espen gulbrandsen
Espen Gulbrandsen frå Sandnes trong ei stund på å forsona seg med at han i tillegg til ektemann også skulle vera pårørande til kona si.

Å akseptere situasjonen gjorde alt lettare

Espen Gulbrandsen (40) var van med å ha ei kone som fiksa alt på strak arm, jobb, familie og barn. Det tok halvtanna år før han forstod at energibomba i familien, aldri meir ville komma tilbake.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
«Du leite
og du finne
kraft for ein nye dag
Den komme
og forsvinne.
Du tar mørke på rutine
dårlig nytt av alle slag
Du går
i blinde
på line.
Og de du møde har'kje det som ska te
for å forstå»


Komplikasjonar etter ein øyreoperasjon i 2013 gjorde at kona hans gjennom 20 år, Miriam, blei ein skugge av seg sjølv, på grunn av lammingar, krampar og energiløyse.

– Eg takla det ikkje så bra den første tida, eg var veldig frustrert. Først då eg tok inn over meg og greidde å akseptere at dette ville bli den nye normalen frå nå av, blei det mykje lettare, forklarer han.

– Me får mykje igjen for å involvera andre, ikkje minst med tanke på barna.

Ekteskapet er styrka

 
Førtiåringen legg ikkje skjul på at dei siste åra har vore tøffe, men han meiner sjukdommen har ført han og kona nærare einannan.

– Eg vil påstå at me har det endå betre som par nå enn før, og me hadde det bra før også, presiserer han.

For han og kona tok eit val om å vera opne, både med kvarandre og med familie og vennekrins. Dei har våga å be om hjelp og blitt møtte med mykje omsorg. Dei har saman funne motet til å visa seg sårbare saman med andre og ta ned fasaden.

«Men en dag
vil det snu
Det e lov å lengta
Det e lov å lengta
Ja, en dag
oppdage du
At byrden har letta
Byrden har letta»

 
Og det som dei før tykte kunne vera kleint, har vist seg å bli ei kjelde til styrke og nært venskap.

– Mange i vanskelege livssituasjonar isolerer seg, for det krev mot å be om hjelp, men me får mykje igjen for å involvera andre, ikkje minst med tanke på barna.

Me var midt i den mest hektiske småbarnsfasen då Miriam blei sjuk, det har difor vore avgjerande at våre barn har blitt vande med og trygge på andre menneske i periodar kor me har hatt trong for avlastning, forklarer han.

– Det viktigaste er å vera saman, ikkje at huset er nyvaska.

Din rolle som pårørende 
Lurer du på hva som er vanlige reaksjoner og belastninger, og hvordan din rolle og hverdagsliv endres som pårørende? Klikk deg videre på linkene til høyre for mer informasjon om disse temaene.

Kona har sett meg 

Espen trur han er blitt meir empatisk som menneske etter å ha vore gjennom denne prosessen.

– For meg har det også vore nyttig å ha kontakt med andre pårørande. Ein kompis som har stått i ein liknande situasjon har vore til stor støtte, fortel han.

Gulbrandsen legg til at også kona har vore medviten på å sjå hans behov som pårørande oppi det heile.

– Difor har eg fått gjera mine eigne ting, som å reisa på guttetur og festival. Det gir påfyll til å stå i kvardagen.

Espen likar også å gå turar og dykka inn i musikken. Nyleg slapp han sitt debutalbum, kor kona også er med som korist. Songtekstane speglar tydeleg korleis han som pårørande har hatt det.

«De som drømme om diamanter
se, de springe rundt i ring
De får'kje mye forståelse fra deg
For det du savne kan'kje løysas med
pengar eller ting
Du går inn i dagen med måte
Og blåe himmel
og strålar av sol
hjelpe lide nå»

Ser kva som er viktig

Sjukdommen har også lært oss til å fira på krava. Det viktigaste er å vera saman, ikkje at huset er nyvaska, understrekar han. Nå er tilstanden til Miriam blitt betre og paret ser fram til å flytta inn i nytt hus.


Her kan du lytta til låta «Lov Å Lengta» som er sitata i teksten er tatt frå. Songen er ein av fleire på EP'en «E.Gulbrandsen & Ko No. 1/3»:

https://youtu.be/8iheWGdUeSs

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Utsegna kjem frå Håvard Aagesen (50), tidlegare kreftpasient. For åtte år sidan gjekk han ut frå Radiumhospitalet ferdigbehandla for kreft. Både han og dei pårørande gledde seg til at livet skulle venda tilbake til det dei kjende frå før. Det gjorde det ikkje. Så langt derifrå.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet