%c3%85rst
Å vera pårørande til ein rusmisbrukar gjer deg desperat og rådvill. Det veit Ole Martin Årst alt om. Men han veit også alt om gleda over å vera broren til ei som er blitt rusfri. (Foto: Matti Bernitz Pedersen)

Ole Martin Årst: Frå sliten pårørande til superstolt bror

Ole Martin Årst har følgd søstera sin kamp mot rusen tett i mange år. Den tidlegare fotballspelaren har vore grenselaust trøytt, motlaus og sint, men då er også gleda ekstra stor over at søstera nå har vore rusfri i 12 år.
- Søster mi har gått frå å vere ei stor belastning for heile familien, til å bli den største ressursen av oss alle. Det er utruleg befriande, fortel ein tilfreds litlebror, som for lengst har seinka skuldrene etter mange år i alarmmodus.
 

Nå hjelper ho andre

Søstera brukar i dag erfaringa si i arbeidet med andre rusmisbrukarar. Ifølge broren legg ho heile sjela i jobben og gjer ein fantastisk innsats for menneske som er der ho sjølv ein gong var.

Ole Martin og søstera har heile livet hatt eit tett band, også i dei tunge åra, men litlebroren er glad åra med løgner er forbi og at tilliten er bygd opp att.

43 år gamle Årst fortel at heile kjernefamilien trødde til for søstera då ho la korta på bordet og fortalde at ho var blitt stoffavhengig. I åra som kom var det også familien som sytte for at ho heile tida fekk vera mor for barnet sitt, for når det stod på som verst, tok besteforeldra på begge sider hand om barnet.

- Å ha gode pårørande rundt seg er avgjerande, dei som står åleine, kjem sjeldnare ut av misbruk, fortel Ole Martin som gjennom søstera har blitt godt kjent med mange rusmisbrukarar.
 

Søstera lurte alle

Søstera byrja å rusa seg i tenåra. Familien fann det ut då ho var i  20-åra. Då hadde ho sambuar og eit barn som ho var heime med. I fleire år dreiv ho med heimemisbruk utan at dei næraste forstod noko, for ho skjøtta familielivet på vanleg vis.

- I ettertid ser eg jo at det var ting som skurra. Det er skremmande kor blind ein kan bli når det gjeld dei næraste. På den andre sida er ein rusmisbrukar ein meister i å lyga.

Eg hugsar spesielt ein gong. Søster mi skulle få låna bilen min ei helg eg spelte bortekamp. Då eg fekk bilen tilbake fann eg femti eingongssprøyter i hanskerommet. Eg spurde straks søster mi kva dette var for noko. Forklaringa hennar var at sambuaren hadde fått ein nyresjukdom og at dei begge lurte fælt på kvar sprøytene var.

Og eg beit på. I tillegg merka eg ho hadde eit høgt forbruk, for ho lånte ofte pengar av meg. Det hende også at det forsvann gjenstandar etter ho hadde vore på besøk. Tynn blei ho også, men det fall meg ikkje inn å tenkja på rus, eg trudde heller det var noko psykisk, fortel Ole Martin.

Akkurat då han som 20-åring hadde byrja å spela i Tippeligaen la søstera alle korta på bordet. Ho var avhengig av stoff og hadde dessutan ei stor narkogjeld.
 

Kaos og lite informasjon

Ole Martin og foreldra tok hand om gjelda og søstera sa seg villig til å ta i mot behandling.

Det blei eit langt og slitsamt løp for både søstera og dei pårørande. Ho gjekk på sprekk etter sprekk.  Dei pårørande vakla mellom håp og fortviling. Søstera fekk først morfin og andre medikament som ho sjølv skulle administrere, noko som ikkje gjekk bra.

- Søstera mi fekk styra mykje sjølv. Me pårørande fekk ikkje vita noko, anna enn gjennom henne. Det var elles ingen tilbod for oss pårørande, me måtte søkja informasjon på nettet. Eg hugsar ennå kor rådville me var. Alt var kaotisk og uoversiktleg, me hadde ingen til å gi oss gode svar, fortel han.

Søstera fekk etter ei stund med mislukka avvenning, overtalt familien til å dra til Portugal for å få operert inn eit implantat som skulle gjere henne immun mot narkotiske stoff i tre månadar. I tillegg til implantatet måtte ho også ta ein del medisinar som skulle erstatta heroinen.

- Dette førte til eit sidemisbruk utan sidestykke, og etter tre månadar då implantatet slutta å virka, var ho på kjøret igjen, så alt me gjorde var å kjøpa oss eit falskt håp, påpeiker Årst. Etter dette bytta søstera fastlege, og denne legen meiner broren blei redninga hennar. Søstera fekk då legemiddelassistert rehabilitering (også kalla LAR). 

- Eg hugsar ennå kor rådville me var. Alt var kaotisk og uoversiktleg, me hadde ingen til å gi oss gode svar.

Påvirkning på deg og familien. 

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen? Her kan du lese mer om dette.

Våg å stilla krav

Fastlegen tok både henne og dei pårørande på alvor. Legen gav dei alle informasjon, og ikkje minst; han stilte harde krav til søstera, og han kravde at dei pårørande også stilte krav til henne.

Ole Martin fortel at fram til då hadde dei heile tida prøvd å gjera alt så motstandslaust og lett for henne som mogleg, for det var jo så synd på henne.
Det var feil. Å seie stakkars deg heile tida, gjer ofte vegen ut av rusmisbruk lenger.

- Det ligg mykje omsorg i det å stilla tøffe, men overkomelege krav. Dermed byrja me til dømes å krevja at ho leverte urinprøvar til rett tid og ikkje minst at me i familien også skulle ha tilgang til informasjon om hennar helsetilstand frå fagfolk.

Før hadde alt berre gått gjennom henne. Nå fekk me på plass ei heil ansvarsgruppe rundt søster mi. Pengar lånte me henne heller ikkje, med mindre me visste nøyaktig kva dei blei brukte til, forklarer Ole Martin.

Ved å bli stilt krav til auka også søstera sin motivasjon til å komma seg ut av misbruket. Årst legg til at heller ikkje denne runden blei enkel, men det gjekk stadig framover.
 

Lista seg på tå

43-åringen minnest korleis alle i familien lista seg rundt søstera. Til tider kunne han vera rasande på henne, men han våga sjeldan visa sinnet til henne, for korleis kunne han vere sint på ei som sleit så tungt?

- I staden blei det til at eg og foreldra mine kjefta på kvarandre, påpeiker han. Ole Martin kan også framleis hugsa at han ofte sov dårleg og hadde vondt i magen. Frykta for at søstera skulle ta ein overdose hang over han heile tida.

- Du blir dessutan så redd for å glede deg over ting, for du ventar heile tida på neste nedtur, fortel han. Midt oppi søstera sin kamp, skaut Ole Martin si fotballkarriere for alvor fart. I 1997 blei han kjøpt av ein belgisk toppklubb.
 

Eg måtte ha mitt liv 

- Det var aldri i mine tankar å ikkje reise. Dette var gutedraumen som gjekk i oppfylling. Søster mi ville også eg skulle dra, for ho ville ikkje ha ansvaret etterpå for at eg ikkje fekk gå etter draumen min. Det hadde nok på ingen måte hjelpt henne vidare.

Hadde eg hatt eit yrke der eg kunne halde på heile livet, hadde eg kanskje vald annleis, men for ein fotballspelar er det ikkje slik. Eg hadde ikkje heile livet føre meg. Eg skjøna at eg ikkje kunne la dette med søstera mi ta over heile livet mitt, så for meg blei fotballen eit naudsynt pusterom, men eg sleit med mykje uro i Belgia sidan eg visste det var så mykje kaos heime.

Men under trening og kampar forsvann uroa og eg fekk tankane over på noko anna, så eg er svært takksam for at eg heile tida hadde fotballen, seier han. 
 

Leie av lyging begge to

Ole Martin Årst har ingen problem med å skjøne at pårørande nærast kan gå til grunne av strev og motløyse. Han rår alle til å finne seg eit pusterom, anten det er å gå i fjellet, lese ei bok eller snakke med vener.

- Dei første åra i Belgia snakka eg og søster mi nesten ikkje i telefon. Du kan ikkje vera nokon god pårørande til ein stoffmisbrukar gjennom telefon, for det er så lett å lyga då. Og søster mi laug. Eg visste ho laug og søstera mi visste at eg visste at ho laug, dermed blei det berre til at me ikkje ringde til kvarandre. Det ebba ut.

Men han hadde likevel jamleg kontakt med søstera i feriar, ho kom også på besøk til han fleire gonger.

Etter to år i Belgia blei mora til Ole Martin dødssjuk av kreft. Då tenkte 25-åringen, at no var begeret fullt, nå måtte han la proffliv vera proffliv og komma seg heim til familien i Tromsø. Men det ville ikkje mora høyra snakk om.

– Eg tvilar vel på om eg ville engasjert meg i rusmisbrukarar om det ikkje var for søstera mi.

Har du spørsmål angående rus og avhengighet? 

​Her kan du finne informasjon.

Bli der du er 
Eg skal døy. Om du er der eller ikkje, spelar inga rolle for utfallet, så bli der du er, var den krystallklare beskjeden frå mora. Ole Martin følgde moras råd, men takka vera ein grei, norsk trenar fekk han reise oftare heim til familien i denne perioden før mora døydde.

Etter seks år i Belgia bestemde han seg for å vende heim. Det var fleire årsaker til dette, mellom anna venta han og kona sitt andre barn, men også forholda rundt søstera spela inn. Tilbake i heimbyen byrja han igjen å spele for Tromsø.

- Eg reiste nok heim litt før eg burde, men ei totalvurdering av situasjonen gjorde at det kjendest rett. Heime brukte eg fotballen til å gjera noko bra for rusmisbrukarar. Eg var med og trente dei og me inviterte dei til fotballkampar.

Det kjendest lettare å hjelpa desse som ikkje stod meg så nær, for då blei eg jo heller ikkje så skuffa om dei laug og braut avtalar. Medan eg kunne bli svært sliten av å prøve og hjelpe søster mi, fekk eg energi av å hjelpe desse, forklarer han.

 

Fotballproff og pårørande

Ole Martin Årst er overtydd om at å ha hatt ei rusavhengig søster har prega han som person.

- Dei siste 15 åra har eg engasjert meg litt i sosialt arbeid. Eg tvilar vel på om eg ville engasjert meg i rusmisbrukarar om det ikkje var for søstera mi. Livet mitt har vore fullt av kontrastar.

Kampen hennar har gitt livet mitt ein slags balanse, for som proff fotballspelar er det lett å bli svært egoistisk og gi seg over til eit liv i sus og dus. Det kunne ikkje eg fordi familiesituasjonen heile tida var så krevjande. Men det betyr ingenting, for eg har fått ein annan rikdom i livet.

Då han var fotballspelar snakka han berre med dei næraste og andre med tilsvarande pårørandeerfaring om søstera. - Eg ville ikkje snakke med alle om det, for då ville dei berre tykkje synd på meg, og det var ikkje sympati eg var ute etter.

Eg ville ha råd frå andre som hadde stått i det same som meg, og få vita korleis dei fann ein veg ut. Dessutan var jo rusmisbruk eit tema som var knytt ein del skam til. Det gjorde meg difor veldig godt då statsminister Jens Stoltenberg fortalde om si rusavhengige søster, seier han.

 

Ho har bunde oss saman

All innsatsen som han og familien har lagt ned betyr ingenting nå så lenge alt enda godt. Årst er overtydd om at han og familien er ei viktig årsak til at søstera har blitt frisk og kan gi av seg sjølv til andre.

- Nå er det søster mi som tek seg av far vår i Tromsø sidan eg har flytta til Kristiansand. Det er så fantastisk å sjå korleis ho har blomstra opp. Alt me har vore gjennom har sveisa familien vår endå meir i saman. Me har snakka mykje om dei krevjande åra nå i etterkant. Med ein ballast som vår, er det ikkje lenger krevjande å vera opne, for samanlikna med det me alt har vore gjennom, blir det meste nå som bagatellar å rekna, understrekar han.

Ole Martin Årst sine råd til pårørande av rusmisbrukarar:

  • Skaff deg pusterom. Du har også eit liv.

  • Snakk med nokon som har tilsvarande erfaring som pårørande.

  • Still harde, men realistiske krav. Å seie «stakkar deg» heile tida kan øydeleggja motivasjonen til rusmisbrukaren.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


For 19 år sidan blei Andreas Wiese og Line Lindsetmo foreldre til Frida og det meste blei annleis.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet