wasim zahid

For meg er pårørande utelukkande ein ressurs

​Lege Wasim Zahid er svært opptatt av dei pårørande til pasientane sine.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
Pasienten er viktigast, deretter kjem dei pårørande. For meg er denne gruppa utelukkande ein ressurs, nokon som spelar på lag med helsepersonellet til pasientens beste, seier Zahid som er lege ved Oslo Universitetssykehus.

Gjer kommunikasjonen lettare
For han er pårørande med å trygge pasienten, og aukar sjansen for at informasjonen han har gitt er forstått på rette måten.
Wasim Zahid er for ung til å ha minne om pårørande som behandla legen som ein gud og knapt våga opna munnen i møte med denne yrkesgruppa.

I sine 15 år som lege har Wasim Zahid alltid hatt som vane å følgja dei pårørande tett, men ein ting har endra seg:

Nettet har gjort at dei pårørande er meir førebudde og informerte om pasientens helsetilstand før konsultasjonen.

Det er nesten berre positivt, sjølv om det hender eg må bruka litt tid på å avkrefte feilinformasjon, men veldig ofte er dei pårørande inne på rett spor i det dei har funne ut på nettet.

Eg føler likevel at dei har respekt for meg som lege og fagperson, og eg oppfattar dei ikkje som kravstore og forstyrrande. Skulle ein pårørande vere veldig standhaftig i sine synspunkt, tolkar eg det som eit sterkt ønske om å gjere det beste for pasienten ved å prøve å vere til hjelp.

Dersom ein pårørande kverulerer botnar det ofte i uro og angst for pasienten.

Mi erfaring er at det meste løyser seg med ein god samtale, påpeiker Zahid.

Ei hand og eit blikk
Han oppfordrar ofte pasientane sine til å ha med ein pårørande til samtale, spesielt i situasjonar der han har vanskelege og alvorlege beskjedar å komme med, og kor trongen for emosjonell støtte er ekstra stor. Då kan det vere godt å ha ei hand å halde i og eit kjent ansikt å kikke på, framheld han.


For Zahid er pårørande ein medhjelpar som ofte lettar og sikrar kommunikasjonen med pasienten, som ofte er nervøs og kanskje også svekka.

Legen legg stor vekt på å informere pasientar og pårørande grundig, så han tek seg alltid god tid, teiknar og forklarer. Han bruker mest mogleg enkle ord og styrer unna vanskelege faguttrykk for å unngå misforståingar.
Av den grunn ønsker eg også at pasienten ikkje har for mange pårørande som kan få informasjon. Det beste er å ha berre eit par. Også av omsyn til teieplikta bør talet på pårørande vera avgrensa, og det er pasienten sjølv som bestemmer kva informasjon eg som lege kan formidla til desse, seier han.

Avgrens informasjonen
Zahid fortel at pårørande som ringer kan vera utfordrande med tanke på teieplikta.
Dersom ei gamal dame er innlagt på sjukehuset kan det godt hende at søstera til dama ringer for å høyre korleis det går. Men då eg som lege møtte kvinna var dottera der som pårørande. For å unngå forvirring og usikkerheit plar eg alltid seie til pasienten at informasjonen bør gå til berre ein eller to pårørande. Det har jo også hendt at andre pårørande har prøvd å «lure» ut informasjon om ein pasient, men dei aller fleste er ærlege og greie, understrekar Wasim Zahid. 

Ei anna utfordring er pasientar og pårørande frå andre land.
Ei ung jente som snakkar dårleg norsk og har med seg ein eldre bror som også snakkar dårleg norsk, kan vera svært utfordrande. For det første er det viktig å ha eit nyansert språk når symptom skal skildrast. Er smerta stikkande, sviande eller bankande. Dessutan blir det vanskeleg å snakka om intime tema i ein slik situasjon. Det er då ofte nødvendig å ha med ein profesjonell tolk i tillegg til den pårørande, forklarer lege Zahid.

Opptrer pårørande frå ulike kulturar ulikt?
Pårørande kjem frå alle verdas land og det er umogleg å seie noko veldig generelt om dei, men mitt inntrykk er at dei som kjem frå Austen har meir respekt og er mindre krevjande enn pårørande frå vestlege land. Når det er sagt, oppfører ein norsk -pakistanar som har budd i Norge i 40 år seg nokså likt som ein innfødd nordmann, poengterer han.

Pårørande er eit viktig tema i legestudiet
Sjølv er han glad for at pårørande er ei gruppe som får stadig meir merksemd. Også i legestudiet er pårørande eit viktig tema. Han er glad for at det er lenge sidan dei pårørande måtte gå ut av rommet når ein pasient skulle undersøkast.

Pårørande er eit verdfullt supplement for meg som lege, for ein ektefelle kan ha lagt merke til viktige symptom ved pasienten eg skal behandla.


Krevjande å vera lege og pårørande
Sjølv har Wasim Zahid ikkje opplevd pårøranderolla i nokon stor grad.
Heldigvis, må eg seie. Ein lege blir ikkje ein heilt vanleg pårørande. For det første har me meir kunnskap om sjukdom, i tillegg vil me nok fort komma opp i eit dilemma der det å stå opp for pasienten vil kjennast som å forstyrra eller blanda seg opp i ein kollega sitt arbeid, seier Wasim Zahid.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


For 19 år sidan blei Andreas Wiese og Line Lindsetmo foreldre til Frida og det meste blei annleis.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet