Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa
Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland

Magnhild heiar på Pårørendesenteret

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa har eit nært forhold til Pårørendesenteret som feirar 20-års jubileum i haust.
Det var faktisk Kleppa som opna senteret i 1998. Ho var då sosialminister og hadde vore med på førebuingane. I tillegg hadde ho sytt for pengar til senteret som i starten var mynta på pårørande til menneske med rusproblem og psykiske lidingar.

– Eg såg at det var eit udekka behov. Pårørande blei ofte nemnde som ein ressurs for dei som var sjuke, men det at pårørande trong grenser på eigne vegne, var meir ukjent for 20 år sidan, fortel Magnhild Meltveit Kleppa.

Ho fortel at drivkrafta bak senteret var lokale eldsjeler, med Marit Hølland Paulsen i spissen.
 

Flinke folk stod bak

– Men det var lett å henge seg på, for Paulsen hadde med seg fleire med tung fagleg bakgrunn. Og eg har følgt nøye med Senteret i åra som har gått, seier ho.

Magnhild Meltveit Kleppa er naturlegvis invitert til 20-årsjubileet i haust og har også delteke på tidlegare jubileumsfestar for Pårørendesenteret.

– I starten var det jo spanande å sjå om folka bak det nye senteret ville få det til. Somme trudde nok tilbodet ville bli ei døgnfluge, at dette til tross for dei entusiastiske grunnleggarane, ville bli lagt ned etter kort tid. Men folka ved Pårørendesenteret har vist eit eineståande pågangsmot. Dei har vore nøydde til å vera kreative for å få ting til å gå i hop, for økonomien til senteret har ikkje alltid vore like god, påpeiker Magnhild Meltveit Kleppa som er imponert over alt senteret har fått til på desse åra.

Ho tykkjer satsinga på dei nasjonale nettsidene og Pårørendeprogrammet er verd å trekkja fram.
 

Somme trudde nok tilbodet ville bli ei døgnfluge, at dette til tross for dei entusiastiske grunnleggarane, ville bli lagt ned etter kort tid. 

Ein spydspiss

Samstundes skulle ho ønska at Pårørendesenteret sitt konsept blei spreidd til fleire deler av landet.

– Senteret i Stavanger tilbyr rettnok hjelp via telefon og på nett, men det direkte, nære møtet over tid er noko anna, seier fylkesmann Kleppa.

Ho nøler ikkje med å kalla Pårørendesenteret i Stavanger for ein spydspiss innan pårørandearbeid.

– Dei som i si tid etablerte senteret kjende stort ansvar. Dei hadde erfaringa og tok initiativ til eit tilbod som stetta mange behov og har utvikla senteret år for år. Me er alle pårørande i løpet av livet, eg er difor glad for at Pårørendesenteret no har tilbod for alle typar pårørande.


Mange skryt til henne

Sjølv har ho møtt fleire menneske som har vore pårørande til menneske med svært forskjellige lidingar, og i ulike livsfasar, som alle har fortald at dei har fått eineståande hjelp ved Pårørendesenteret.

Også Magnhild Meltveit Kleppa har dei siste fem åra vore pårørande, til mor si som bur på sjukeheim.

Senteret i Stavanger tilbyr rettnok hjelp via telefon og på nett, men det direkte, nære møtet over tid er noko anna.

Ho meiner tilsette ved omsorgssenter, barneverns- og rusinstitusjonar kunne hatt nytte av å søke råd og få inspirasjon hjå Pårørendesenteret i korleis dei best kan ta vare på dei pårørande.

– Eit slikt tilbod er ei grein Pårørendesenteret gjerne kan utvikla meir, meiner ho.

Magnhild Meltveit Kleppa minner i same slengen om den store nasjonale Pårørande-konferansen i Sandnes i haust.

– Her bør tilsette i helsevesenet melde seg på.

For Fylkesmannen er pårørandearbeid eit prioritert område og ho har eigne tilsette som arbeider mot kommunane på dette feltet.

– Pårørande er ei viktig gruppe for oss å følgje med på, ikkje minst fordi dette er førebyggjande arbeid. Difor skal Fylkesmannen både følgja med på og oppmuntra kommunane til å ta pårørande på alvor, understrekar ho.
 

Fortener stor takk

Kleppa ser at det ennå er ein veg å gå før pårørande blir tatt på alvor, og tilbodet til denne gruppa varierer frå kommune til kommune, fortel ho.

Fylkesmann Kleppa trur Pårørendesenteret sin suksess har fleire årsaker. For det første blei senteret starta av dyktige folk, i tillegg blei det raskt klart at Senteret dekka store behov, dette kom mellom anna fram gjennom modige enkeltpersonar som fortalde om hjelpa dei hadde fått. Slik oppdaga helsepersonell i fleire kommunar, at dette verkeleg hadde noko for seg, framheld ho.

For Magnhild  Meltveit Kleppa er det ei glede å gratulere senteret med jubileet.

– Som fylkesmann vil eg gi dykk ei stor takk for innsatsen de har lagt ned så langt, og de fortener endå meir merksemd framover, avsluttar ho.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Mange trur at berre unge og vaksne kan få ME, men barn kan også få det. Beate og Arild Strandberg si dotter var berre fem år då ho fekk diagnosen.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet