arnt olav klippenberg
Arnt Olav Klippenberg sitt råd til foreldre som får funksjonshemma barn: Lev med det, ha det kjekt med det at barnet ditt er annleis.

Sonen vår er ein rikdom

Arnt Olav Klippenberg (60) har aldri følt seg bitter eller trist fordi han blei far til ein gut som er litt annleis enn andre.
Thomas som no er tretti år er født midt mellom to søstrer, og han er ifølge faren stjerna og midtpunktet i familien. Det Thomas til ei kvar tid er opptatt av, smittar over på familien, anten det dreier seg om gjøkur eller cowboyar. Då han hadde dilla på gjøkur, begynte heile familien å samla på desse ura, og då cowboyfeberen herja, drog familie på ranchferie til Montana.

Thomas har med andre ord stor påverkningskraft, slår faren fast.
 

Sjå lyst på det

Sonen har Cerebral Parese og er psykisk utviklingshemma. Ingenting tyda på at det var noko gale då han blei fødd. Som liten var han mykje sjuk, og foreldra merka ganske snart at han hang etter i utviklinga, og då han var rundt fem år fekk han diagnosen.

- Både kona og eg har arbeidd med psykisk utviklingshemma, og begge døtrene våre arbeider nå også innan fagfeltet, så me plar spøka med at i vår familie anten jobbar me med psykisk utviklingshemma, eller så er me psykisk utviklingshemma sjølv, påpeiker Arnt Olav med ein lått.

Hans råd til foreldre som i dag får vita at barnet deira er psykisk utviklingshemma, er å ikkje la seg synka ned i sorg, men heller gå inn for å leva med det, i staden for å stritta i mot. Så Arnt Olav sørger slett ikkje. Nei, han er stolt over alt det sonen får til.

Når det er sagt har Arnt Olav full forståing for at foreldre som får multihandikappa og svært pleietrengande barn kan slita med tunge kjensler. Men til dei som får barn som Thomas meiner han det er all grunn til å styra under mismot.
 

Har levd normalt
- Me har kunne leva livet nett som før også etter Thomas kom. For oss har det tvert om vore viktig at både han og me skal leva så normalt som råd. Difor slapp me han ut i gata til dei andre barna då han var 6-7 år, sjølv om somme meinte me var galne. Han har heile tida fått gjera mange ting på eiga hand, difor har han også blitt veldig sjølvstendig, forklarer faren.

- Thomas har aldri blitt diskriminert på grunn av utviklingshemminga. Det trur eg heng saman med at Egersund er ein tolerant by som tidlegare husa ein stor institusjon for psykisk utviklingshemma. Desse blei ein viktig del av bybildet, og glei naturleg inn, fortel Klippenberg.

- Han har heile tida fått gjera mange ting på eiga hand, difor har han også blitt veldig sjølvstendig.

Påvirkning på deg og familien. 

​Ønsker tips og råd for hvordan man kan ta vare på familien? Her kan du lese mer om dette.

Den store banktesten

Ein gong var Arnt Olav spent på om han og guten ville kjenna seg diskriminert. Det var då sonen hadde tatt opp banklån og skulle signera lånepapir i banken. Thomas kan berre skriva førenamnet sitt. Faren følgde difor nøye med på bankmannens reaksjon då sonen stoppa og skriva etter å skrive Thomas.

Den banktilsette etterlyste jo etternamnet, men då forklarte Arnt Olav at sonen berre kunne skriva førenamnet. Etter litt vurdering, blei dette godkjent som gyldig signatur, og ein letta far kunne konstatera at banken hadde passert testen, men han hadde vore budd på å brusa skikkeleg med fjørene om signaturen hadde blitt forkasta.

Arnt Olav kan tilfreds slå fast at sonen har levd eit fullverdig og godt liv til denne tid. Rett nok kunne det til tider vere litt krevjande å få barnehage og barneskulen tilpassa hans behov, men då han byrja på vidaregåande, la alt seg til rette, fortel faren.
 

Økonomisk tryggleik

Nå har sonen arbeidd i ti år i ei verna bedrift og han bur i eige husvære som han har spart pengar til sjølv. Her greier han seg stort sett åleine. På fritida er han med som leiar i den kommunal fritidsklubben han har gått i sidan ungdommen. Thomas er også med på å laga til den årlege bluesfestivalen i byen.

Arnt Olav råder andre foreldre til psykisk utviklingshemma om å kjøpa bustad til dei privat framfor å gå for kommunale bufellesskap. Slik er foreldra med og byggjer opp kapital for barnet sitt.

- For oss har det vore ei stor glede å få Thomas. Han har gitt oss utruleg mykje gjennom det å vera annleis. Hans evne til å glede seg over små ting smittar over på oss. Thomas er berre snill og god. Eg trur aldri eg har sett han sint, seier Arnt Olav som nyleg la ut ein gripande filmsnutt på Facebook av sonen i sving på jobb fabrikken.

- Det rører og gler meg å sjå kor godt han fungerer, for i starten trudde me jo at han var svakt fungerande, men han overraskar oss  stadig med alt han får til.

Har du spørsmål angående Cerebral Parese og/eller utviklingshemming? 

​Her kan du finne informasjon.

Menneske med ein vri

Arnt Olav Klippenberg minner om at menneske som Thomas er ein naturleg variant av menneskerasen. Denne type menneske har ofte sosiale evner som andre ikkje har, og dei spreier mykje glede rundt seg.

Arnt Olav tenkjer av og til på kva som vil skje med Thomas når han og kona blir gamle, men trøyster seg med at samhaldet i familien er så godt at søstrene og deira familiar vil ta godt vare på familiens stjerne, som alle er så uendeleg glade i.
 

Hjelp der du bor

Et landsdekkende kart med ressurser for pårørende.
Vi har laget en karttjeneste hvor du kan søke opp din kommune og finne linker til hjelpetiltak for pårørende i ditt nærområde, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Aktuelt

Ny fagbok om pårørende
Pårørende til pasienter og brukere som mottar kommunale helse- og omsorgstjenester, yter daglig en betydelig innsats overfor sine nærmeste. Det er imidlertid uklart hvilke rettigheter og plikter som er tillagt pårørenderollen, sier Siri Tønnesen og Bente Lilljan Lind Kassah, begge forskere innen helsefag.

Barn & unge

Barn som nærmeste pårørende
Alvorlig sykdom i familien påvirker alltid barn og unge, enten det er foreldre, søsken eller andre nære som er blitt syk. Barn og unge må inkluderes tidlig når en de står nær blir alvorlig syk. Barn skånes ikke ved å bli holdt utenfor. 
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
Utvikling: Destino / CMS: Destinet