Frivillig journalist Marie Rein Bore

– Jobben har lært meg kor heldig eg er

Journalist Marie Rein Bore hadde tenkt lite på omgrepet pårørande før ho byrja å skrive artiklar for Pårørendesenteret i 2012.
– I starten var det noko ganske abstrakt, men gradvis blei eg meir og meir interesserte i pårørande. Å jobba for Pårørendesenteret har opna auga mine for kor store belastningar mange strevar med og gjort meg takksam for at eg sjølv til denne tid ikkje har vore pårørande i større grad. Eg opplevde jo at foreldra mine blei sjuke og gamle, men eg budde så langt borte at eg ikkje kunne gå inn i ei krevjande pårøranderolle, seier Marie Rein Bore. 
 

Det kan skje meg også

Ho legg til at som 75-åring er ho svært medviten om at risikoen aukar for at noko skjer anten med seg sjølv eller ektefelle.

– Det gjer ekstra inntrykk å møta pårørande til demente. Mange eldre blir demente, difor veit eg at dette også kan ramma meg.  Det å kanskje måtte «svikta» ein ektefelle og sende han eller henne på institusjon fordi livet blir for krevjande, det er ei problemstilling som grip tak i meg, seier ho.

Sjølv er både ho og ektemannen opptekne av å gripa dagen og gjera det beste ut av tilværet så lenge helsa held.

Før ho starta som frivillig i Pårørendesenteret arbeidde ho som journalist i Stavanger Aftenblad frå 1983 til 2012. Før det var arbeidde ho i Vårt Land. Den erfarne journalisten er utdanna lektor og underviste i norsk i sine første år som yrkesaktiv.

– Men det var journalist eg ville bli heile tida, så etter åtte år som lektor blei det avis. Det å undervisa har lært meg mykje om det å formidla som eg har tatt med meg vidare i skrivinga. Det gjeld å våga og skriva enkelt slik at alle forstår, utan at det av den grunn blir banalt, påpeiker Bore.
 

Det gjer ekstra inntrykk å møta pårørande til demente. Mange eldre blir demente, difor veit eg at dette også kan ramma meg.

Kommunikasjonsrådgjevar
I sine år som journalist for Pårørendesenteret har Marie Rein Bore har intervjua mange pårørande, men ho har også skrive fleire temaartiklar. I den seinare tid har Marie sett på kva kommunar som har utvikla eit godt pårørandearbeid og drege fram eldsjeler frå ulike stader. Ho har også blitt brukt som kommunikasjonsrådgjevar då senteret for alvor satsa på nett for nokre år sidan.

Pårørendesenteret sitt arbeid var ho ganske godt kjent med før ho byrja som journalist.

– Ein av initiativtakarane er venninne av meg og ho fortalde meg jamleg om arbeidet ved senteret. Likevel trur eg ikkje at Pårørendesenteret er så veldig kjent blant folk flest.

Sjølv er ho imponert over den høge faglege standarden ved Pårørendesenteret og krafta til dei tilsette som kvar dag skal møte menneske i tøffe livssituasjonar.

 

Norge treng fleire senter

– Ved Senteret blir alle som kjem møtte med kunnskap, interesse og omsorg. Sjølv om senteret nå også tilbyr hjelp over nett, håpar eg at Pårørendesenteret får fleire fysiske avleggarar nasjonalt, seier Marie Rein Bore.

Ho meiner Pårørendesenteret har vore ein viktig stemme i arbeidet med å løfta denne gruppa fram i samfunnet. Det gler henne å sjå at både politikarar og departement nå stadig tek til orde for å sikre rettane til pårørande.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Mange trur at berre unge og vaksne kan få ME, men barn kan også få det. Beate og Arild Strandberg si dotter var berre fem år då ho fekk diagnosen.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet