elisabeth n  b  lied (1)

Hjelparen som sjølv fekk hjelp

Som niåring skreiv Elisabeth (38) i dagboka si at ho tykte det var flaut at faren gøymde brennevinsflasker på rommet hennar.
Frå ho var rundt fire år eskalerte farens drikking. Fredagspils og godvêrsspils, blei til ruskevêrspils og stadig hyppigare turar til polet for å skaffa meir drikkevarer. - Far min var ikkje noko typisk festløve, han sat for det meste heime åleine og drakk, fortel Elisabeth N.B. Lied frå Randaberg.
 

Ønskte han skulle døy

Kvifor faren blei alkoholikar er ei gåte, for i ungdommen var han aktiv i idrett og blant dei som drakk minst i gjengen. Også folk ho har snakka med i ettertid er overraska over at faren skulle få denne sjukdommen. Berre 47 år gamal døydde far hennar av hjartesvikt.

Av og til i oppveksten tok dottera seg i å ønska at faren døydde, men då han først gjorde det, blei det likevel ei stor sorg, fortel Elisabeth som var 24 år då ho miste far sin.

- Livet hans dei siste åra var ikkje godt og det var jo greitt at han fekk sleppe, samstundes sakna eg alt det andre ved far min, dei gode sidene han også hadde, seier ho.

Foreldra skilde seg då Elisabeth var 17 år og faren flytte ut or heimen. Åra før hadde vore turbulente og smertefulle både for Elisabeth, mora og veslesøstera. Om nettene blei dei ofte haldne vakne av at faren song og spela høg musikk. Angsten for at han skulle miste røyken slik at det tok fyr, gjorde at søstrene ofte bytte på å halda seg vakne.
 

Ein god far når han var edru

- Men dei dagane han ikkje drakk, var han ein kjærleg far som tok oss på fanget og fortalde kor glad han var i oss. Han prøvde også, med vekslande hell, å vera fotballtrenar.

Far min hadde mykje sjølvironi rundt rusproblemet sitt. Sjølvinnsikt hadde han også. Dersom han var for full når me kom og spurde han om noko, bad han oss alltid gå til mor, fordi han skjøna at han ikkje kunne vera nokon oppdragar i rusa tilstand, forklarer Elisabeth.

Ho legg til at både faren og mora presiserte overfor barna at drikkinga hans ikkje var deira skuld.
 

Eg måtte skjerma meg

- Far var heile tida oppteken av at eg skulle ta vare på meg sjølv, og eg veit han skamma seg og sørgde over det uføret han var hamna oppi, og dei vanskane drikkinga hans skapte for oss.

Det siste året han levde hadde eg ikkje kontakt med han, fordi eg måtte skåna meg sjølv, men i ettertid har eg funne fred med at det var rett avgjerd, fordi eg visste han meinte eg skulle tenkja på meg sjølv, fortel 38-åringen.

Elisabeth minnest ikkje heilt kva tid ho skjøna at det var farens drikking som var det største problemet i heimen. - Då eg var heilt lita var det kranglinga mellom mor og far eg uroa meg over, og eg prøvde ofte å mekla eller heva stemninga heime.

Seinare då eg forstod kva far sleit med, gjorde eg alt som eg i dag veit ikkje nyttar. Eg gøymde drikkevarer, eg vatna ut alkohol, stakk unna bilnøklar, eg tagg, grein og bad om at han skulle slutte å drikke og vere grei mot mor. Stundom gjorde eg ting som mor mi hadde bede far min om å gjere, og gav han æra, berre for å sikra husfreden, minnest Elisabeth.

- Stundom gjorde eg ting som mor mi hadde bede far min om å gjere, og gav han æra, berre for å sikra husfreden.

Barn og unge som pårørende

​Ønsker du å vite mer om barn og unge som pårørende?
Her kan du lese mer om det.

Reservemor for litlesøster

Jenta frykta at foreldra skulle flytte frå kvarandre for ho var livredd for kva som kunne skje når ingen passa på faren. - Heime var mor og eg eit team som hadde som felles mål å hjelpa og redda far min.

Seinare blei også søstera mi meir delaktig i det som skjedde rundt han, men dei første åra minnest eg at eg var veldig opptatt av å skjerma henne mot det som skjedde. På mange måtar blei eg ei reservemor for søster mi.

Faren greidde å vera i arbeid dei første åra av oppveksten hennar, men til slutt drakk han seg frå jobben. Mora var heile tida klippa i familien. Ho forsørgde barna og sytte for rutinar, tryggleik og omsorg. Dermed visste Elisabeth at det var vanleg å eta frukost og kle seg etter vêret då ho flytta for seg sjølv som 16-åring.
 

Gode hjelparar

- Dessutan hadde eg ein lærar i barneskulen som eg følte såg meg litt ekstra. Foreldre til venner bidrog også, anten ved at eg fekk komme på besøk til dei, eller ved at dei besøkte oss, for då roa ting seg heime.

Og ein ungdomskjæraste gjorde ein stor forskjell. - Sjølv om han ikkje kom frå ein familie med rusproblem, skjønte han at eg hadde behov for å halde kontakt med far min, samstundes som kjærasten ga meg omsorg og såg mine behov for hjelp, utan å tvinge hjelpa på meg. I staden venta han på at eg skulle finna ut kven eg var og kva eg trong på eiga hand, seier ho.

Oppveksten har gjort Elisabeth veldig oppteken av å ha kontroll og å ha rutinar i sin eigen familie. - Eg er ikkje hundre prosent avhalds, men eg drikk aldri i nærleiken av barna mine, sjølv om dei truleg ikkje ville tatt skade av at eg drakk litt vin på fest. Og eg er oppteken av at dei skal forstå at alkohol er ein del av verda, difor er det ikkje slik at dei ikkje kan vera til stades der det blir drukke alkohol, presiserer ho.

Livet med ein alkoholisert far har også ført til ein nokre episodar ektefellane mellom. - Heldigvis greier eg ha humor på det i ettertid, men eg hugsar at i starten hadde eg store problem med at mannen min la seg på sofaen for å slappa av litt. Eg blei uroleg og irritert i heile meg, fordi dette truleg trigga minne om far min som låg heilt utslegen på sofaen og som det var uråd å få kontakt med.

Ein annan gong då mannen min og eg dreiv og måla, blei det etter kvart ei ganske intens lukt av ulike kjemikaliar rundt oss. Eg blei meir og meir utilpass og sint, utan at eg skjøna kvifor. Så kom mor brått innom. Ho kommenterte at det lukta gamal alkoholikar i rommet, og då forstod eg kvifor eg var så uroleg, forklarer Elisabeth.

– Eg er ikkje hundre prosent avhalds, men eg drikk aldri i nærleiken av barna mine.

Har du spørsmål angående rus og avhengighet? 

​Her kan du finne informasjon.

Held fast på dei gode minna

For henne som vaksen er det blitt viktig å vise at det går han å få seg eit fullverdig liv på tross av ein trøblete oppvekst. Nå er oppveksten blitt ein verdifull ballast i jobben som virksomhetsleder i Ventilene, som er Kirkens Bymisjon sin organisasjon for unge pårørande.

- Før trudde eg ikkje eg kunne bli hundre prosent lukkeleg før far slutta å drikka. Alt blei målt ut frå han, i staden for å sjå situasjonen ut frå meg sjølv. Det var tøft å vekse opp slik eg gjorde, men eg prøver å konsentrera meg om dei gode minna, fordi dei gir meg mest.

Elisabeth fekk sjølv tak i ein psykolog då ho var 15 år og ho har jamleg fått hjelp til å takle opplevingane i barndommen frå profesjonelle etterpå gjennom terapi og rettleiing.

Som lita sa ho ingenting til vennene om at faren drakk. Elisabeth passa på å ha med folk heim dei dagane magefølelsen hennar sa at faren ikkje ville vera full då ho kom heim frå skulen.

Elisabeth sin kjepphest er at menneske som har hatt ein utfordrande oppvekst må få hjelp til å sjå ressursane sine.
 

Ei verdfull erfaring

- Først må me få hjelp til å stabla oss på beina sjølve, så kan me hjelpa andre. Og det betyr ikkje at alle skal reisa rundt og halde føredrag, slik eg gjer, men denne type oppvekst gjer folk gode til å sjå behov og til å gi omsorg, noko dei kan nytta i eit framtidig yrkesliv.

I staden for å berre tenkja på såra du har fått,  må du sjå på kva positive eigenskapar oppveksten har gitt deg, påpeiker ho.

– I staden for å berre tenkja på såra du har fått,  må du sjå på kva positive eigenskapar oppveksten har gitt deg.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Utsegna kjem frå Håvard Aagesen (50), tidlegare kreftpasient. For åtte år sidan gjekk han ut frå Radiumhospitalet ferdigbehandla for kreft. Både han og dei pårørande gledde seg til at livet skulle venda tilbake til det dei kjende frå før. Det gjorde det ikkje. Så langt derifrå.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet