Karl Magne Aarhus

Karl Magne sin far var sakna i 32 år

Då Karl Magne Aarhus frå Suldal var 15 år forsvann far hans, Leiv Aarhus, i heia. Store mannskap leita etter faren i veker, men dei fann berre børsa og sekken hans.
avisoppslagDet blei skipa til minnestund utan kiste. Først 32 år seinare fekk slekta ei grav å gå til. Leiv var far til sju barn. Karl Magne, som nå er 60 år, var den yngste.

60-åringen har lang erfaring i det å vera pårørande til ein som er sakna, og tenkjer alltid litt ekstra på menneske han høyrer om i media som ikkje veit kva som har skjedd med sine kjære.


Kikka litt ekstra
– Det var aldri slik at eg trudde han levde, det håpet svann etter eit par dagar, for me visste at han fort ville frysa i hel i heia om han låg med brekt fot. Likevel blei det jo slik at eg kikka litt ekstra rundt meg når eg var i heia. Kikka kanskje inn i urer og lurte på om eg ville finna noko, seier han.

Familien fekk fred då Leiv Aarhus heilt uventa blei funnen av ein ung gut på sauesamling i september 2006. Dette kjem tydeleg til uttrykk i dødsannonsen, der det stod:

 

I heia du vart født
I heia du forsvann
I 32 år me levde i uvisse
Om din skjebne
Nå er du komen til rette
og me har fått fred.

Det var om morgonen like før Karl Magne skulle gå på skulen, at ein eldre bror kom heim frå fjellet og fortalde at faren var blitt borte. 70-åringen dukka aldri opp på hytta der jegerane skulle overnatta. Skodda låg tjukk og været var kaldt og vått då han forsvann.

Det blei sett i sving ein storstilt leiteaksjon kor rundt 100 menneske var involverte på det meste. Mange av mannskapa var innom i heimen der Karl Magne budde saman med mora. Også dei eldste søskena var mykje heime under leitinga. Ungguten lytta til det som blei sagt, men kan ikkje sjølv hugsa at han spurde om så mykje.

Påvirkning på deg og familien. 

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen? Her kan du lese mer om dette.

Kontakta ein synsk

– Men eg og fleire andre var temmeleg sikre på at far hadde falle i eit vatn i området, då dagane gjekk og han ikkje blei funnen. Rundt vatnet var det glatte berg og snøfenner. Han har truleg glidd ned i vatnet. Ein dykkar prøvde å leita, men i 1974 hadde dei ikkje utstyr til søkja i så djupe og mørke vatn. Med dagens utstyr kan dykkarar finna folk nede i havet i fleire veker etter ei ulukke. Hadde ein hatt slikt utstyr den gong, hadde nok far blitt funnen raskt, trur Karl Magne Aarhus.

Familien kontakta også ein synsk person i von om å finna Leiv Aarhus, men den klarsynte kunne ikkje sjå kvar han var, fortel sonen.

I den tid var det heller ikkje snakk om noko krisehjelp til ein familie i sorg. Både han, mora og dei  andre søskena måtte greia seg som best dei kunne utan noko hjelp frå kriseteam.

– Men eg hugsar eg fekk høgste sats for stipend då eg skulle på vidaregåande skule, sidan mor mi var blitt einsleg forsørgjar, fortel han.

– Eg gjekk jo også og kikka etter han viss eg gjekk i heia på stader eg vanlegvis ikkje gjekk. 

Farvel utan kiste
Karl Magne hugsar godt minnesamlinga i ungdomshuset i heimbygda som sette ein symbolsk sluttstrek for farens liv.

– Det blei på ein måte som ei gravferd, men den døde mangla jo, og heile familien hadde eit ønske om å få ei grav. Men ettersom åra gjekk forsvann håpet om å finna han. Likevel blei me jo stadig minna på det som hadde skjedd gjennom klede og utstyr som var igjen etter far heime. Eg gjekk jo også og kikka etter han viss eg gjekk i heia på stader eg vanlegvis ikkje gjekk. Då hende det eg kikka litt ekstra i urer og frametter. For tanken om at han kunne dukka opp, slapp ikkje taket heilt, vedgår sonen.

– Det kjennest godt å ha dei døde i familien samla på gravplassen. Å ikkje vita kvar nokon er, er inga god kjensle.

Godt å ha ei grav

Sonen gav DNA slik at politiet hadde nokon å matcha den dødes DNA med og etter nokre veker blei det endeleg stadfesta at det var Leiv Aarhus som var funnen.

Historia om den sakna jegeren som blei funnen igjen etter 32 år spreidde seg fort og blei også fanga opp av media. Det tok ikkje lang tid før Karl Magne hadde dei første journalistane på tråden. Gravferda blei også dekt av ulike aviser.

– Det kjennest godt å ha dei døde i familien samla på gravplassen. Å ikkje vita kvar nokon er, er inga god kjensle. Det beste er å få visse, slår Karl Magne Aarhus fast.

Han er glad for at familien ikkje var i ein situasjon der dei frykta at noko kriminelt hadde skjedd.

– For pårørande i slike situasjonar må det kjennast ekstra vanskeleg. I vårt tilfelle visste me jo at han var i heia ein stad, seier han.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


I fjor på denne tida hadde "Hanne" (37), som ynskjer å vere anonym, inga aning om kva skjebnen hadde i bakhand for henne. Ho, ektemannen, og døtrene på ni og tretten levde travle, men svært så normale og gode liv.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten