image001
Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

Ole Martin Årst til årets Pårørendekonferanse

Den tidlegare fotballproffen ønsker å betra kåra for pårørande til rusavhengige. Han har sjølv hatt ei rusavhengig søster og veit kvar skoen trykker. 26. september deltek han på Pårørendekonferansen i Sandnes.
Ole Martin Årst vil stilla spørsmål om kva som kan gjerast betre i arbeidet med pårørande framover.

Årst som i dag mellom anna arbeider som fotballekspert i TV 2 hadde i mange år ei rusavhengig søster, noko han skildra i eit stort intervju med Pårørendesenteret i 2017. 


Frå sorg til glede

Heldigvis har Ole Martin Årst gått frå å vera sliten pårørande til stolt storebror, for søstera er nå rusfri på 15. året. Ho er i full jobb og broren lever difor eit liv med seinka skuldrar.

– Intervjuet eg gav til Pårørendesenteret gjorde at eg fekk mange tilbakemeldingar frå andre pårørande som kjende seg att i det eg fortalde. Det var ei positiv erfaring og eg tykkjer det er interessant å snakka om rusomsorg og omsorga for dei pårørande. Eg ser difor fram til å få drøfte og belyse ulike aspekt og utfordringar rundt dette temaet på konferansen, seier Ole Martin Årst.

45-åringen er glad for at han delte si historie, fordi han veit at han som ein kjent person har gjennomslagskraft og blir lytta til. Men tidspunktet måtte vera rett.

– Eg ville vente til eg var trygg på at søstera mi ikkje gjekk på ein ny smell, det var også viktig at barna våre var blitt store nok til å forstå det som hadde skjedd, poengterer han.


Ein døropnar

Sjølv hugsar Årst kor befriande det var for han då far og son Stoltenberg fortalde om korleis det var å ha ein rusavhengig i familien.

– Når ein statsminister og ein toppidrettsutøvar snakkar om å vera pårørande til ein rusavhengig, kan det vera med og ufarleggjere situasjonen for andre i same rolle. Det kan gjere godt å sjå at liva ikkje stoppar opp trass alt det vanskelege, forklarer han.

Gjennom fleire samtalar med pårørande etter intervjuet sit Ole Martin Årst  att med eit inntrykk av at både behandlinga av dei rusavhengige og dei pårørande har blitt betre og meir systematisk i åra etter han og familien stod i dette.


Det går framover

– Det er bra at det er tatt grep slik at ting går i rett retning, men framleis er det nok forbetringspotensiale. Eg er blitt fortald at pårørande nå blir involvert tidleg. I vårt tilfelle gjekk det fleire år før me andre i familien fekk ta del i behandlinga av søster mi. Før det gjekk all informasjon gjennom henne, og denne kunne me ikkje alltid stola på. Det verkar også som det i behandlinga blir snakka meir ope og ærleg no, medan ein før pakka ting meir inn. Tidleg oppretting av ansvarsgruppe rundt den rusavhengige er også eit stort framskritt. Søster mi fekk ikkje ei slik gruppe før etter fleire år, fortel han.

Ole Martin Årst brenn for at pårørande til rusavhengige blir sett og tatt på alvor, og ønsker å vera med og setja søkelys på kor tøft det kan vera for dei som står nær.


Ikkje ufarleg for pårørande

– Eg har møtt fleire som har blitt sjuke av å leva tett på ein rusavhengig. Det er fullt forståeleg. Som pårørande kan du kjenna deg fortvila, spesielt hvis du ikkje får den støtta du treng, då kan ein kjenne seg veldig åleine. Å vera pårørande til ein rusavhengig fører ikkje berre til psykisk uro, det kan også i somme tilfelle vera fysisk farleg. Familiemedlemmer kan få trugslar i samband med dopgjeld, og desperasjonen er stor når det gjeld dop og pengar, minner Årst om.

Sjølv valde familien å gjera opp all gjeld til søstera og skaffa henne ein bustad.

– Me hadde pengar og valde såleis ei enkel løysing, men alle har ikkje råd til det. Det kan også diskuterast om det alltid er rett. Men for oss var det viktig å fjerna flest mogleg uromoment rundt søster mi. Eg håpar at pårørande som opplever slike trugslar i samband med gjeld kan få god rådgjeving på kva løysingar som finst, påpeiker Ole Martin Årst som ser fram til mange gode faglege diskusjonar i Sandnes i slutten av september.


Ønsker du å delta på Pårørendekonferansen?

Pårørande kan delta til redusert pris. Les meir og meld deg på her.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


I fjor på denne tida hadde "Hanne" (37), som ynskjer å vere anonym, inga aning om kva skjebnen hadde i bakhand for henne. Ho, ektemannen, og døtrene på ni og tretten levde travle, men svært så normale og gode liv.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten