morten joachim henriksen4
Morten Joachim Henriksen er eit døme på at det kan gå godt sjølv om utgangspunktet er dystert.

Han tok livet sitt til scenen

Dramatikar og regissør Morten Joachim Henriksen (42 ) frå Drammen vaks opp med rusavhengige foreldre og ein rusavhengig bror. Kunne det gå bra? Jo, faktisk.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
Morten Joachim brukar familiehistoria si i jobben sin og reiser nå landet rundt med framsyninga «Fire begravelser og et bryllup».
 

Skreiv livet sitt

Teksten han framfører har han brukt ti år på å skriva. Ved hjelp av store dosar ramsvart humor og nådelaus ironi tek han publikum inn i ein oppvekst utanom det vanlege. Han dissekerer eigne kjensler og motiv, og me får ta del i hans ambivalente forhold til familiemedlemma.

Framsyninga vekkjer gjenkjenning hjå mange, fortel Henriksen. Han skildrar sorga over å ikkje vera viktig nok til at foreldra tok seg saman, mismotet og skamma over alt det merkelege dei han elska kunne få seg til å gjera og seia. Då stefaren døyr som den siste av hans næraste, gret Morten Joachim av lette fordi han ikkje hatar han.

– Planen min var aldri at historia skulle framførast frå nokon scene. Eg skreiv for å reflektere over kvifor eg har blitt som eg er blitt, kvifor eg føler det eg føler, og tek dei vala eg gjer. Samstundes blei det å skriva livet mitt ein form for terapi, seier 42-åringen.

Han kan i dag trygt slå fast at han lever eit godt liv, kor han ikkje lenger er bitter eller treng terapi, fordi han har forsona seg med det som blei hans liv dei første åra han levde her på jorda.

– Bodskapet mitt er at du må forstå at du er nøydd til å ta ansvar for ditt eige liv. 

Ønsker du innspill om hvordan du kan ta vare på deg selv?

Her finner du linker som kan være til hjelp.

Legg det bak deg

Visst har eg vore bitter over å ha hatt ein slik oppvekst, men du må leggja vonde ting bak deg.

Bodskapet mitt er at du må forstå at du er nøydd til å ta ansvar for ditt eige liv. Du må stå på eigne bein emosjonelt, uansett kor dårlege kort du har fått utdelt, understrekar han.

Morten Joachim legg til at det ikkje er andre som skal definera ditt eige sjølvbilete. Sjølv om du har narkomane foreldre, så er ikkje dei deg.

– Det gjekk over 20 år før eg skjønte dette, eg skulle hatt hjelp til å forstått dette tidlegare. Mitt råd til barn og unge i dag som veks opp med rus i familien, er å søka hjelp og hugsa å leva sitt eige liv, for du kan ikkje leva andre sine, understrekar han.
 

Nok er nok

Sjølv slutta han på eit punkt å hjelpa foreldra sine. Då hadde han hatt så mange bekymringar og hadde behov for å konsentrera seg om seg sjølv. Det einaste han har dårleg samvit for, er at han ikkje greidde hjelpa broren som enda opp som ein kasteball hjå barnevernet.

I dag er alle tre døde, samt hans biologiske far. Morten Joachim er glad for at han hadde eit bra forhold til dei alle, heilt til det siste. Foreldra hans var rusavhengige heilt frå han blei fødd. Som spedbarn måtte han difor få behandling for heroinabstinens.

Då Morten Joachim nærma seg tenåra, fekk han bu hjå besteforeldra, der bestemor serverte han frukost på senga kvar morgon. Ved sida av frukosten låg det ein temperert klut til å gni svevnen ut av ansiktet med. All den omsorga som han også skulle ønskt hadde blitt broren til del.

– Mitt råd til barn og unge i dag som veks opp med rus i familien, er å søka hjelp og hugsa å leva sitt eige liv, for du kan ikkje leva andre sine.

Har du spørsmål om rus og avhengighet? 

Her finner du linker til steder du kan søke informasjon.

Draumen som brast

Slik beskriv han den unge mannen Morten Joachim sitt ønske om at alt skulle bli bra i familien:

«Fram til deres død håpte jeg at Anne Grethe Berg og Øystein Bergsted skulle bli mamman og pappan min igjen. At de skulle gjenoppstå som to fugl Føniks.

Jeg håpet at Anne Grethe kunne finne kraft til å overvinne rusen, av ren kjærlighet til meg. Og jeg håpet at Øystein skulle bli pappa og sette seg ned med meg å prate. Ta et oppgjør og si:

«Du, dette ble helt feil – det var min skyld at jeg kom i fengsel, og det var min feil at du hadde en helt dustete barndom i begynnelsen. Jeg orka ikke kjempe lenger, og det er jeg lei meg for, for du var verdt å kjempe for, men jeg var ikke sterk nok.»

Men så ble det aldri slik. De var jo ikke sterke nok simpelthen.»


Framsyninga settes fortsatt opp ulike stader, som her i Stavanger i september 2017: http://www.rogaland-teater.no/program/fire-begravelser-og-ett-bryllup

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


For 19 år sidan blei Andreas Wiese og Line Lindsetmo foreldre til Frida og det meste blei annleis.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet