Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
15. mai 2019

Pårørendesenteret lagar nettside for barn og unge

Rundt november i år skal den nye nettsida UP.no mynta på barn mellom 7 og 18 år lanserast. Sida blir den første i sitt slag i Norge.
annie-spratt-475535%20kopi
Nyskapinga er ein naturlig konsekvens av Pårørendesenteret si auka satsing på barn og unge som pårørande, fortel webredaktør Kristin Lyse. Pårørendesenteret har sidan februar 2017 drifta dei nasjonale nettsidene for vaksne pårørande. No skal altså dei under 18 år få et eige, spesialtilpassa tilbud på nettsida som skal heite UngePårørende.no.

– Me trur vår nettside kan utfylle Helsedirektoratet sitt pågåande DIGI-UNG-prosjekt. Dette skal bli ein digital helseportal mynta på unge med eige chatteforum, kor merksemda er retta mot den unges eiga helse, forklarer Lyse.


Barn har andre roller

Ho meiner det er viktig at barn får sitt eige tilbod, fordi deira pårøranderolle ofte er ganske annleis enn den ein vaksen har.
 

Eit lite barn trur kanskje at mors
kreft smittar fordi alle seier han
liknar på mor si. Dette er ikkje ei
like aktuell problemstilling for
ein 16-åring.

– Kristin Lyse, webredaktør

Bemanninga på pårørandetelefonen og chattetenesta vil også bli auka når den nye nettsida er på plass. Til hausten vil også barn og unge få sitt eige spesialtilpassa tilbod via telefon og chat. Totalt vil utviklingsarbeidet og utviding av tenesta mot denne målgruppa kosta rundt 1,6 millionar kroner det første året, fortel dagleg leiar ved Pårørendesenteret, Unn Birkeland.

– Senteret har fått folkehelsepengar frå Stavanger kommune til dette arbeidet. Me har også søkt pengar frå Rogaland fylkeskommune, samt ulike fond og legat. Me ser no resulatet av dette arbeidet; seinast i forrige veke fekk me innvilga 300 000 kroner i støtte i to år fra Sparebankstiftelsen SR-Bank. Me er utruleg takksame for den støtten me ser frå ulike aktørar i både offentleg og privat sektor, forteller Birkeland.

Den nye nettsida skal vera enkel og informativ. Når ein kjem dit blir barnet bedt om å taste inn alderen sin. Informasjonsteksten på sida blir laga i to versjonar, ein for barn mellom 7 til 12 år, og ein for barn mellom 13 til 18 år.

Nettsida vil innehalde informasjon om mange tema som kan vera nyttige for barn og unge.

– Saman med psykiater Anne Kristine Bergem har me utvikla nokre nyttige verktøy som me vil bruka på nettstaden, seier Kristin Lyse.


Mange av barna i målgruppa har
kanskje ikkje ei klar forståing av
kva som er gale heime, dei har
berre ei kjensle av at noko skurrar.
Og då veit dei heller ikkje kva dei
leitar etter. 

– Kristin Lyse, webredaktør



Lettlesen tekst

Psykolog Anne Kristine Bergem har alt laga ei rekke fagtekstar om til dømes bekymring, depresjon, kjensler og rus. Alle desse er også laga i to alderstilpassa versjonar.

Å dela nettstaden inn i to alderssegment handlar ikkje berre om lesedugleik. Det handlar også om at ein 16-åring har andre moglegheiter til å kunna søkja hjelp på eigenhand enn ein 9-åring, forklarer webredaktøren.

– Problemstillingar, bekymringar og forståing er også svært ulik. Eit lite barn trur kanskje at mors kreft smittar fordi alle seier han liknar på mor si. Dette er ikkje ei like aktuell problemstilling for ein 16-åring, poengterer Kristin Lyse.

I tillegg vil ein kunne finna nyttige tips til studieteknikkar som kan vera gode å bruka når ting er vanskelege heime. Likeins tips til korleis ein best kan meistra vanskelege kjensler.


Barna skal få spørja

På sikt ønsker ein også ha videoar der ein utforskar situasjonar som kan kjennast litt skumle.

– Tema i ein slik video kan til dømes vera; Kva skjer når du ringer legevakta eller ambulansen? På same måte som NRK sin helseopplysningsserie « Helene sjekker inn», ønsker me å sjekka ut ulike tema. Filmsnuttane skal ha eit barn i hovudrolla som opnar dører og stiller spørsmål. I tillegg skal me ha nokre animasjonsfilmar som tek opp forskjellige vanskelege tema og kjensler knytta til desse, forklarer Kristin Lyse.
 

Nettsida tek ikkje mål av seg
å forklare alle ting rundt cellegift
og stråling. Det tek dei barne-
ansvarlege på sjukehusa seg av. 

– Kristin Lyse, webredaktør

Ho legg til at ei viktig utfordring i utviklinga av sida er å finna ut kva barn og unge eigentleg lurer på, for det er nok ikkje alltid det dei vaksne trur. Og av den grunn har Pårørendesenteret knytta til seg tre skuleklassar, frå høvesvis barnetrinn, ungdomstrinn og vidaregåande. Desse elevane skal fungera som ei referansegruppe i arbeidet med nettsida og sikra at tilbodet blir brukarvenleg og forståeleg.

Ein studietur til Danmark og organisasjonen Børns Vilkår har også vore til stor inspirasjon.

– Børns Vilkår har ein digital brevkasse der barn kan skriva inn og spørja om alt dei lurer på. Somme spørsmål hamnar i eit eige forum for barn, kor dei får svar frå jamaldringar. Andre spørsmål blir svara på av vaksne. Brev og svar blir i anonymisert form publiserte på nettsida. Slik får ein heile tida tilgang på stoff som er personleg, aktuelt og relevant for målgruppa. Håpet er at me også kan få til noko liknande på vår nettside, seier Lyse.


Kva er gale i min heim?

På sikt er også håpet å tilby podcast og vera til staden på YouTube.

Ifølge Kristin Lyse skal nettsida ikkje innehalde så veldig mange element. Det viktigaste er å skape eit innhald som treff dei ulike aldersgruppene sine behov, understrekar ho.

– Me må også hugse at mange av barna i målgruppa kanskje ikkje har ei klar forståing av kva som er gale heime, dei har berre ei kjensle av at noko skurrar. Og då veit dei heller ikkje kva dei leitar etter. Desse må me også finna måtar å få slusa inn til oss. Tenk deg at eit barn googlar: «Hvorfor er far så sint?» Håpet er då at dei kjem til vår side og der kan få nokre svar, om kva som kan gjera folk sinte. Ein slik kunnskap kan i sin tur gjera det enklare for barnet å gå til mor og seie; eg veit at det er noko som ikkje er som det skal, eksemplifiserer Kristin Lyse.


Kva sjukdom gjer med familien

For å best kunna møta dei som ikkje veit kva dei treng, planlegg Pårørendesenteret at nettstaden også skal ha ei ordsky med ulike klikkbare tema. Der kan barnet finne ut kva som er normalt og unormalt når det gjeld forskjellige kjensler. I tillegg vil barnet få informasjon om situasjonar og sjukdommar som kan gi folk slike kjensler.

– Nettsida tek ikkje mål av seg å forklare alle ting rundt cellegift og stråling. Det tek dei barneansvarlege på sjukehusa seg av. Vår oppgåve er å fortelje noko om kva til dømes kreft gjer med familien og kjensler knytta til dette.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut