Bente Gunnarshaug, helserådgivar
Helserådgivaren i Stavanger kommune, Bente Gunnarshaug, veit mykje om det å vera pårørande, basert på eigne erfaringar gjennom eit langt liv.

Helserådgivaren i Stavanger kommune:
- Eg veit mykje om det å vera pårørande

Som pårørande har Bente Gunnarshaug opplevd pårørandeomsorg både av Rolls Royce og Lada-kvalitet.
Bente er utdanna fysioterapeut. Nå arbeider ho som spesialrådgivar i Helse og Velferd i Stavanger kommune. Ho er dermed med og bestemmer korleis pårørande til brukarar av kommunens helsetenester blir møtte.

Sjølv har Gunnarshaug stått i ulike pårøranderoller gjennom livet, men felles for alle opplevingane var kjensla av å mangla informasjon.


Tørsta etter informasjon

Ofte måtte ho forhalda seg til mange ulike legar. Ho møtte dårleg koordinering, få tilbakemeldingar og oppdateringar. Ikkje sjeldan opplevde ho også at helsepersonell snakka over hovudet på pasienten og heller vende seg direkte til henne, som om den sjuke ikkje var til stades i rommet.

– Då eg ved eit høve opplevde å få ein e-post av ein lege med utfyllande informasjon om ein operasjon, kjendest det utruleg støttande, minnest ho, sjølv om dette ikkje er en lovleg måte å kommunisere på.

Eit anna lysande eksempel har og brent seg fast. Det var då ein sjukepleiar gav henne visittkortet sitt med beskjed om å berre ringja når som helst om ho lurte på noko.

– Slikt er ikkje enkelt å få til der dei fleste sjukepleiarar berre går rundt med eit skilt kor førenamnet står, erkjenner Bente Gunnarshaug.

Det å gå og venta på ein telefon etter ein risikofylt operasjon er også noko ho har opplevd. Då betyr dei første orda alt for korleis den pårørande tolkar utfallet.

Påvirkning på deg og familien. 

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen? Her kan du lese mer om dette.
– Ved eit høve var den som ringde så drilla i dette, at eg skjønte frå første staving alt hadde gått bra, og slapp å lytta meg gjennom mange ord før eg forstod korleis operasjonen hadde gått. Det betyr mykje når du har gått i heilspenn og venta, understrekar ho.

Å ha ein støttande måte å snakka på kan difor ikkje undervurderast i pårørandeomsorga, meiner ho.

Bente Gunnarshaug meiner tilnærminga til pårørande bør bli meir verdistyrt enn regelstyrt. Ofte er det små, men enkle grep som skal til.

– Somme snakkar om at teieplikta er eit hinder for involvering av pårørande. Det kan enkelt løysast med å innhenta samtykke frå pasienten dersom det er behov for å dela informasjon. Det er viktig at alle tilsette skjønar kor viktige dei pårørande er for oss tenesteytarar, men ikkje minst for pasienten. 

- Satt på spissen, burde alle pårørande helst ha vore utdanna helsepersonell.

Pårørande endå meir sentrale

Å ta pårørande på alvor blir ikkje mindre viktig med tanke på dei store omleggingane som er på gong i dei heimebaserte tenestene, legg ho til.

Det offentlege kan ikkje gjere alt, dermed må frivillige og pårørande endå sterkare inn. Dermed er det også viktig at me får etablert eit tett og forpliktande samarbeid med dei pårørande tidleg i forløpet, før dei er blitt utslitne. Me må støtta dei og laga gode prosedyrar for arbeidsdeling. Kva gjer kommunen og kva er den pårørande sitt ansvar?

Ho viser til at pasientar blir stadig raskare utskrivne frå sjukehus. Då er alltid spørsmålet: Har du nokon heime? Fleire og fleire pasientar må nå følge opp behandling sjølv i samarbeid med pårørande etter eit sjukehusopphald, fortel ho.
Systematisk arbeidBente Gunnarshaug meiner ein må tenkje nytt om dei pårørande og sjå på dei som ein ressurs. – Det er også trong for ei standardisert tilnærming av denne gruppa for å sikre at dei blir behandla likt, uavhengig av kva type utfordringar pasienten slit med, framheld ho.

Universitetet i Stavanger har i samarbeid med Stavanger kommune laga ei sjekkliste for alle tilsette i Stavanger kommune som dei framover skal bruka i møte med pårørande for å sikre at alle får relevant informasjon, og få fram viktige faktorar rundt pasient og pårørande.

Å basera meir ansvar på dei pårørande trur Bente Gunnarshaug kan vera eit gode for samfunnet. Å ta meir omsorg tilbake til heimen er noko andre kulturar er meir vande med enn nordmenn.

Komplisert landskap

– Skal me ha ei berekraftig omsorg framover kan me ikkje la det offentlege ta ansvar åleine, me treng dei pårørande med på laget. Difor er det også så viktig at me får til ei arbeidsdeling mellom det offentlege og dei pårørande som sikrar at dei sistnemnde ikkje blir utslitne, for samfunnsøkonomisk er ingen tente med at ein får to pasientar i stadet for ein, forklarer ho.

Frå si private pårørandeerfaring har ho registrert at ho er blitt flinkare til å etterspørje informasjon med alderen.

Men det er krevjande. Satt på spissen, burde alle pårørande helst ha vore utdanna helsepersonell, for det er eit veldig kompleks system å ferdast i, erkjenner ho.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Margaret og Håkon Helgøy frå Hjelmeland hadde 13 funksjonsfriske barnebarn då Synne blei fødd for fem år sidan. 

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet