Grafisk designar Even Jacobsen
Even Jacobsen spela ei stor rolle i utforminga av dei nye nettsidene til Pårørendesenteret som blei lanserte i februar i fjor.

Eg forstår meir nå om korleis folk kan ha det

Even Jacobsen leia arbeidet med å laga dei nye nettsidene til Pårørendesenteret som blei lanserte i februar i fjor.  Gjennom oppdraget lærte han mykje om kor tøft menneske kan ha det, og han forstod at han også er ein pårørande.
For Jacobsen som aldri hadde hatt ein så «mjuk» kunde før, innebar oppdraget ei bratt læringskurve, vedgår han.

Før Even fekk denne jobben, visste han knapt kva ordet pårørande var, før han plutseleg forstod at han også hadde denne rolla.


Eg har lært mykje om menneske

– Det krevst nok ein del vaksenopplæring her. Mor mi har hatt Parkinson i ein del år. Ho greier seg heldigvis bra åleine, men me veit jo aldri kva framtida vil bringa, så sjukdommen gjer nok at eg er litt meir på vakt enn eg ville vore om ho var heilt frisk, påpeiker den grafiske designaren som arbeidde for Destino då han laga nettsidene for Pårørendesenteret.

Nå held 37-åringen hus i Playdesign Studio. Han vedgår at han av og til kikkar innom sidene til Pårørendesenteret, for å sjå korleis dei utviklar seg. Då han jobba med nettside-prosjektet, las han ein del av stoffet som skulle publiserast.

– Det var mykje som vekte kjensler i meg. Eg blei nesten sentimental av noko av det. Denne jobben har utvilsamt lært meg mykje som menneske. Eg har fått innsikt i historier du ikkje normalt får høyre. Etter å ha komme så nær innpå pårørandearbeid, som eg ikkje kjende til på førehand, har eg fått eit betre innblikk i korleis folk kan ha det. Verkar nokon trøtte, triste og humørlause, skjønar eg no at dette kan henga saman med krevjande situasjonar i privatlivet. Å lesa om korleis ein familie med eit sjukt barn har det, gjer at eg kan overføra det eg har lese til ein annan familie som står i ein liknande situasjon, og slik sett betre forstå kva folk står i, forklarer Even.
 

Kva vil folk ha?

Even Jacobsen har mellom mykje anna vore med og bestemt korleis bilete og tekst blir presenterte på sidene til senteret. For Even var det viktig å få til sider som innbyr til lesing, og som slusar inn både fagfolk men også dei ulike pårørandegruppene.

– Me ville skape noko alle kan ha glede og nytte av, påpeiker han. For å få til dette, arbeida Pårørendesenteret og dei mange involverte med å finna ut kva folk ønsker og lese om, og kva ønsker sidene å formidle? Kor skal me? Kva vil me bli?

Han seier at jobben for Pårørendesenteret var ein av dei mest krevjande,  interessante, kjekke og lærerike han har hatt.

– Det var til tider utruleg krevjande, med tusen detaljar som skulle på plass. Dessutan måtte me jo saman med Pårørendesenteret meisle ut kva som var bestillinga deira og saman finne ein måte å skape det som dei drøymde om.

Me ville skape noko alle kan ha glede og nytte av.

Å finna den rette kjensla

Alt i alt er han nøgd med sluttproduktet. For uinnvigde er det eit hav av detaljar som må på plass, mange svært tekniske. Men det heile handlar om å gi han og ho som klikkar seg inn på sidene ei saumlaus oppleving, og ikkje minst den rette kjensla. Og det blei eit viktig spørsmål før arbeider starta. Saman måtte Pårørendesenteret og Destino finne ut kva kjensle skal sidene skulle skape.

– Dette er ikkje noko ein brukar av ei nettside tenkjer mykje over, men for oss som jobbar med dette, er det eit mål at sidene umedvite skal gi brukaren positive opplevingar. Sidene må vera reine, ryddige og luftige, men ikkje kliniske og kalde, og heller ikkje tunge og metta.

– Pårørendesenteret ønskte også å trekkja til seg fleire menn. Dette skulle ikkje gjerast ved å lage sidene slik at dei aktivt tiltrekte seg menn, men ved å skape sider som ikkje støytte frå seg menn.  Det var en viktig at sidene ikkje skulle gi eit for feminint uttrykk, men noko komfortabelt midt i mellom. For oss var det viktig å skapa ei side der folk kjenner seg heime, der dei kan kjenna eit fellesskap.

– Ei god nettside skal vera som et fint vedlikehalde hus kor alt fungerer som det skal, noko ein då ikkje tenkjer så mykje over. Det er først når du kjem inn i eit nedslite hus med feil og manglar, du reagerer. Slik er det med nettsider også. Ei bra side gir ikkje lesaren noko å klage over, forklarer designar Jacobsen. 
 

Sidene er litt «mine» ennå

Han tykkjer dei har fått til ein ryddig, innbydande og oversiktleg nettstad, der det er mange inngangar til dei ulik emna nettstaden tilbyr lesestoff om.

– Like før lanseringa i fjor var det mykje armar og bein. Som vanleg er ved slike prosjekt fann ein også her ut ein ting som ingen hadde tenkt på og som måtte fiksast i ein fei, fortel han.

Men lanseringsdatoen var nettsidene ferdige, og med unntak av nokre småfeil, fungerte sidene slik dei skulle, kunne han stolt erkjenna.

Even Jacobsen vedgår at han ennå kjenner eit visst farskap til sidene.

– Dei får ikkje forandre for mykje, seier han og ler.

Han forklarer at meininga med slike sider er at dei skal leva, vera dynamiske. Jacobsen har skapt formene og designet innhaldet skal plasserast i, men dette er ikkje støypt i betong. Ting kan bli tekne bort og nye element lagde til.

Even Jacobsen er nøgd med å ha denne erfaringa og vedgår at han også framover vil kikka innom sidene no og då.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Mange trur at berre unge og vaksne kan få ME, men barn kan også få det. Beate og Arild Strandberg si dotter var berre fem år då ho fekk diagnosen.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet