Sjukepleiar Marit Wirak

– Pårørendesenteret har vore ein spydspiss

– I dei 20 åra det har eksistert har Pårørendesenteret utvikla eit imponerande utval av tilbod og bidrege til viktig nybrottsarbeid. Då tenkjer eg spesielt på den nasjonale nettsida og tilboda der til både fagfolk og pårørande.
Orda kjem frå sjukepleiar Marit Wirak som arbeider ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) sitt Lærings- og mestringssenter.

Ho er regelmessig i Pårørendesenteret sine lokale, i samband med undervisning på meistringskurs for pårørande.
 

Fruktbart samarbeid

I sju år har Lærings og mestringssenteret på SUS og Pårørendesenteret drive eit aktivt samarbeid.

– Å samarbeida på tvers aukar kompetansen til alle partar, fordi me alle lærer mykje av ein annan. Og ein lærer ikkje berre av fagfolk, også dei pårørande lærer meg mykje på desse kursa, fortel Wirak.

Vanligvis arrangerer Pårørendesenteret tre meistringskurs i halvåret for pårørande. Dette halvåret har pågangen vore så stor at Wirak har vore med på fire kurs.

– Det er aukande interesse blant pårørande for å få kunnskap om det dei står i. Truleg veit også fleire om dette gode tilbodet no, seier ho. 

På kurset, som går over tre dagar á to timar, får deltakarane mellom anna ei innføring i korleis ein kan samarbeide med helsevesenet og andre i hjelpeapparatet. Dei får også kunnskap om korleis pårøranderolla kan påverke og redusere eiga helse.

Dei ulike fasane i pårøranderolla er også tema på kurset. Då går ein inn på reaksjonar, belastningar og behov. Ifølge Wirak er eit evig tema den vanskelege balansegongen mellom pasientens behov og eins eigne.
 

Har eigne erfaringar

Her kan Wirak undervisa både om teoriar og dele nokre erfaringar. Ho er og har vore i mange pårøranderoller, og brenn for denne saka. Ho føler bakgrunnen og erfaringa hennar er med på å styrka truverdet hennar som kurshaldar.

Mange kjem ikkje på at interesseorganisasjonane kan vere ein stad å møta likesinna og finna håp og styrke.

– På kursa utfordrar me deltakarane til å prøve å sjå korleis dei kan fylle på, og seinka eigne krav slik at dei kan ha krefter nok til pårøranderolla. Ofte deler kursdeltakarane gode råd om kva som fungerer som påfyll for dei, fortel ho.

– Gode støttespelarar er eit anna viktig tema. Då nemner deltakarane ofte venner, familie og kollegaer. Mange kjem ikkje på at interesseorganisasjonane kan vere ein stad å møta likesinna og finna håp og styrke, seier Wirak som sjølv har gode erfaringar frå ein foreldreorganisasjon.

Ho er takksam for å få undervisa folk i viktige emne og seier forsking viser at auka informasjon og kunnskap blant pårørande har ein helsegevinst.

For å vera pårørande tek på helsa til mange. Spesielt dei som har vore pårørande lenge, og det er helst desse eg møter på kursa ved Pårørendesenteret. Også på SUS arbeider eg blant anna med pårørande, men desse vanlegvis nye i rolla.
 

Pårørande blant vellukka

Det har blitt både betre og verre å vera pårørande, trur ho.

Det positive er at helsevesenet har auka merksemd mot denne gruppa sine behov og rettar, og pårørande får stadig fleire tilbod der dei blir sett og får rettleiing.

Men i dagens prestasjonsorienterte samfunn kan det likevel kjennast ekstra tungt at livet blei ganske annleis fordi ein nærståande er alvorleg sjuk eller har funksjonsnedsettingar.

– Det er lettare å samanlikna seg med andre i vår tid. Ein viktig bodskap på kursa er at vi må prøve og senke krava til kva livet skal vere, og heller finne glede i livet slik det er.

Wirak fortel at ho opplever det meiningsfullt å undervise meistringskursa. Gode tilbakemeldingar tyder på at deltakarane får med seg nokre nyttige verktøy til å bruke i kvardagen.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Åtte år gamal fekk Karoline konstatert diabetes type 1. Mora Olaug Furnes som er vernepleiar visste godt kva sjukdommen kunne føra med seg, og blei av den grunn ekstra uroleg.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet