– Det som har overraska meg mest i denne jobben er kor nær eit anna menneske du kan komme på telefon. I studiet lærer me mykje om korleis rom og kroppsspråk spelar inn, men også utan desse faktorane kan me få til mykje på telefonen, og mange av innringarane har eg fleire samtalar med, fortel Kjersti Ringheim Vestbø.
Ho er ei av totalt fem personar som bemannar Pårørendesenteret si pårørandelinje. Her har Kjersti også kontakt med pårørande via chat og andre skriftlege kanalar.
Nærkontakt og oversikt
Vestbø som er utdanna kreftsjukepleiar har arbeidd ved senteret i eit år. Jobben hennar er delt mellom pårørandelinja og arbeidet med å kartlegga pårørandearbeidet i kommunane.
– Eg likar kombinasjonen av å jobbe tett med folk, men samstundes få løfte pårørandearbeidet opp på systemnivå, fortel ho.
Arbeidet med å kartlegga pårørande arbeidet i kommunane har teke mykje tid.
– Eg følte trong for å feira med ein is då eg var ferdig med Finnmark fylke, seier ho og ler.
Høyre-regjeringa ønsker å laga ein nasjonal pårørandestrategi. Helse-og omsorgsminister Bent Høie har fleire gonger uttalt at han ser for seg at Pårørendesenteret i Stavanger blir ein del av dette arbeidet. Håpet er difor at det arbeidet som Vestbø nå gjer kan bli ein del av denne satsinga.
Få kommunane på glid
– Engasjementet og krafta i pårørandearbeidet varierer naturleg nok mykje frå kommune til kommune, men eg er blitt gledeleg overraska fleire gonger over kor mange kommunar som ser verdien av dette arbeidet. Pårørendesenteret tilbyr også kommunane hjelp til å lage ein strategi for arbeidet. Det kjennest godt å kunna tilby kommunane noko viktig. Eg håpar å få skapt eit engasjement rundt pårørande i kommunane, for engasjement smittar, og gjennom dette prosjektet får kommunane høve til å samanlikne seg med kvarandre, fortel Kjersti.
Før ho kom til Pårørendesenteret arbeidde ho på kreftavdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus. Ho har også arbeidd ved Ryfylke DPS på Randaberg.