← Gå tilbake

Dina
Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

Vegen til eit pårørandevennleg samfunn

Velferd for enkeltmenneske blir skapt på kryss og tvers gjennom både formelle og uformelle nettverk. Ved å setje dette i system, vil pårørande få langt fleire å dela børa med, ifølgje Dina vom Heimburg. Ho deltek under årets Pårørendekonferanse i Sandnes med føredraget "Samskaping av velferd".
Heimburg er folkehelsekoordinator i Levanger kommune og doktorgradsstipendiat i sosiologi ved Nord universitet.
 

Dei viktigaste folkehelsearenaene

"Det treng en hel landsby" heiter doktorgradsarbeidet hennar og handlar om samskaping av helsefremjande og inkluderande fellesskap, med utgangspunkt i barnehagen som møteplass i lokalsamfunnet. Ifølgje Heimburg er barnehagar og skular som jobbar saman med lokalsamfunnet, samfunnets viktigaste folkehelsearenaer. Sosiale ulikskapar i helse og meistringsevne er dei største folkehelseutfordringane me har, hevdar ho.

Hennar funn viser at menneske som har gode nettverk og opplever sosial støtte, er lukkelegare og meistrar livet betre. Det tåler óg kriser og krevjande situasjonar betre, blir sjeldnare sjuke og tåler sjukdom betre.
 

Velferd ei felles oppgåve

– Eg ser velferd som ei felles oppgåve og ansvar i eit samfunn. Ein kan sjå på ein kommune som ein formell organisasjon, men ein kan óg sjå på ein kommune som eit lokalsamfunn der mange gode krefter går saman om å skape velferd, seier Dina von Heimburg. Ho meiner det er eit felles ansvar for både offentlege tenester og enkeltmenneske å saman arbeide for at innbyggjarane i kommunen får gode liv.

– I dette puslespelet er pårørande ei viktig brikke, men dersom ein står saman i ein større fellesskap vil ikkje pårørande kjenna seg så åleine, fordi dei har ein landsby rundt seg, poengterer ho.
 

Barnehagen som møteplass

I doktorgradsarbeidet utforska ho korleis samskaping styrka det sosiale fellesskapet og inkluderinga blant familiar til barn i barnehagealder. Barnehagen er ikkje berre ein institusjon, men óg ein møteplass i samfunnet, meiner Heimburg.

Det heile munnar uansett ut i at alle menneske er avhengige av andre menneske, og her står dei pårørande sentralt, påpeiker ho.
 
 
 
 

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Familiemedlemmet tok opp rundt 5,5 millioner kroner i «Trine» og ektemannens navn. Ekteparet i sekstiårene risikerer nå å måtte selge huset og gå personlig konkurs.
 

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten