← Gå tilbake

Banner%20Nettverk%20for%20pa%CC%8Ar%C3%B8rendeforskning%20-%20Foto%20Kristin%20Lyse

Nytt prosjekt skal gi pårørandeforsking meir tyngde

Nettverk for pårørandeforsking heiter strategien som skal gå føre seg frå 2019 til 2023. Målet er å skape eit forskarnettverk som skal jobba meir med pårørandeforsking.
Det fortel professor ved Universitetet i Stavanger, Karina Aase. Ho deltok under årets Pårørendekonferanse i Sandnes i slutten av september i år.
 

Samlar kloke hovud

Nettverket har i haust rundt 170 registrerte medlemmer som forskar på ulike tema knytta til pårørande. Målet er å sameina krefter frå forsking, utdanningsinstitusjonar, offentlege og private helseføretak, velferdstenester, politiske styresmakter og interesseorganisasjonar.

Koordineringa av prosjektet skal skje gjennom Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten ved Det helsevitenskapelige fakultet ved UiS.

Karina Aase fortel at nettverket nå skal få meir retning. Ei arbeidsgruppe sett saman av pårørande og fagfolk, skal laga strategiprosessen for nettverket. Hovudformålet til nettverket er å bidra til auka kunnskap knytta til pårørande si rolle i sivilsamfunnet, i helse og velferdstenestene, i utdanning og forsking.

Eit anna mål er å formidle kunnskap og skape arenaer som fremmar forsking og utvikling av prosjekt innan pårørandefeltet.
 

Pårørande involvert i forsking

Nettverket skal også bidra til auka forskingsaktivitet og meir merksemd om pårørandefeltet. Pårørande skal også i aukande grad involverast i forsking.

Tema nettverket ønsker å forska på er mellom anna tenesteutvikling, pårørandemeistring, pårørande si rolle for tenester og pasienttryggleik.

– Det er viktig å planlegga arbeidet godt slik at dette ikkje berre blir ei skrivebordsøving, seier Aase.

UiS vil ta ei aktiv koordineringsrolle i prosjektet ved å arrangere nettverkssamlingar, drifte nettsida og driva informasjonsformidling. Det skal også lagast ein plan for kvar ein kan søkja om pengar til nettverket. Ei referansegruppe for nettverket skal også lagast.
 

Varierte tema

Blant dei som er med i nettverket presenterte fire forskinga si. Tema for forskinga som blei presentert under Pårørendekonferansen var:
  1. Korleis kan pårørande bidra til å få ned tvang i psykiatrien?
  2. Korleis kan foreldre til barn med funksjonsnedsettingar oppleva auka livsmeistring gjennom kompetansegrupper?
  3. Kva effektar og utbytte har pårørandestøtte?
  4. Korleis ta vare på pårørande?

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Veronica Torsdatter Jenssen (39) frå Jørpeland er mor til to sjuke barn. Rolla som mor og pårørande tek til tider dei fleste av døgnets vakne timar.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten