astrid n%c3%b8klebye heiberg

Pårørande var lite ønska i psykiatrien før

I mine første år som psykiater involverte ein dei pårørande så lite som råd, fordi ein meinte dei ofte var ei kjelde til uro for pasienten. Det var ein stor feil, erkjenner Astrid Nøklebye Heiberg (81). Psykiateren og Høyre-politikaren er nå statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet og politisk rådgjevar i Høyres Hovedorganisasjon.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
Psykiater Astrid Nøklebye Heiberg er glad pårørande har betre kår i helsevesenet. I hennar første år i psykiatrien skulle pårørande involverast minst mogleg.
Glad ting er annleis.


Ho er oppteken av pårørande si rolle i helsevesenet og er glad for at pårørande nå er langt meir involverte også i behandlinga av psykisk sjuke.

Å involvera pårørande betyr mykje i prosessen med å få ein pasient frisk, fordi den pårørande er ein viktig hjelpeperson for den sjuke, understrekar ho.


Eg har intervjua pårørande som seier det er vanskeleg å få informasjon om psykisk sjuke. Legane gøymer seg bak teieplikta og er lite villige til å lytte dersom den pårørande vil dele informasjon om den sjuke med behandlaren.

Kva tykkjer du om det?

Teieplikta er grunnsteinen. Teieplikta er svært viktig og som ein grunnregel skal den respekterast. Som helseminister Bent Høye seier det: «Nothing about me without me».


Når det gjeld å lytta til informasjon frå ein pårørande, kan ein sjølvsagt gjera det, så lenge ein ikkje gjennom sine kommentarar til det som blir fortald, indirekte røper noko om pasienten. Men mi erfaring som behandlar er at det aller nyttigaste er å lytta til pasienten sjølv, kunnskapen til den som ser det heile utanfrå er ikkje av same nytte, påpeiker ho.

I sine år som psykiater hadde ho aldri mykje med pårørande å gjere. Som oftast hadde ho kun kontakt med dei når ho trong å få vite kva som utløyste sjukdommen. Ho hadde heller ikkje hefte eller stader å visa pårørande som trong ekstra støtte.

Å kjenna avmakt er tungt
Er det ekstra tøft å vera pårørande til psykisk sjuke?
- Ikkje nødvendigvis. Det kan nok vere vel så krevjande å vite at ein du er glad i snart skal døy. Kor hardt det kjennest heng ofte saman med graden av hjelpeløyse den pårørande føler. Sjølv trur eg pårørande til demente og alvorleg funksjonshemma barn er blant dei som har det aller tøffast, påpeiker Heiberg.

Ho har sjølv hatt ei dement mor og minnest kor slitande desse åra var. Det som sleit henne mest var å ikkje nå inn til den personen som mora ein gong hadde vore.
Sorga over å mista ei som ennå var der var tung, minnest ho.

26 timars-døgnet
Mange pårørande til demente blir dønn utslitne. Det kjennest som døgnet har 26 timar, aldri er det fred å få og du må svare på det same spørsmålet anna kvart minutt. For desse pårørande er det viktig å få avlastning, poengterer ho. Ho rosar Pårørendesenteret for sitt arbeid og har spesielt lagt merke til sida med praktiske råd til pårørande.

Ofte vil ein dement seie nei til det du føreslår, så i staden for å spørje om den demente vil bade, skal ein berre tappe i vatn i karet og spørje om det er passe varmt. Slike råd er verdfulle for ein sliten pårørande, understrekar 81-åringen.

Blei sjølv pasient
Tidleg dette året fekk Astrid Nøklebye Heiberg konstatert brystkreft og for ho og mannen har dei siste månadane vore litt annleis enn kva dei har vore vande med.
Me er begge legar, og det gjer det nok faktisk meir krevjande å både vera pasient og pårørande, fordi me kjenner godt til alle former for komplikasjonar og biverknadar i samband med denne sjukdommen, forklarer 81-åringen.Til alt hell har ho unngått dei verste biverknadane av cellegift og stråling, men har slite ein del med balansen. Energinivået er heller ikkje heilt på topp ennå, men Astrid Nøklebye Heiberg går på jobb dag og ser optimistisk på det heile.

Pårørande veks med rolla
For ektemannen har det vore ei heilt ny rolle å vera pårørande til si vanlegvis så aktive kone.

Men eg trur han og mange andre pårørande kjenner at dei set pris på å få vera til hjelp.

Å ta vare på meg, gir meistring for han, og mannen min har vore veldig til stades, fortel ho. Heldigvis har han ikkje blitt utsliten sidan dette ser ut til å bli ein velsigna kortvarig seanse, legg Astrid Nøklebye Heiberg til.

- Ikkje gå åleine til legen
Ho har hatt med ektemannen til dei fleste konsultasjonar og undersøkingar. Då er det ho som pasient som har fått merksemda. Ektemannen har ikkje fått noko spesiell merksemd frå helsevesenet, men vener og familie har vist han omsorg, fortel ho.

Sjølv råder Nøklebye Heiberg alle som blir sjuke til å ha med ein pårørande til legetimar og undersøkingar.
Særleg i tilfelle der du får ein diagnose som fører til angst og uro, er det lurt å ha med ein person til som kan lytta til det legen seier og vera med og stadfesta det som blir sagt. Det kan vera lett å gå glipp av viktige nyansar dersom du nettopp har fått ein sjokkerande beskjed. Den pårørande kan då fungera som eit viktig bindeledd mellom den som får informasjon og den som gir informasjon, forklarer ho. 
 

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


For 19 år sidan blei Andreas Wiese og Line Lindsetmo foreldre til Frida og det meste blei annleis.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet