ingvard wilhelmsen (2)

- Trur du at du er sjuk nå igjen???

Korleis er det å vera pårørande til ein innbilt sjuk? Å gå rundt og trøysta ein du veit er sprettande frisk, men som sjølv er overtydd om at han eller ho har langt framskriden kreft og at livet snart er over.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
- Helseangst er ikkje nett limet i eit forhold, seier psykiater Ingvard Wilhelmsen med eit lunt glimt i auget. Pårørendesenteret møter han i Suldal kor han har halde føredrag for tilsette i kommunen.

- Det er sjeldan hypokonder-delen nokon fell for når dei vel make, seier han og smiler. Wilhelmsen er psykiater med hypokondri som spesialfelt. Dei seinare åra er han på folkemunne blitt kjent som hypokonderlegen, fordi han kvar veke tek i mot pasientar til behandling på landets einaste Hypokonderklinikk i Bergen.
 

Pårørande i terapirommet

Psykiateren ønsker alltid dei pårørande inn i behandlingsrommet dersom dei er med pasienten.

- Eg trur mange tykkjer det er nyttig å observera korleis eg snakkar med hypokonderen. Ofte stiller eg tøffe spørsmål. Somme pårørande kan nok bli litt forskrekka over måten eg snakkar med pasientane på. Vågar du verkeleg seie det til henne? Det kunne ikkje eg ha sagt utan at ho hadde blitt sint, er gjerne omkvedet.

Ingvard Wilhelmsen legg til at det for han som terapeut naturlegvis er enklare å stilla dei konfronterande spørsmåla enn for ein pårørande, fordi relasjonen mellom pasient og ein nærståande er meir uoversiktleg. Men har den pårørande høyrt legen stilla eit spørsmål, gir det vedkomande ryggdekning til å spørja om det same ved eit anna høve.

Legen minner om at det er mykje lettare å vera empatisk enn konfronterande. Likevel er Wilhelmsen overtydd om at for mykje empati ikkje gagnar den sjuke, eller i dette tilfelle; den innbilt sjuke.

Tvert om, kan lidinga berre bli forsterka av for mykje forståing, påpeiker han. For Wilhelmsen er det viktig å snakke sant til pasienten utan at han av den grunn er stygg. Å bli stilt til veggs, har hjelpt mange til å få livet tilbake på rett spor, viser han til.
 

Kan det vera kreft, trur du?

Det Wilhelmsen derimot har forståing for, er at pårørande til ein hypokonder kan bli både irriterte, oppgitte - og veldig, veldig trøytte.

Av stadige spørsmål av typen: -«Kom og sjå på den raude flekken eg har fått på armen. Trur du det er kreft??? Eg kjenner meg litt nomen, trur du det er ALS???»

- Så prøver den pårørande å forsikre om at det nok heilt sikkert ikkje er noko farleg, men det kan jo ikkje hypokonderen slå seg til ro med, for den pårørande er jo berre ein amatør, innvender Wilhelmsen.

Dermed har ein det gåande og den innbilt sjuke oppsøker høgst sannsynlegvis ein lege. Vanlegvis fører også ei friskmelding frå legen berre til ei forbigåande ro. For ein hypokonder krev heile tida å få stadfesta at han eller ho ikkje er alvorleg sjuk.
 

Trøyttande greier

Etter ei tid sluttar ofte hypokonderen å spørja ektefellen om ulike symptom, fordi han ser at det så lett blir konflikt av det. Likevel blir ikkje livet så mykje betre for nokon av partane av den grunn.

Mange innbilt sjuke trekkjer seg tilbake, går og grublar og kjenner etter i det stille. Sit ofte på soverommet og sjekkar kroppen, vågar ikkje dusja med lyset på av frykt for kva dei vil kunna finna av sjukdomsteikn rundt om kring.

Dette er veldig slitsamt også for den pårørande, som kanskje spør: "Er du inne i dette nå igjen?" Og hypokonderen må erkjenna at «ja, eg er nok det.»

Å leva tett på ein hypokonder kan vera slitsamt sjølv om vedkommande sluttar og mase, framheld psykiateren. Ein hypokonder blir veldig sjølvoppteken og brukar ikkje berre tid til å grubla over eiga helse, men også ofte mykje pengar på å kjøpa seg fram i behandlingskøar. 

– Somme trur nok at å vera innbilt sjuk er eit rop om merksemd, men sanninga er at desse menneska ikkje er ute etter sekundærgevinst, dei er ekte livredde for å døy unødvendig tidlig.

Sjekkar pulsen heile tida

- Det kan også vera ulideleg irriterande å gå tur med ein mann som heile tida må sjekka pulsen for å finne ut om eit hjarteinfarkt er under oppsigling, viser Wilhelmsen til.

Eg spurde ein gong ei kvinne eg hadde til behandling; kva om du brukte alle dei kreftene som du nå brukar på helseangsten din på å gjera noko bra for ektefellen din? Han ville då kjent seg som verdas mest elska mann. Det er sjeldan slik at ektefellen ikkje vil ha henne om ho blei frisk.

Ingvard Wilhelmsen seier hypokondri ofte går ut over sexlivet. Underlivet blir ein mogleg åstad for kreft. Det same gjer brysta, og skal mannen få ta på staden der sjukdommen sit, kan ein kvinneleg hypokonder spørja.

Dei pårørande til hypokondrar har det slitsamt, men Wilhelmsen meiner det er endå verre å vere pårørande til demente og til folk med rusproblem.

- Hypokondrar flest greier å fungera slik nokolunde i kvardagen og dei fleste går på arbeid, noko som ofte distraherer dei frå helseangsten ei stund. Somme trur nok at å vera innbilt sjuk er eit rop om merksemd, men sanninga er at desse menneska ikkje er ute etter sekundærgevinst, dei er ekte livredde for å døy unødvendig tidlig, fortel han.

Hans råd til pårørande er å prøve og konfrontere hypokonderen med det han har sagt før, eller generalisere litt, for å ikkje verke så provoserande. Spør gjerne den innbilt sjuke om kva han trur ei vanleg kvinne eller mann i Norge ville gjort. Ville dei gått til lege med flekken, eller sett det heile litt an?

- Ein kan også spørje den innbilt sjuke om kor ofte vedkommande har hatt rett i at han har vore sjuk dei siste åra? Viss treffprosenten viser seg å vera null, er det god grunn til å stille kritiske spørsmål, seier Ingvard Wilhelmsen.
 

Våg å setja grenser

Slik han rår pasientar til å ta ansvar i eige liv, minner han pårørande om at dei også må ta grep om eige liv og setje grenser, slik at den dei er pårørande til ikkje får slita dei heilt ut.

Generelt meiner han alle pårørande bør vera meir kritiske og konfronterande. Ellers kan ein brenna ut og få det som på fagspråket blir kalla compassion fatigue, eller bli trøytt av omsorg og medkjensle.

- Då går omsorg over til kynisme. Det kan ofte skje med pårørande til demente som i starten av sjukdommen lovar den dei elskar at han eller ho skal få bu heime til dei døyr. Problemet er berre at vedkommande ikkje døyr.

I mellomtida blir den pårørande så grenselaust sliten at han vurderer å gjere ende på slitet med ei pute. Før pårørande ender opp der, må dei ta i mot hjelp, og læra seg å stola på andre, seier han.
ingvard wilhelmsen (1)

Blei pårørande sjølv

Privat har Ingvard Wilhelmsen også kjent på pårørande-rolla. Søster hans døde for ikkje så lenge sidan etter å ha vore sjuk i eit år.

- Eg og brørne mine reiste ofte på besøk til henne den siste tida. Perioden ho var sjuk sveiste oss endå betre saman som familie, slik sett førte det vonde noko godt med seg. Som pårørande til søster mi la eg bort legerolla, eg ville ikkje blande meg borti behandlinga. Eg ville berre vere bror.

Elles mista eg bestevennen min brått i vår. Sorga etter desse eg har mista kjem og går i bølger. For meg er det viktig å prøva og leva som eg lærer; det betyr at eg prøver å ha eit godt liv og ikkje dyrka sorg og vanskelege kjensler, avsluttar han.

- For meg er det viktig å prøva og leva som eg lærer; det betyr at eg prøver å ha eit godt liv og ikkje dyrka sorg og vanskelege kjensler.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


For 19 år sidan blei Andreas Wiese og Line Lindsetmo foreldre til Frida og det meste blei annleis.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet