Marianne Nilsen

Marianne si mor bar på ein vond løyndom

Marianne Nilsen frå Karmøy vaks opp med ei mor som ofte var sjuk og som sleit med store smerter. Men den vesle jenta ante ikkje kva som låg bak. Tidleg byrja ho å tykkja synd i mora, og ho kvidde seg for å gå ut or huset og la henne vere åleine.
Jenta var spent som ei fjør i kroppen, men ho forstod ikkje kva som var gale.

– Først då eg var 15 år sprakk det for mamma og eg fekk vita at ho blei utsett for seksuelle overgrep som lita. 
 

Vil gjera oss synlege

I november skal Marianne ha ei kunstutstilling om konsekvensar av seksuelle overgrep. Utstillinga skal visast på Karmøy på Kopervik kulturhus. Gjennom bileta sine vil ho gje folk eit glimt inn i den pårørande si verd, men bileta vil også uttrykka kjensler og reaksjonar frå den som er utsett for overgrep.

– Tanken bak er å ufarleggjera temaet og synleggjera oss som er barn av overgrepsutsette. Me må kunna snakka om seksuelle overgrep på same måten som me snakkar om alt anna, for framleis er det ofte slik at folk og fagfolk slit med å snakka om overgrep. Det fins faktisk utsette og pårørande som har blitt avvist av hjelpeapparatet når dei har bede om hjelp, fordi desse fagpersonane ikkje taklar å snakka om overgrep. Det er vondt å tenkje på at så mange barn går rundt og teier om det dei har opplevd, fordi omgjevnadane ikkje vil eller orkar å høyre på dei, seier ho.

Mor til Marianne sleit tungt både psykisk og fysisk på grunn av det ho hadde opplevd.
 

På tå hev

– Mamma sleit med depresjon og prøvde å ta livet sitt fleire gonger, så eg var heile tida på vakt. Det mange ikkje er klar over er at seksuelle overgrep også aukar risikoen for fysiske sjukdommar. Då eg var ti fekk mamma ein alvorleg nervesjukdom som heiter Guillain-Barré syndrom. Seinare fekk ho også kreft, fortel Marianne.

Mora døydde av kreft for 4 år sidan. Dei siste åra ho levde var Marianne hennar personlege assistent døgnet rundt. Mora sleit ofte med sterke smerter opp gjennom åra og då ho døydde, var det sjølvsagt eit sjokk og ei stor sorg, men dottera kjende det også godt, fordi mora då blei fri for all sorg og slapp å ha det vondt meir.

Det mange ikkje er klar over er at seksuelle overgrep også aukar risikoen for fysiske sjukdommar.

Det var først då Marianne var i tjueåra det gjekk opp for henne kor mykje ho, mora og søskena hadde gått glipp av. Dei var sjeldan nokon andre stader for mora si helse tillèt ingen reiser eller turar. Sorga over det ho hadde tapt blanda seg med eit sinne mot mora sine overgriparar.

– Mor var berre snill og god. Ho klaga aldri same kor vondt ho hadde det. Ho gjorde så godt ho kunne og ofra seg for alt og alle. Då eg blei eldre hjelpte eg ho i huset. Eg heldt fram med å hjelpe mor etter eg flytta ut. Det blei mange tunge løft, noko som har ført til at eg øydela ryggen og armane mine. Mi historie viser at også pårørande er utsette for helseplager, som eg truleg ikkje hadde fått om mor mi ikkje var eit offer for seksuelle overgrep, framheld ho.

 

Ei hjartesak
Marianne Nilsen brenn for at både utsette og deira pårørande skal få meir og betre hjelp.
 

Dette er noko ho har arbeidd for i årevis og ho var glad då Haugesund fekk si eiga avdeling av SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep) i 2016.

– Ulempa er at barn under 16 år ikkje kan få hjelp her. Difor er eg glad for at Pårørendesenteret tilbyr hjelp til barn som pårørande, men det skulle vore fleire tilbod, påpeiker ho.

Hennar erfaring er at pårørande av overgrepsutsette ofte blir gløymde av hjelpeapparatet. Også ho har kjent seg veldig isolert som pårørande. Sjølv har ho greidd å bearbeida det ho har opplevd utan å gå til fagfolk. For henne har det vore hjelp i å arbeida for å få til eit lågterskeltilbod for sine likesinna.

– Gjennom dette arbeidet har eg skaffa meg mykje kunnskap om temaet og det har vore til hjelp for meg. Ved å måla får eg også uttrykt mange kjensler. Bileta på utstillinga er blitt til i løpet av dei fire åra etter at mor døydde. Det har gått litt i rykk og napp, for det er eit tøft tema å arbeide med, så eg har ikkje greidd å måle heile tida, men no er snart alle bileta klare til utstillinga.

I sin kamp for dei pårørande har ho også møtt mange med liknande erfaring som seg sjølv.

 

Mange ber tungt

– Folk har ein tendens til å opna seg for meg. Eg har høyrt mange vonde historier, både fra utsette og pårørande. Felles for mange er at dei aldri har fortalt nokon om overgrepet tidlegare, og etter samtalen er det sjeldan eg ser dei att. Dette handlar nok om at dei føler at dei har blottstilt seg og det difor kan være vanskeleg å treffa meg igjen. Eg har også møtt utsatte og pårørande som føler dei må skjula det dei har opplevd, anten fordi dei fryktar å ikkje bli trudde, eller så er dei redde for å bli utstøytte av familie og vennekrins. Alle som har teke kontakt med meg råder eg til å ta kontakt med lege, psykolog eller SMISO, for eg kan ikkje driva behandling, påpeiker ho.

Barn og unge

​Her kan du lese mer om barn og unge som pårørende.

Håpet hennar er at også andre pårørande og utsette med liknande erfaringar som henne vil bli med å måle/teikne bilete til utstillinga. Ho vil også invitera fagfolk. Utstillinga er open for alle, både utsette, pårørande, fagfolk og andre som vil vite meir om temaet.

Etterpå vil ho halda fram arbeidet med å løfta fram sine likesinna og kjempa for at tilbodet til denne gruppa skal bli betre og meir synleg.

– Mitt ønskje er at pårørande skal få ei god innføring i kva den overgrepsutsette har vore gjennom og kva konsekvensar dette har. Dei pårørande må få vite kvar dei kan få hjelp, og då må dei bli viste til ein stad der dei føler dei kan spørje om alt, seier Marianne Nilsen.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Marianne Nilsen frå Karmøy vaks opp med ei mor som ofte var sjuk og som sleit med store smerter. Men den vesle jenta ante ikkje kva som låg bak. Tidleg byrja ho å tykkja synd i mora, og ho kvidde seg for å gå ut or huset og la henne vere åleine.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet