← Gå tilbake

AKTUELT%20Mestringsenheten%20Lise%20Vold

Pårørande viktige for Mestringsenheten

Mestringsenheten i Sandnes, som hjelper menneske som slit med rus og psykiske vanskar, er opptekne av å inkludera dei pårørande i arbeidet.
Brukarane av det kommunale hjelpetilbodet blir kalla innbyggarar, og Mestringsenheten tilbyr kvart år tenester til rundt 2000. Somme får hjelp i årevis, andre er inne i systemet for kortare periodar.

Tilbodet har av fagfolk fått mykje ros for å laga heilskaplege opplegg rundt innbyggarane. Det betyr at alle som er involverte i å hjelpa ein innbyggar veit kva dei andre hjelparane gjer, slik at ein har eit godt overblikk over det som skjer.
 

Viktig å ha band til andre

For Mestringsenheten er det også viktig å motivera innbyggarane til å involvera nettverket sitt i behandling og rehabilitering.

– Fritid kan vera krevjande for mange, det å ha band til andre og føla at nokon treng deg, er difor svært viktig. Men ikkje alle innbyggarar ønsker involvering frå pårørande. Likevel er me medvitne på at alle pårørande som ringjer oss skal kjenna seg lytta til og ivaretekne. Å bli avbroten med: Nei, du kan ikkje få vita noko fordi me har teieplikt, er vondt for dei som står nær. I slike tilfelle omgår ein teieplikta ved å gi informasjon om kva som blir gjort i liknande tilfelle. Å la pårørande få vita gangen i opplegget vårt, er med på å trygga dei, seier Lise Vold som er avdelingsleiar for Fagteam Rus ved Mestringsenheten.
 

Å bli avbroten med: Nei, du kan ikkje få vita noko fordi me har teieplikt, er vondt for dei som står nær.
I slike tilfelle omgår ein teieplikta ved å gi informasjon om kva som blir gjort i liknande tilfelle.


Mange innbyggarar ønsker å ha pårørande med på laget.
– Familie og anna nettverk er svært viktige når innbyggarane skal rehabiliterast, difor ønsker me størst mogleg involvering. Fleire gonger lagar me til nettverksmøte der innbyggaren får velja ut kven av sine pårørande han eller ho vil ha med. Innbyggaren får også bestemma kva som skal snakkast om, og kva tema me skal la liggja under møtet.

Rådgjevar Vigdis Eide i Psykisk Helseteam ved Mestringsenheten er med på mange av desse nettverksmøta. Ofte snakkar deltakarane om korleis dei har det. Ifølge Eide får mange av dei pårørande a-ha-opplevingar etter å ha vore med på slike møte, fordi dei får ny innsikt og blir i stand til å takla utfordringar på ein betre måte. Under slike møte kan dei inviterte få fram ulike meiningar og tankar, og kanskje rydda opp i noko av det som er vanskeleg.
 

Finn gleda i det enkle

Ikkje alltid er det den som treng hjelp som tek kontakt med Mestringsenheten, det kan ofte vera ein pårørande. Gjerne ei mor eller ein far til ein ungdom som slit med livet, men som likevel ikkje ønsker hjelp.

– Då er det viktig å gi dei pårørande råd og rettleiing om korleis dei kan handtera situasjonen. Samstundes er det viktig å gi dei som står rundt hjelp for sin eigen del. God hjelp til pårørande er også til hjelp for den som slit, seier Eide.
 

Før registrerte me berre namn på dei næraste. I eit registreringsskjema utforskar me nå pårørande meir inngåande og spør mellom anna innbyggaren om kven som er viktige i livet, kven som har vore viktige og kva som skal til for at vedkomande kan bli viktig igjen?


For Vigdis Eide er det viktig å minne pårørande om at livet kan bli vanskeleg lenge og at det difor er viktig for pårørande å redusere ambisjonane og gleda seg over dei små tinga.
– Har du ein son som sit på rommet og spelar, vær glad og ros guten for å komma ned til middag, i staden for å kjefta. Ikkje la uroa over ungdommen din ta over heile livet ditt og ikkje bli ståande fast i fortviling, er rådet hennar.

Både Vigdis Eide og Lise Vold seier pårørande står meir sentralt i arbeidet deira no enn før.
 

Kven er dei pårørande?

Pårørandearbeidet er nå skjemafesta medan det før var meir opp til om den enkelte behandlar kom på å spørje etter pårørande eller ikkje.

– Før registrerte me berre namn på dei næraste. I eit registreringsskjema utforskar me nå pårørande meir inngåande og spør mellom anna innbyggaren om kven som er viktige i livet, kven som har vore viktige og kva som skal til for at vedkomande kan bli viktig igjen? Pårørande er blitt eit sentralt tema. Dette er ei gruppe me som behandlarar ønsker å få vite noko om med tanke på om dei kan vera til hjelp for innbyggaren. For i dei aller fleste tilfelle er pårørande ein sunn og god ressurs å ha for innbyggarane.

Lise Vold møter har møtt alle typar pårørande i jobben sin. Felles for mange er at dei er slitne etter å ha vore pårørande lenge. Men dei er ikkje ei homogen gruppe, påpeiker ho.

– Somme er veldig engasjerte i innbyggarane sitt liv, andre er fråverande og andre deltek nå og då. For oss er det viktig å læra pårørande å setja grenser, men også å kunna nytta dei i eit samarbeid rundt innbyggaren for å få til ei positiv utvikling.
 

Set grenser og still krav

Med grenser kjem også krav.

– Somme pårørande seier dei vil stilla opp dersom innbyggaren får til ei endring i livet. Å stilla krav til innbyggarane er viktig. Me stiller krav til dei, det bør også pårørande gjere. Å stille krav viser at me har tru på at dei kan få til noko. Ikkje alle pårørande lukkast like godt i det å setje grenser og stille krav, fordi dei er vande med at krava ikkje blir innfridde, seier Lise Vold.
Det er ikkje alltid innbyggaren er så engasjert i eigen framgang, til tider er dei pårørande meir ivrige.
 

Å stille krav viser at me har tru på at dei kan få til noko. Ikkje alle pårørande lukkast like godt i det å setje grenser og stille krav,
fordi dei er vande med at krava ikkje blir innfridde.


– Me har mange gonger hatt fortvilte pårørande som har spurt kvifor gjer de ikkje noko? Kvifor kan de ikkje ta han på tvang? For pårørande kan det vera svært  frustrerande og fortvilande at ting går så sakte. Men det tek tid å byggja relasjonar og tillit til ein innbyggar. Dessutan er dette arbeidet usynleg for pårørande, som vil at det skal skje noko. No. Då må me forklara dei kva moglegheiter som finst og visa kva som ligg i omgrepet tvang, noko som er ein stor inngripen i eit menneskes liv. Det er også viktig for oss å understreka overfor pårørande at innbyggaren må vera motivert for å få til endring, elles nyttar det lite kva me gjer, poengterer ho.
 

Sinte pårørande

Pårørande kan bli fortvilte og sinte i si maktesløyse og det kan stundom gå ut over dei som arbeider ved Mestringsenheten.

– Pårørande kan vera krevjande. Det må me tåla, og det er viktig å lytta også til det negative, utan å gå i forsvarsposisjon. Me prøver så godt me kan å gi pårørande råd og rettleiing og informera dei om kva tilbod som finst for dei, forklarer Lise Vold.

Som eit ledd i å styrka pårørandearbeidet har Mestringsenheten også byrja med eigne pårørandekveldar der ulike tema blir tekne opp og Fagteam Rus har sin eigen pårørandekontakt.
Ein del pårørande blir også viste til Mestringsenheten for eiga oppfølging, samtalar eller kurs. Døme på kurs kan vera bekymringsmestring eller stressmestring.
 
 

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Veronica Torsdatter Jenssen (39) frå Jørpeland er mor til to sjuke barn. Rolla som mor og pårørande tek til tider dei fleste av døgnets vakne timar.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten