alice-kjellevold

Kommunane får skjerpa krav til å støtte pårørande

Første oktober i år trer den nye lova om pårørandestøtte i kraft. Professor Alice Kjellevold gir her ei kort innføring i kva lova betyr, kva ho manglar og kva ho er uklar på.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
Heile føredraget hennar om lova kan du høyre under konferansen Pårørendesamarbeid og pårørendestøtte i kommuner og helseforetak på Gardermoen 14. november. 

Rikt konferanseprogram
Under den to dagar lange pårørandekonferansen (som startar 13.november) vil ei rekke kjende fagfolk snakka om korleis ein får visjonar til å bli røyndom, og det bli vist til praktiske eksempel på godt pårørandearbeid. Årets pårørandekommune vil også bli kåra under arrangementet.

Professor Alice Kjellevold har sett seg godt inn i den nye lova som vil gi kommunane eit meir forpliktande ansvar overfor pårørande. (Se lovdata her.)

I lova som professor Kjellevold skal snakke om står det at til pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid skal kommunane tilby naudsynt pårørandestøtte, mellom anna i form av opplæring og rettleiing, avlastningstiltak og omsorgsstønad.

Den nye lova er eit viktig skritt i å tydeleggjera kommunane sitt ansvar overfor pårørande, men kva betyr lova i praksis? Kven gjeld ho?

Ho meiner det er nyttig å reflektera over og problematisera enkelte deler av lova.

Kva med dei andre?
Kva betyr det å ha særleg tyngande omsorgsarbeid, spør Alice Kjellevold. Kjellevold reknar med at det er pårørande som har så tunge omsorgsoppgåver at kommunane ville ha måtte overta ansvaret for pasienten om den pårørande ikkje  hadde vore der.

Det er vel og bra at kommunane får tydeleggjort plikta dei har overfor desse, men kva med pårørande med mindre tyngande omsorgsoppgåver?

Pårørande til menneske med rusproblem eller psykiske problem? Lova inneheld ingenting om dei, sjølv om også desse kan ha enorme psykiske belastningar. Desse vil også kunna trenga råd, støtte og rettleiing, innvender Alice Kjellevold, som meiner definisjonen av målgruppa må diskuterast.

Pass på den pårørande
For det andre meiner professoren at det må diskuterast kva som er meint med opplæring og rettleiing i tilknyting til oppgåver som pårørande. Ifølge Kjellevold er det viktig å tenkja både på å gjera den pårørande i stand til å utføre oppgåver for pasienten, men det er like viktig å førebyggja helseproblem hjå den pårørande.

Ein skal ikkje berre sjå den pårørande som ein som er flink til å hjelpe.

Den pårørande skal også sjølv kunna få hjelp og støtte til eigne problem, poengterer ho.
Kjellevold meiner loven kunne vore tydelegare på dette punktet.

Når det gjeld kommunens plikt til å gi avlastning og omsorgsstønad til pårørande, tykkjer Alice Kjellevold at det ville vore meir effektfullt og gitt pårørande rettskrav til avlastning og stønad.

Rettskrav ville vore betre
Har du eit rettskrav til noko, kan du klage om du ikkje er nøgd. Når kommunen berre har plikt til å yta desse tenestene, gir det rom for ulik behandling i ulike kommunar, alt etter kva kommunen har av tilbod. Til dømes kan omsorgsstønad avvisast fordi kommunen heller vil sette inn heimesjukepleie og heimehjelp.
Likeins blir det når det gjeld avlastning, kommunen kan kanskje berre tilby avlastning på sjukeheim, sjølv om både den pårørande og pasienten ønsker avlastning i heimen, eksemplifiserer ho.

Ho understrekar at ved ei slik formulering i loven, er det til sjuande og sist kommunen som bestemmer kva form avlastinga og stønaden skal ha, utan at den pårørande eller pasienten har stort å slå i bordet med.

Den nye lova er likevel absolutt eit skritt i rett retning i å sikra rettane til dei pårørande i kommunane.

Nå er det viktig at kommunane tek innover seg dette, og ser til at både kompetanse og pengar er på plass til å oppfylla lovas krav.


Kommunane må vera klar
Ho meiner kommunane må vurdera om dei har nok og rett kompetanse. Dersom det skortar på kompetanse bør kommunen finna ut om ein vil bygge opp eigen kompetanse, eller kjøpe tenester for sine pårørande hjå til dømes Pårørendesenteret i Stavanger.

Kjellevold viser til at Pårørendesenteret i Stavanger gjennom mange år har bygd opp eit godt miljø og høg kompetanse som særleg nabokommunane på Nord-Jæren bør kunna dra nytte av.

Ho viser til at det er viktig at kommunane tek godt vare på dei pårørande som ofte utfører arbeid som kommunane sjølve elles ville måtta ta seg av.

Tal viser at pårørande utfører rundt 100 000 årsverk i pleie - og omsorgssektoren.

Ennå har kommunane ein veg å gå når det gjeld å dokumentera til statlege myndigheiter korleis situasjonen for dei pårørande er, avsluttar ho.

Om Alice Kjellevold:

Alice Kjellevold er professor emerita ved Universitetet i Stavanger.
Ho har vore leiar og seinare medlem av ei forskingsgruppe ved Programområde for pårørendeforskning ved Universitetet i Stavanger.
Ho har vore med og skrive to veiledarar for Helsedirektoratet om pårørande.
Kjellevold har også saman med Kari Bøckman skrive boka: Pårørende i helse- og omsorgstjenesten, En klinisk og juridisk innføring.
Ho er styremedlem i Stiftelsen Pårørendesenteret.

Meld deg på konferansen her: http://www.jobbaktiv.no/arrangementer/parorendesamarbeid/

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


For 19 år sidan blei Andreas Wiese og Line Lindsetmo foreldre til Frida og det meste blei annleis.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet