Helseminister Bent Høie
Helseminister Bent Høie (Foto: CF-Wesenberg)

Bent Høie brenn for dei pårørande

Helse-og omsorgsminister Bent Høie (H) er svært oppteken av dei pårørande sine kår. Pårørendesenteret fekk nyleg intervjua han på e-post.
Ministeren besøkte før jul i fjor Pårørendesenteret og kjenner godt til arbeidet som blir drive her. Han fekk under besøket sitt mellom anna møta pårørande til unge demente.

– Kva kan gjerast for å hjelpe pårørandegrupper som er mest slitasjeutsette?

– Pårørande er ein svært viktig ressurs både for sine næraste og for helse- og omsorgstenesta. Regjeringa er oppteken av å verdsette den viktige rolla pårørande har, og støtta dei best mogleg. Me veit at pårørande utfører nesten halvparten av omsorgsoppgåvene i samfunnet. Det utgjer om lag 100 000 årsverk. Dei gjer difor ein stor og viktig innsats som me er helt avhengige av, påpeiker Bent Høie.
 

Mange slit seg ut

Han legg til at mange pårørande diverre opplever at dei ikkje blir sett og at dialogen med tenesteapparatet ikkje fungerer bra nok. Det gjer det tungt å vera pårørande, erkjenner han.

– Mange slit seg ut. Mange blir sjuke – både fysisk og psykisk. Det er alvorlig. Regjeringa har difor sett i verk ei rekke tiltak for å styrka dei pårørande si stilling og tilby dei nødvendig støtte, skriv ministeren.

Bent Høie nemner mellom anna at regjeringa har gjort kommunane sitt ansvar overfor dei som har særs tyngande omsorgsarbeid meir tydeleg i lovverket. Den nye lova skal sikra at pårørande får ein tydelegare plass i helse- og omsorgstenesta. Lova skal sikra at pårørande blir møtte av offentlege tenester som samarbeider, rettleier og støttar dei. Pårørande skal også kunna få avlastning når det trengst.

Ifølge Høie skal kommunen si rettleiing og opplæring ikkje berre handla om kva den sjuke treng. Ho skal også handla om kva den pårørande treng. Det betyr at kommunen skal gjere ei sjølvstendig vurdering av dei pårørande sitt behov for avlastning, oppsummerer Høie.
 

Satsing på kompetanseauke

– I 2018 løyvde me 10 millioner kroner til Pårørendeprogrammet (red.anm. Helse- og omsorgsdepartementets pårørendeprogram, en del av Omsorg 2020). Programmet skal gi fagfolk auka kunnskap og tryggleik i møte med pårørande. Som eit ledd i Pårørendeprogrammet har Helsedirektoratet utvikla ein rettleiar om pårørande i helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa har nyleg lagt fram eldrereforma «Leve hele livet.» Denne løfter fram 25 løysingar og fleire hundre eksempel frå kommunane som skal gi eldre ein trygg og aktiv alderdom. I arbeidet med reforma har me reist landet rundt og snakka med brukarar og pårørande om deira erfaringar og kva dei treng. Eit av måla med reforma er at pårørande ikkje skal bli utslitne, opplyser Bent Høie.

Eg trur det er viktig at helsepersonell ikkje har ulike forventningar til menn og kvinner når det gjeld kva dei kan utføra av omsorgsoppgåver.

Helseminister Bent Høie

– Korleis kan ein få menn til å ta meir ansvar som pårørande, slik at ikkje kvinnene blir heilt utslitne? 

– Ikkje forvent meir av kvinner. Mange menn tek mykje ansvar som pårørande, men også på dette området spelar tradisjonelle kjønnsroller og kultur inn. Eg trur det er viktig at helsepersonell ikkje har ulike forventningar til menn og kvinner når det gjeld kva dei kan utføra av omsorgsoppgåver.

– Kva gjer du og regjeringa for barn som er pårørande? 

– Mange barn opplever å vera pårørande i løpet av oppveksten sin. Når noko skjer med foreldre eller søsken, blir kvardagen til barna påvirka. Det er viktig at barn og unge får konkret informasjon som dei forstår. Me må sjå barna, og snakka med barna om kva som skjer. Det er også viktig å la barna få vita at dei ikkje har skuld eller ansvar for det som har skjedd.

Barn som pårørande er særleg sårbare. Me har difor endra lovverket for å styrke deira stilling. Frå før hadde helsepersonell plikt til å ta vare på barn som pårørende til foreldre. Nå får dei også plikt til å ta vare på barn som er søsken til pasientar med alvorleg fysisk og psykisk sjukdom, skade eller rusmiddelavhengige. 

​Helsepersonell får også plikt til å ta vare på barn som har mista foreldre eller søsken. Dette er svært viktig for dei minste og mest sårbare pårørande som ikkje alltid har blitt tatt godt nok vare på i helsetenesta. For det første kan det gjera ei tung og vanskeleg tid litt lettare. For det andre kan det førebygga fysiske og psykiske helseplager seinare i livet.

 

Barn og reiseutgifter

– Fleire reagerer på at barn som pårørande ikkje får dekt reiseutgifter i samband med besøk hjå ein sjuk forelder. Har de tenkt å gjera noko med dette? 

– Me er kjende med problemstillinga [...]. Departementet ser nå på om det er behov for å gjera endringar her.

– Kva kan helsevesenet bli betre på når det gjeld pårørandearbeid? 

– Diverre opplever mange pårørande at dei ikkje blir sett og at dialogen med tenesteapparatet ikkje fungerer. Det gjer det tyngre å vera pårørande. Min viktigaste jobb som helseminister er å bygge pasientens helseteneste. Det handlar om å møta pasienten og pårørande som likeverdig partar. Det betyr at pårørande skal bli sett, tatt godt vare på og bli lytta til.

Tilsette i helse- og omsorgstenesta blir stadig flinkare til å spørre pasienten: Kva er viktig for deg? Dei må også stilla same spørsmål til pårørande. Pårørande vil være eit viktig satsingsområde for regjeringa også framover. Difor vil me legga fram ein eigen pårørandestrategi. Strategien skal bidra til at pårørande ikkje slit seg ut, slik at dei framleis kan vera ein viktig del av livet til den som er sjuk, framheld Bent Høie.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Åtte år gamal fekk Karoline konstatert diabetes type 1. Mora Olaug Furnes som er vernepleiar visste godt kva sjukdommen kunne føra med seg, og blei av den grunn ekstra uroleg.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet