Illustrasjonsfoto

Solfrid si dotter ville ikkje gå på skulen

I fleire år har «Solfrid» i time etter time prøvd å overtala dottera til å gå på skulen. Ho har lokka, truga og prøvd å kjøpa jenta til å dra. Heilt desperat har ho vore. Ofte til inga nytte.
(Av omsyn til familien er namna i artikkelen fiktive.)

– Det har vore ei skam knytta til dette, eg har til tider følt eg har gått rundt med ein merkelapp på ryggen kor det står «Dårleg mor». For kva slags mor er eg som ikkje greier å få barnet mitt på skulen? Ein periode kjendest det ut som om det berre var mitt barn i heile verda som ikkje kom seg ut dørene om morgonen. 


– Vil ho gå i dag?

Solfrid seier det har vore altoppslukande å ha ein skulevegrar i barneflokken.

– Dette unner eg ikkje min verste fiende. Det kjennest nesten som tæring. Eg søv dårleg om nettene og har grubla om eg neste morgon vil greia å få henne av garde, seier kvinna.

I tillegg har ho nesten hatt heildagsjobb i telefonen, for å få fatt i hjelp, og har hatt sin runddans i systemet, der ho har måtta forklara «Sara» sin historie om att og om att, fordi nye folk stadig har komme til i hjelpeinstansane.

Dottera Sara har nå byrja i første klasse på vidaregåande, og førebels har ungjenta greidd å gå på skulen. Men mora går stadig med ein angst i seg, for ho veit at det ikkje skal dei store hendingane til, før dottera ikkje maktar å gå.

Sara var ei glad og nøgd skulejente fram til 5. klasse. Då endra situasjonen seg brått. Ei tidlegare venninne vende seg mot henne og fekk dei andre med på mobbing som raskt eskalerte. Solfrid si dotter blei utsett for omfattande mobbing, både fysisk, men også psykisk. Mykje av mobbinga føregjekk digitalt.

Sara kjende seg som fritt vilt og orka sjeldnare og sjeldnare å gå på skulen.

Påvirkning på deg og familien. 

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen? Her kan du lese mer om dette.

Tomme ord frå skulen 

– Skulen lova å ta tak, men det var mest tomme ord og lite handling. Som mor fekk eg aldri innblikk i noko av det skulen sa dei hadde gjort. Og eg fekk inntrykk av at foreldra ikkje kunne tru at deira barn var mobbarar. Ikkje ein einaste av dei tok nokon sinne kontakt med meg. Ikkje éin! Det skremmer meg at me lever i eit så kaldt samfunn, for eg hadde jo håpa at i det minste nokon ville ringt meg og spurt om kva som hadde skjedd. Det verkar som om folk berre er opptekne av at deira eige barn har det ok. Kva som skjer med andre sine, er lite interessant.

Håpet var at Sara skulle få det betre på ungdomsskulen når gamleklassen blei oppsplitta. Men så pass mange frå barneskulen hamna i klasse med henne at mobbinga heldt fram.

– Sara sa ingenting før på seinhausten i åttande klasse. Då spurde ho brått om ho kunne få hemmeleg mobilnummer. Eg skjøna straks det var noko gale fatt. 


Eg vil og vere heime

Mora fortel at dottera blei omtalt i stygge ordelag på diverse sosiale medium og folk i klassen sende henne regelmessig snappar som viste kor kjekt dei hadde det i lag – utan henne.

Sara heldt seg borte frå skulen. Dei andre søskena undra seg over at søstera stadig fekk vera heime med mor, og Solfrid fekk ei pedagogisk utfordring, spesielt med tanke på dei yngre søskena som også av og til kunne tenkt seg ein dag heime med mor.

 

Om morgonen når barna skulle ut av huset på likt, fekk mora nesten ikkje tid til søskena fordi all konsentrasjon og alle krefter var retta inn mot Sara i von om å få henne på skulen i alle fall denne dagen.

– Eg kunne bruka ein heil føremiddag til overtaling, men eg måtte jo ofte gi meg, for eg såg jo at ho ikkje orka, seier kvinna alvorleg.

Mor og dotter prøvde begge å halda seg i aktivitet i løpet av dagen. Dottera jobba gjerne med skulearbeid.

– Det var berre å hiva henne på dør og låsa og ikkje bry meg om tårene og bønene hennar. Men eg kunne jo ikkje det, for dottera mi blei jo mobba.

– Det var aldri snakk om at ho berre låg til sengs. Ho drog heller aldri ned til byen eller sette seg til med dataspel. Me to måtte jo prøva å kosa oss litt oppi det heile, men mykje tid gjekk også med til møte med  PPT eller andre frå hjelpetenesta, fortel mora.


Skulevegringsteamet tok tak

Mora følte heile tida skuleleiinga hadde ei negativ tilnærming til det heile. Dei truga med å kopla inn skulevegringsteamet i kommunen om ikkje mora fekk Sara på skulen. Å få skulevegringsteamet inn blei tvert om ei stor lette og stor hjelp, men Solfrid skjønar ikkje at skulen skulle bruka trugsmål.

– Skulen meinte eg skulle gjera det kjedeleg for Sara heime. Eg kjende eit stort press om å få henne på skulen, med makt om så var. Det var berre å hiva henne på dør og låsa og ikkje bry meg om tårene og bønene hennar. Men eg kunne jo ikkje det, for dottera mi blei jo mobba. Alvorleg, langvarig og systematisk mobba. Sara var traumatisert som etter ein krig, forklarer Solfrid.

Skulevegringsteamet tok Solfrid og Sara på alvor og har no følgt henne i lang tid. Det blei bestemt at dottera skulle byta skule og ho hospiterte ved fleire ungdomsskular før valet til slutt fall på ein liten privatskule.

– Ved denne skulen hadde dei både tid og omtanke til ei som Sara. Ho ville eigentleg gått på ein annan skule, men på den skulen fekk ho klar beskjed frå rektor om at det ikkje fanst nokre ekstrapengar å setje inn på henne. Ho var med andre ord overlaten til seg sjølv. Men ved den vesle skulen fekk Sara vener og høve til å setja ord på noko av det som var vanskeleg for henne. Sakte men sikkert våga ho å stola på nokon igjen. Endeleg forstod ho at ikkje alle berre ville henne vondt, fortel mora.

– Mitt høgaste ønske er difor at ho skal få reservert plass på førstevalet sitt, for må ho ta til takke med noko anna, er eg redd for at ho droppar ut att.

Ryktet flaug mellom bydelar

Konsekvensane av den digitale mobbinga er at Sara når ho har komme til nye skular har kjent på at «ryktet» har floge framføre henne, fordi nedsettande og stygge kommentarar som har ligge ute om henne på sosiale medier også er kjende blant ungdom i andre bydelar.

Dottera fekk også psykologhjelp, men på grunn av hyppig bytte av psykolog, blei dette meir ei belastning enn hjelp for dottera. Seinare har ho har langt meir nytte av samtalar med ein privatperson, fortel Solfrid. Denne kvinna har fått Sara til å forstå at det er mobbarane som har eit problem, og ikkje ho.

Det skal likevel veldig lite til for å vippa Sara av pinnen, så mora går som på tå hev om dottera er heime på grunn av sjukdom ein dag.

– Eg likar dårleg når ho er på feil stad på dagtid, for eg er heile tida så livredd at ho skal hamna tilbake i det gamle uføret. For eg veit jo at dotter mi berre går på skulen fordi ho må, ikkje fordi ho har lyst, understrekar Solfrid.

Etter nokre gode månadar der Sara gradvis fekk  ei kjensle av glede og tryggleik ved å gå på skulen, skulle dagane bli hardare og meir utrygge igjen då ho byrja på vidaregåande.


Eit gufs frå fortida

– Den vidaregåande skulen hadde lova at dei skulle syta for at ingen av dei gamle mobbarane skulle hamna på same stad som Sara. Diverre viste det seg at beskjeden om denne lista over elevar som ikkje skulle takast inn aldri blei levert til dei som styrte inntaket. Dermed kom Sara i klasse med jenta som i si tid starta mobbinga.

Skulen kunne ikkje flytta den andre jenta etter ho hadde komme inn, dermed blei skuledagane igjen veldig tøffe for Sara.

Nokre tilløp til mobbing har det også vore, men heldigvis ikkje i same grad som før. Sara har difor komme seg på skulen.

– Dotter mi fortener noko godt no, og skuledagar i fred og ro. Ho har gått glipp av enormt mykje undervisning for kommunen hadde ikkje råd til heimeundervisning dei åra ho heldt seg heime. Karakterane hennar er difor ikkje gode nok til å komma inn på det ho helst vil. Mitt høgaste ønske er difor at ho skal få reservert plass på førstevalet sitt, for må ho ta til takke med noko anna, er eg redd for at ho droppar ut att. Så skjørt er dette, påpeiker mora.

– Ein i skulevegringsteamet sa det slik: Det er skulen som har øydelagt undervisninga og skulegongen for henne.

– Det var jo mobbarane som skulle bytt skule og ikkje Sara.

Inga tid til meg sjølv

– Eg vil difor be PPT ta kontakt med inntakskontoret for å gjera det klart at Sara må få særbehandling, fordi karakterane hennar blei øydelagde av mobbarar og ein skule som ikkje tok grep. Det var jo mobbarane som skulle bytt skule og ikkje Sara, understrekar mora.

Nå er det viktig at hjelparane ikkje slepp tak, men gir henne langsiktig oppfølging. Det er også langt meir samfunnsøkonomisk at Sara får komma inn på ei linje ho har lyst til enn at ho berre blir plassert på ei linje ho ikkje har noko interesse av.

Mora vedgår at ho har hatt svært lite tid til seg sjølv dei siste åra.

– Heldigvis har eg gode venner å snakka med. Pårørendesenteret har også vore til stor hjelp. Her har eg opplevd å bli trudd og forstått. Ingen har tatt meg for ei dramaqueen, eller ei som konstruerer problem. Mitt råd til andre foreldre som har barn som vegrar seg for å gå på skulen, er å vera ærlege. Sei det som det er, for elles kan det berre bli meir tisking og kviskring om kvifor barnet ditt ikkje går på skulen.

Solfrid skulle ønskt det fanst eit forum kor ho kunne møta likesinna foreldre, for etter ho byrja på Pårørendesenteret, forstår ho at ho ikkje lenger er åleine.

– Dette er eit stort problem, og barna som sluttar å gå på skulen blir stadig yngre, framheld ho.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


I fjor på denne tida hadde "Hanne" (37), som ynskjer å vere anonym, inga aning om kva skjebnen hadde i bakhand for henne. Ho, ektemannen, og døtrene på ni og tretten levde travle, men svært så normale og gode liv.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten