Det gjer med audmjuk og inspirert. Å gå på konferansen har hjelpt meg å få oversikt. Eg har fått tips her, til dømes om sjekklista for pårørande, som eg vil ta med meg inn i min eigen jobb.


oddmund holgersenOddmund Holgersen
Leve – Landsforeningen for etterlatte ved selvmord i Rogaland

– Eg blei inspirert av modellen med å ha nettverksmøte med fleire pårørande samstundes. Dette er ein modell eg kan tenkja meg å prøva ut i mitt arbeid som likemann i LEVE.


hege aase andreassenHege Aase Andreassen
leiar på avdeling for vold og sedelighet, Sandnes politistasjon

– For meg var den andre dagen av konferansen absolutt best med tanke på mitt arbeid. Det var nyttig å få eit innblikk i kva kommunen og helsevesenet gjer og å få eit innblikk i fleirkulturelle pårørande. Også i politiet kan me bli flinkare til å sjå pårørande, spesielt barn.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Etter Tina Jørgensen forsvann og deretter blei funne drepen hausten 2000 gjekk det fleire månadar før nokon i hjelpeapparatet tok kontakt med familien, fortel Torunn Austdal Rasmussen.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet