toa-heftiba-1203776-unsplash

Kva gjer du når du har ein av dine i fengsel?

Kvart år opplever tusenvis av barn og vaksne at nokon som står dei nær, ein mor, ein far, ein kjærast, eit søsken eller ein annan slektning hamnar bak murane i eit av Norges rundt 60 fengsel.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Straffa den eine har fått rammar mange. Det har organisasjonen For Fangers Pårørende (FFP) teke konsekvensen av. Sidan 1992 har organisasjonen systematisk arbeida for å gjera pårørande til innsette til ei meir synleg gruppe for fengselsvesenet og samfunnet elles. FFP har eit godt samarbeid med Kriminalomsorgsdirektoratet.

infoboks

FFP har eit landsdekkande tilbod om råd og støtte til pårørande, og tilbyr i tillegg jamleg aktivitetar, møte og treff for pårørande i Oslo og Trondheim.

Hanne Hamsund har vore dagleg leiar i FFP sidan 2000. Ho kom inn i organisasjonen etter å ha skrive ei mellomfagsoppgåve om pårørande til menneske i fengsel.

Å oppleva at ein som står deg nær hamnar i fengsel kan vera svært dramatisk, både på det praktiske, økonomiske og ikkje minst det kjenslemessige planet, fortel ho.


Minimal kontakt

Innsette har rett på besøk i minimum ein klokketime per veke. Dei kan snakka i telefon i totalt 20 minutt i løpet av den same veka.

– Det blir lite tid som ofte skal delast på mange. Då seier det seg sjølv at det kan vera vanskeleg å halda på gode familierelasjonar særleg i tilfelle der soningstida er lang, seier Hanne Hamsund.

Innsette med barn kan søka om å få auka besøkstida og telefontida litt.

Innsette kan skriva og få brev, men desse blir kontrollerte. SMS, e-post, chat og andre sosiale medium er ikkje lov. For FFP er det viktig å arbeida for at det kjem på plass nye kommunikasjonsmåtar for fangar, som ikkje er ein tryggleiksrisiko, men som gjer det mogleg å ha meir kontakt mellom innsette og pårørande.

– Me arbeider mellom anna for at kriminalomsorga skal få på plass ei ordning med Skype i fengsla, fortel Hanne.
 

Det blir lite tid som ofte skal delast på mange. Då seier det seg sjølv at det kan vera vanskeleg å halda på gode familierelasjonar særleg i tilfelle der soningstida er lang.


Det å kunna ha skikkeleg kontakt med familien er ikkje minst viktig for den innsette som jo skal ha nokon å komma tilbake til, legg ho til.

Ei anna utfordring for pårørande er at fleire må reisa langt for å besøka sine i fengsel. Sjølv om kriminalomsorga har som prinsipp at soninga skal føregå nærast mogleg heimstaden, er det ikkje alltid det går. Fengsla kan vera fulle, eller som tilfelle ofte er for kvinner og unge; fengsla er så få, at dei fleste difor må sona langt borte frå heimen.

– For Fangers Pårørende meiner at i tilfelle der Kriminalomsorga bryt sitt eige prinsipp om soning i nærleiken, bør pårørande få kompensert noko av reiseutgiftene. Nokre fengsel har besøkshus der innsette kan få besøk av sine born over fleire timar, nokon tilbyr også overnatting. Det er eit bra tiltak, seier Hamsund.


Rom for sex og samtale

Organisasjonen er også oppteken av at den vesle tida pårørande får vera saman med sine innsette, skal vera av best mogleg kvalitet, og skje på verdig måte.

Hanne innser at det er krevjande å få til på besøksrom som skal brukast både til koseleg familiesamkvem, men også til seksuell aktivitet mellom vaksne.

– Det er likevel viktig å ivareta alle typar behov, også dei intime og næraste, for seksuell kontakt er viktig både for pårørande og dei innsette.

Ho fortel at både barn og vaksne kan reagere på korger som er merka med skitne laken og kondompakkar som ligg synleg for alle.

Samstundes meiner Hanne Hamsund svært mykje har gått framover i dei 25 åra FFP har eksistert. Fleire og fleire fengsel har no eigne barneansvarlege som skal gjera det hyggeleg og trygt for barn å besøka fengsla. Besøksromma er nå betre utstyrte med både spel og leiker. Kriminalomsorga har i aukande grad innsett kor stor ressurs familien kan vera for dei innsette. Sjølvsagt finst det også familiar med store utfordringar, men ingen kan greie seg åleine utan nettverk, minner Hanne Hamsund om.

– Då eg byrja i jobben blei familien ofte sett på som ein viktig grunn til at folk hamna i fengsel, slik tenkjer ein heldigvis ikkje lenger, seier ho. 


– Kvifor gidd du besøka han?

Å ha nokon i fengsel er for mange forbunde med skam, difor held mange dette hemmeleg for omverda.

Barn får kanskje ikkje vita den eigentlege grunnen til at mor eller far ikkje er heime lenger, fortel ho.
 

Då eg byrja i jobben blei familien ofte sett på som ein viktig grunn til at folk hamna i fengsel, slik tenkjer ein heldigvis ikkje lenger.


– Medan pårørande til fysisk sjuke menneske kan oppleve å få sympati for at dei stiller opp, kan pårørande til fangar av og til oppleva det motsette. Dei kan få negative reaksjonar fordi dei held kontakten med ein som sit i fengsel, og dette kan føre til ueinigheit og konfliktar i familien på utsida. Kor ille det kjennest å vera pårørande er ei svært individuell oppleving, er Hanne Hamsunds inntrykk.

Det er ikkje alltid alvoret i brotsverket som styrer styrken i dei vonde kjenslene. For somme kan berre det at nokon hamnar i fengsel, vere nok til å skape mykje skam og sorg. Medan nokre pårørande greier å vera opne om det som har skjedd, går andre og ber det meste inne i seg.

Samstundes legg Hamsund ikkje skjul på at å vera pårørande til menneske som er fengsla for seksuelle forbrytingar ofte er ekstra krevjande, sidan desse hendingane også blir så sterkt fordømte av samfunnet rundt.


Pårørande må stå til rette

Organisasjonen er nå snart klar med eit hefte med informasjon og råd for pårørande til seksualforbrytarar.

– Det er ikkje uvanleg at pårørande til fangar på ein måte føler dei må stå til rette for det den fengsla har gjort, sjølv om dei ikkje har noko skuld i dette. På den andre sida er den som er skuldig, skjerma bak fengselsmurane og slepp å forhalda seg til dette.

Ein del par går frå kvarandre når den eine hamnar i fengsel, men Hanne Hamsund er imponert over kor mange som held ut år etter år av både kjærastar og foreldre. Mødrene til innsette gjer spesielt inntrykk. Det skal svært mykje til før ei mor kuttar kontakten med eit barn i fengsel, er Hannes erfaring.

Ho fortel om menneske som kjempar med å nå fram i systemet, som må greia å halda på banda gjennom ei svært tilmålt tid.


Ei økonomisk byrde

Somme må også flytta når ein i familien hamnar i fengsel. Det kan ha med hets å gjere, men like gjerne med økonomiske problem.
 

Det er ikkje uvanleg at pårørande til fangar på ein måte føler dei må stå til rette for det den fengsla har gjort, sjølv om dei ikkje har noko skuld i dette. På den andre sida er den som er skuldig, skjerma bak fengselsmurane og slepp å forhalda seg til dette.


– Som ektefelle eller sambuar til ein i fengsel blir du ikkje rekna som einsleg forsørgjar, sjølv om du i praksis må greie deg på ei inntekt. Den innsette får ikkje meir pengar enn det som dekkjer eigne behov som toalettartiklar og telefonkort. Å få dårleg økonomi går raskt ut over barna, for i familiar med lite pengar, må ein ofte kutta ut både ferie og fritidsaktivitetar, fortel ho.

FFP arrangerer difor kvart år ulike turar for barn av innsette. I tillegg blir det også arrangerte andre treff for både vaksne og unge pårørande rundt i norske byar.

– Det er viktig for denne pårørandegruppa å møta likesinna. Me prøver også å halde jamleg kontakt med fengsla og syte for at dei alltid har informasjonsmateriell frå oss til utdeling.


Jaktar pengar kvart år

For Fangers Pårørende har kontor i Trondheim og Oslo, men er ein landsdekkande teneste.

Organisasjonen får mange telefonar og e-post frå heile landet. Dei kan også nås via chat. Under 40 prosent av budsjettet kjem frå Kriminalomsorgsdirektoratet. Resten må dei tilsette hanka inn gjennom eit tredvetals pengesøknadar kvart år. Desse pengane kjem mellom anna frå ulike legat og fond.
 

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Torill Knutsen-Øy (59) frå Tønsberg har vore pårørande i 30 år. Først til ektemannen, og så fekk paret også ei sjuk dotter.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet