seminar (5) kopi

Kompetanseheving på Pårørendesenteret

Kva skaper ein god samtale? I byrjinga av juni møttest dei som har gått på studiet samarbeidsorientert tilnærming i terapi i Tønsberg for å øva seg i å bli betre i jobbane sine. Blant desse var fagkonsulent for barn og unge ved Pårørendesenteret i Stavanger, Lise Rasmussen.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
Familieterapeut Gry Anette Øvstegård er glad for at senteret har fått styrka kompetansen. Denne måten å jobba på stemmer godt overeins med senteret sine haldningar.

– Me prøver heile tida å arbeida i den pårørande sitt tempo, og følgja deira prosessar. Vårt motto er at pårørande er ekspertar på eige liv, me kan hjelpa dei med å finna svara dei har sjølv. I tilnærminga står språket sentralt både som problemskapar, men også som reiskap for å løyse opp.

Ifølge Gry Anette skal terapeuten ikkje vere eksperten, men ein medvandrar.

– Me kan ha mykje generell kunnskap, men me veit jo ingenting om korleis personen me skal snakka med opplever utfordringane sine. Difor må me vere undrande, ha respekt for vedkomande og la han eller ho velje sine eigne løysingar.

Ho er glad kvar gong nokon vidareutdannar seg ved senteret fordi kunnskapen alltid kjem fleire til gode.
Dessutan er ein av kjerneverdiane våre å ha sterk kompetanse, seier Gry Anette.

Å vere ein god terapeut betyr å lytte både innover og utover. Kva gjer det den andre seier med meg? Og kva seier den andre, eigentleg, innleia rettleiar ved studiet, Iben Pytlick.
 

Kunsten å lytte

Her var to dagar via til samskaping og dialog. Mottoet for samlinga var: «Det blir som det blir og så tar vi det derfra».

– For uinnvigde kan det heile verke litt diffust og svevande, vedgår drivkraft bak studiet, Anne Hedvig Vedeler ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

– Men det handlar om å la samtalen bli eit samarbeidsprosjekt mellom terapeut og brukar, der begge deltakarane er likeverdige, og der det ikkje berre er terapeuten som tar ansvar for framdrift i samtalen, men like mykje den andre.
 

Terapeuten skal ikkje vere eksperten, men ein medvandrar.

– Gry Anette Øvstegård

For å ha ein fruktbar samtale handlar det om noko så sjølvsagt, men likevel vanskeleg som å vera  ein god lyttar, og å heile tida følgje med på om ein samtale er på rett spor, slik at ikkje terapeut og brukar snakkar forbi kvarandre. Det handlar om tid til å lytte både til seg sjølv og den andre for å sjå den indre forteljinga bak den ytre.

Under seminaret blei det heile tida understreka at ein samtale er noko levande og at dei som deltek i samtalen heile tida byter på å vera vert og gjest i samtalen.
 

Kunsten å reflektere

Det blei også understreka at samtalen vil pendle mellom det personlege og det profesjonelle. For også terapeuten vil ta med seg personlege erfaringar inn i terapirommet. Og dersom den andre fortel om far sin, vil ofte også biletet av terapeutens eigen far dukka opp. Ved å vera medviten på kva eins eigne tankebilete betyr, kan ein betre forstå korleis eigne tankar påverkar måten ein nærmar seg den andre si historie.

Stadig refleksjon er ein viktig ingrediens i ein terapeutisk samtale, understreka rettleiar Iben Pytlick. Å skape rørsle i samtalen er også viktig, få ting til å flyta og våga vera i noko uavklart.

Mykje tid blei også brukt til å dvela ved ulike ord. Kva betyr orda for den enkelte? Det blei også retta merksemd mot ord som kan lukka og ord som kan opna opp.

Idealet i denne terapiretninga er ein terapeut som er gjennomsiktig, altså tydeleg og open på kva som er hennar ansvar for å skape eit godt klima for dialog, og som vågar å bruka seg sjølv i terapirommet.
 

Ei haldning, ikkje metode

– Dette er eigentleg meir ein måte å vera på enn å gjera på, seier Pytlick.

Det handlar om ikkjevitande forståing, evne til å flytte blikket og sjå ei sak frå fleire hald. For å ha ein slik samtale, krevst det tid til å avdekka og forstå, gjerne lagvis.

Fleire lovprisa det å få lov til å samlast på ein grøn plen i sola og få fabulera rundt ord og kva dei gjer med oss, ut frå den enkelte si personlege erfaring.

Somme hevda at å ha ei auka nyfikne på kva kvarandre vil gi ein ny energi i terapirommet. Men då må terapeuten ha ei meir audmjuk og ikkjevitande haldning.
 

Dette er eigentleg meir ein måte å vera på enn å gjera på.

– Iben Pytlick

Ei meir audmjuk tilnærming vil også gi terapeuten mindre press enn om alt ansvar for endring skal kvile på terapeutens skuldrar åleine. Å gå inn i samtalen som eit samarbeidsprosjekt reduserer faren for at terapeuten går inn i rolla som ekspert som skal fikse det og det.

– Før tenkte eg gjerne slik, at dette må eg gå inn og prøve og fikse. Det kunne bli veldig intenst og gjerne ende med  frustrasjon for både brukar og terapeut, fortel Linda Vilje som arbeider innan barnevernet i Tønsberg.

– Denne metoden gjer det enklare å vera hjelpar i eit samarbeid med brukaren, påpeiker ho.

Fleire vedgjekk at det å sleppe samtalen meir fri i terapirommet krev litt mot og sjølvtillit. Det handlar om mot å vera i det uavklarte. Og ha ork til å leite i fleire retningar saman med brukaren. Ein må frigjera seg frå tanken om at terapeuten har magiske evner, sjølv om somme gonger hender nettopp det, terapeuten møter menneske som ønsker å møte ein som kan fikse og ordne opp i ting.
 

Nøklar og brev opnar opp

Deltakarane på seminaret blei også betre kjende med kvarandre ved å presentera nøkleknippa sine. Ved å fortelja om den enkelte nøkkels bruk kom det mange personlege historier fram, som ein vanlegvis ikkje får i slike korte møte mellom menneske.

Dette er ein leiken men naturleg måte å bli kjent på, sa mange av deltakarane etterpå.

Men øvinga ga rom for at folk har ulike måtar å presentere seg på, så somme sa berre kva den enkelte nøkkel passa til, medan andre utbroderte med historier bak hytter og hus.

Etterpå skulle alle skriva eit brev til ein dei meinte kunne hjelpa dei med eit problem.

Lise Rasmussen frå Pårørendesenteret Stavanger er blant dei som har brukt brevskriving for å få fleire stemmer inn i terapirommet. Ho gav oss eit døme på ei kvinne som skreiv eit brev til si avdøde svigermor. I brevet la ho fram si sorg over at ektemannen, etter hennar syn, ikkje prioriterte familielivet tilstrekkeleg. Deretter skulle kvinna skriva eit svar frå svigermora. Dette sette i gong tankar i henne og ho fann ut at sonen i tankesett og handlemåte i botn og grunn var svært lik mor si, fortel Rasmussen.

Ho meiner det er viktig å sjå på kva stemmer som ofte blir gløymde i terapirommet. Brev inviterer menneske til å finna sine eigne tankar på ein spesiell måte, og bli tydelegare for seg sjølv, meiner ho.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Etter Tina Jørgensen forsvann og deretter blei funne drepen hausten 2000 gjekk det fleire månadar før nokon i hjelpeapparatet tok kontakt med familien, fortel Torunn Austdal Rasmussen.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet