Familieterapeut Lise Rasmussen
Heile livet har Lise Rasmussen vore oppteken av barn som pårørande. Ved Pårørendesenteret arbeider ho mykje med barn og unge.

Eg har vore pårørande heilt frå eg blei født

Lise Rasmussen har arbeidd ved Pårørendesenteret sidan 2011. Ho er utdanna familieterapeut og arbeidar som fagkonsulent for barn og unge.
Lise Rasmussen hadde ein bestefar som var schizofren, eller «gal», som ho sjølv pla seia som barn.

– Foreldra mine tillèt meg å bruka det ordet, sjølv om dei eldre søskena mine ikkje likte dette ordet, og heller sa «sjuk». Men bestefar min var rar, og eg tykte det var befriande at eg kunne få snakke om dette på min måte, og at familien var opne om kva som feilte bestefar, seier Lise.
 

Besøkte bestefar på asylet

I Lises barndom drog familien regelmessig på besøk til asylet der bestefaren budde.

– Stundom var han for dårleg til å ha besøk, då besøkte me nokre andre i staden, hugsar Lise.

Bestefaren hennar var blant dei som blei lobotomerte. Då Lise var 17 år døydde han.

– Eg er overtydd om at bestefar kunne hatt eit friskare og betre liv om han hadde levd i dag, påpeiker ho.

I tenåra fekk ho ei ny pårøranderolle då mora fekk hjernehinneblødning og måtte opererast. Mora overlevde, men livet blei aldri heilt det same etter dette.

– Far vår har tatt det meste ansvaret for mor, og skåna oss søskena for det tyngste pårørandeansvaret, fortel ho.

Lise er utdanna barnevernspedagog og familieterapeut. Etter kvart som ho byrja å arbeida forstod ho gradvis at ho også var ein pårørande og hadde vore det heile livet. Før ho kom til Pårørendesenteret arbeidde ho med barn som levde i rusbelasta familiar ved Rogaland A- senter.

– Eg trudde det ville bli veldig annleis å møta barn som pårørande til foreldre med psykisk og somatisk sjukdom, men svært mykje viste seg å vere likt. Også i min nye jobb møtte eg barn som gjekk på tå hev for foreldra og gjorde kva dei kunne for å hjelpe familien. Eg kjende igjen svært mange mekanismar, fortel ho.

Det siste året har ho teke faget Samarbeidsorientert tilnærming. Faget handlar om måten terapeuten møter brukaren på.

– Årsaka til at eg valde studiet er at me alle er pårørande, og her lærer me å møta andre på ein meir likeverdig måte, forklarer ho.

I studiet har dei mellom anna lært å bli meir medvitne på eigne erfaringar, og korleis dei kan brukast i samtalane.
 

Må bruka meg sjølv

– Inni meg tek eg vegen om mi eiga erfaring før eg spør om noko, men det er viktig å heile tida vere medviten på kor mykje av sitt eige ein bruker i samtalane.

I jobben ved Pårørendesenteret møter ho barn heilt ned i toårsalderen. Møta med barn krev ei meir kreativ tilnærming, og andre i innfallsvinklar, så ofte leikar, teiknar eller speler Lise spel med barnet.

Lise vil helst at den friske forelderen kjem saman med barnet. Hennar erfaring er at barn snakkar friare då. Kjem dei åleine, kan dei vera redde for å opptre «illojalt». Dersom mor eller far sit på sida og nikkar oppmuntrande, kan det vera lettare for barnet å opne seg, framheld ho.

– Det er viktig for meg å skape tillit, og få barnet til å forstå at me ikkje skal snakka stygt om nokon. Eg må vise at eg forstår kor glade dei er i familien. Får eg den tilliten, kan ein sidan via omvegar, nærma seg det som er vanskeleg, seier ho.

Det er viktig for meg å skape tillit, og få barnet til å forstå at me ikkje skal snakka stygt om nokon.

Lågterskeltilbod

Terapeuten er glad for å arbeida ved eit diagnoseuavhengig senter der ein ikkje treng henvisning for å komma.

– Det er godt å høyra til i eit slikt raust system og få møte folk der dei er. Etter mi meining blir barn som pårørande ofte sjukeleggjorte i helsevesenet. Slik bør det ikkje vera. Visst kan barn bli sjuke av å vera pårørande, men med tidleg innsats er det ofte mogleg å unngå, understrekar ho.

Lise Rasmussen brukar også ein del tid på å rettleia andre fagfolk som helsesøstrer og barnevernstilsette i korleis dei kan møta barn.

– Dette gjer me fordi Pårørendesenteret ikkje kan ta alle sakene. Dessutan er det i mange tilfelle betre for barnet å møte nokon dei har eit forhold til frå før, i staden for å dra inn til meg.

Ifølge Lise er det ikkje så vanskeleg å snakke med barn.

– Spør eg om noko som eg registrerer barnet ikkje likar, så er eg rask med å påpeike at eg ser at dette ikkje var så kjekt, og får samtalen inn på noko anna.

Noko av det beste Lise veit med jobben er når det sit barn i resepsjonen på Pårørendesenteret som ho kan sjå gleder seg til å komma inn og snakka med henne. Eller når ho får takknemlege helsingar frå folk ho har fått hjelpe. Hennar inntrykk er at også dei sjuke er svært glade for at nokon er der for deira pårørande.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Åtte år gamal fekk Karoline konstatert diabetes type 1. Mora Olaug Furnes som er vernepleiar visste godt kva sjukdommen kunne føra med seg, og blei av den grunn ekstra uroleg.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet