Karianne sin kjærast er i fengsel

I snart åtte år har «Karianne» vore åleine om barn, hus og heim. Om eit knapt år slepp kjærasten ut, men ho veit ikkje om han får bli i landet.
Den 40 år gamle kvinna vil vera anonym av omsyn til barna og kjærasten. Karianne snakkar nesten aldri om korleis det er å vera pårørande til ein innsatt, men ho føler det er viktig at også denne gruppa får ein stemme.

– Så eg vel å ta ein for laget, seier ho.

For vel sju år sidan fekk kjærasten og far til to av barna hennar ein dom på 11 års fengsel for eit narkotikabrotsverk. Mannen er ikkje norsk statsborgar, og i dommen står det at han etter soning skal utvisast frå landet og ikkje ha rett til å komma tilbake.

Kjærasten og Karianne hevdar han er uskuldig dømt, men no konsentrerer dei seg om å prøve å få oppheva vedtaket om utvisning.


I ei boble

– Eg fekk sjokk då eg fekk beskjed om at han sat i varetekt. Det tok ganske lang tid før eg fekk snakka med han sjølv. Eg oppsøkte eit senter for pårørande i heimbyen min. Dei hjelpte meg å få kontakt med han. Der fekk eg også vita kva rettar eg har som pårørande og dei forklarte meg prosessane i samband med fengsling. Barna mine var også med i ei eiga barnegruppe i regi av senteret kor dei kunne få snakka om kjenslene sine.

Dei første åra sona kjærasten i eit fengsel i nærområdet. Karianne tok ofte barna som då var 4 og 6 år gamle med på besøk til faren, men for henne var det ei like stor påkjenning kvar gong. Og barna kjeda seg ofte på besøksrommet kor leikene var øydelagde og møblane falleferdige. Det var kjekkare dei gongene familien fekk møtast i gymsalen, minnest ho.

– Han prioriterer samvær med barna i permisjonane, og prøver så godt han kan og ta att noko av det tapte. Oss to som par blir det mindre tid til. 

Skrekkens sti

– Kor bra besøka i fengselet blei for meg og barna avhang i stor grad av kven som var på jobb. Ikkje alle tilsette i fengselet hadde like godt blikk for barn. For meg var det uansett heile tida ei stor påkjenning å gå den lange stien opp mot porten, å bli låst gjennom ei rekke dører med eit barn i kvar hand. Det var også sårt at teikningar dei hadde laga til faren, aldri kunne gis direkte til han, men alltid måtte gå runden om nokon andre.

– Så etter ei stund besøkte me han sjeldnare og sjeldnare. Det blei for sårt og vanskeleg, rett og slett. Stort betre var det ikkje å besøke han åleine. Då blei me tildelt eit rom utan innsyn med ei seng, handklede, laken og dusj.  Det var ingen tvil om kva aktivitet rommet var lagt opp til og du kunne kjenna lukta etter andre og i skittentøykorga skimta du brukte laken. For meg blei det heilt feil å møtast i slike omgjevnadar, fortel ho.

Påvirkning på deg og familien. 

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen? Her kan du lese mer om dette.

Fengselet må ta grep

Karianne meiner fengselet har ein lang veg å gå for å gjera tilhøva litt meir innbydande og trivelege for pårørande på besøk.

Kjærasten skjønte ikkje kvifor ho og barna ikkje ville komme på besøk så ofte. For han var besøka høgdepunktet i veka, men då han blei flytta til eit fengsel på ein annan kant av landet, kunne familien uansett ikkje besøke han, for det hadde dei ikkje råd til.

Karianne følte det var enklare å snakke på telefon. Og like etter han blei fengsla heldt dei kontakten gjennom brev.

– I starten var det uvant for meg å skrive ned kjensler, men totalt sett har fengselsopphaldet lært kjærasten min og meg å prate saman på ein annan måte enn me gjorde før. Forholdet vårt er også blitt sterkare. Etter å ha opplevd så mykje vondt saman, kan eg ikkje skjøna kva som kan skilja oss nå. Me to ønsker å bli gamle saman.


I det nye fengselet fekk kjærasten det friare.

– Han hadde ikkje godt av å vera så mykje innelåst. På den nye staden vidareutdanna han seg og kom i jobb. Han har vore ein eksemplarisk innsatt og bur nå i nabobyen i ein overgangsbustad. Her har han skaffa seg fast arbeid og er regelmessig heime hjå oss på permisjon.

Trenger du å snakke med noen? 

Ta kontakt med For Fangers Pårørende

– Helsa mi lir

Like etter ho fekk det yngste barnet fekk ho ein kronisk fysisk sjukdom. Som åleinemor til to barn blir det lite tid til å skjøtta eiga helse. Mor hennar har også slite psykisk etter at svigersonen blei fengsla.

– Eg burde nok vore til behandling på sjukehus, men eg har ikkje tid. Økonomien er også dårleg, for eg er uføretrygda. Kjærasten min må spara pengar til advokat for å prøva å få tatt opp saka si på nytt, så han kan heller ikkje hjelpa til så mykje akkurat nå. Heldigvis har eg ei mor som har hjelpt meg mykje økonomisk, for det kostar å ha barn som skal delta på ulike idrettsarrangement.

– Men barna merker jo etter kvart at me lever annleis enn andre. Ikkje har me hytte eller båt og me reiser aldri på ferie, korkje i Norge eller til utlandet. Me bur også trongt og eg har gamal bil. Nå sel eg av og til gamle ting på Finn. Pengane set eg inn på ein eigen cup-konto.

Dersom kjærasten får bli i Norge, gler ho seg til at familien kan kjøpa seg hus. Nå bur dei så trongt at minsteguten søv i senga hennar, og eldstedottera har dei ikkje ein gong soveplass til når ho er på besøk.
 

– Kva er Vipps?

Karianne ser at det er mykje kjærasten ikkje har halde tritt med i fengselet, til dømes den digitale utviklinga.

– Han har jo i fleire år også vore utan mobiltelefon og difor utan kjennskap til sosiale medium, som knapt var oppfunne då han blei fengsla. Dotter vår har nyleg gitt han opplæring i Snapchat. Men det er ennå mykje han ikkje kan. Nettopp spurte han meg om kva Vipps er for noko.

Ulike forventingar

Det er ikkje alltid helgebesøka heime blir som paret hadde tenkt seg. Det kan bli veldig bra, men somme gonger heilt pyton.

Av og til krasjar ulike forventningar, og den eine eller begge endar opp skuffa, men for det meste har dei det fint i lag.

– Han prioriterer samvær med barna i permisjonane, og prøver så godt han kan og ta att noko av det tapte. Oss to som par blir det mindre tid til. Begge barna er veldig knytte til far sin, sjølv om han har site i fengsel det meste av oppveksten deira. Den eldste dotter mi som har ein annan biologisk far, reknar han også som far, fortel Karianne.

– Den yngste hugsar ikkje faren som ein fri mann, men faren har vore flink til å halde kontakten med barna via telefon og under ein permisjon nyleg drog han og sonen vår på guttetur for første gong.

Det var stort for minstemann som har sakna ein farsfigur i desse åra, seier Karianne.

Like etter far deira blei fengsla våga ho ikkje å seie kva som hadde skjedd. Ho sa i staden at faren hadde reist bort for å jobba. Men etter ei tid måtte sanninga fram. Karianne bad då kjærasten sjølv ringe og forklare barna sine kva som hadde skjedd.
 

«Politiet er dumme»

– Begge var så små då at dei ikkje heilt forstod kva fengsel eigentleg er, men begge meinte politiet var dumme.

Den yngste fortalde villig vekk til alle som ville høyra at faren var i fengsel.

– Eg hugsar ein gong han forklarte trenaren at han ikkje kunne vera med på kamp fordi han skulle besøka faren i fengsel. Eg kikka bort på trenaren for å sjå korleis han tok det, men det gjekk bra.

– Politiet var også til stades i eldstebarnet sin konfirmasjon. Då sette me dei rett og slett til å servera.

Karianne har aldri lagt føringar for kva barna kan fortelja omverda.

– Dei får seia så mykje dei sjølv ønsker. Føler dei press til å seie meir enn dei vil, har eg gitt dei råd om å gå vekk, forklarer ho.

Det eldste barnet opplevde ein del mobbing på skulen fordi faren sat i fengsel. Mora valde difor å informera foreldra på eit møte om kva han var fengsla for.
 

Han er ikkje farleg 

– Eg understreka at han ikkje var farleg og at dei snart kom til å sjå han under permisjonane. Når han har vore ute på permisjon har han hatt politifolk til å passa på seg. Det betydde at han hadde politi med seg viss han skulle sjå barna spela kampar. Politiet var også til stades i eldstebarnet sin konfirmasjon. Då sette me dei rett og slett til å servera, seier Karianne og smiler.

Politifolka blei i denne perioden som ein utvida del av familien. Nå har kjærasten langt større spelerom, og Karianne gler seg til at familien for første gong på desse åra skal få feira både jul og nyttår saman.

Den store spaninga knyter seg til om dei får behandla utvisinga i rettsapparatet på nytt. Karianne har ennå ikkje våga å fortelja barna at faren er dømt til utvising når han slepp ut.

Å flytta til kjærasten sitt heimland er uaktuelt for henne.

Få får vita

Både ho og barna har gått til samtale ved pårørandesenteret i heimbyen. Barna har også delteke i eit eige pårørandeopplegg for barn. Her får dei i tillegg til å snakka gjera mange kjekke ting i lag med jamnaldrande.

Karianne har ikkje hatt kontakt med andre pårørande til fangar, men er med i ei Facebook-gruppe i regi av For Fangers Pårørende. Organisasjonen arrangerer ein del treff, men ingen av desse føregår i nærområdet til Karianne.

Sine inste tankar er det berre mora og kjærasten som får ta del i. Venninnene i lokalmiljøet seier ho lite til. Karianne har ei kjensle av at ingen vil forstå korleis ho har det.

Tårene byrjar å trilla.

– Det er så viktig for oss å halda fasaden, ikkje sant?

Det hender ho er bitter på kjærasten og, fordi han ikkje kjempa hardare for å reinvaska seg. Men så er det ikkje så enkelt for dei innsatte å få ordna med advokatar og andre kontaktar på utsida, så lenge dei ikkje har eigen telefon, erkjenner ho.

– Ungane får seia så mykje dei sjølv ønsker. Føler dei press til å seie meir enn dei vil, har eg gitt dei råd om å gå vekk.

Karianne registrerer også at han blir stressa av å vera saman med mange folk, etter å ha vore så mykje åleine i fengselet. Men ho reknar med at alt vil gå seg til, om han berre får bli i landet.

– Då skal me leva eit normalt familieliv og så ser eg fram til at eg og han kan få råd til å reise litt i lag. Det har me nesten aldri fått gjort sidan barna var så små då han hamna i fengsel, seier Karianne som, tross dei vanskelige åra som ligg bak ho og familien og dei uavklarte spørsmåla om framtida, ser mykje godt i livet sitt. 

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Eit yrke her i landet har utelukkande pårørande som målgruppe. Gravferdskonsulentane eller bedemennene som dei også blir kalla.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet