Erfaringsformidlar Alexandra Mikalsen Vanglo

Pårørendesenteret har betydd alt for meg

Alexandra Therese Mikalsen Vanglo. (29) arbeider som kontormedarbeidar og erfaringsformidlar ved Pårørendesenteret. Frå før kjende ho Senteret som brukar.
Den varmen Alexandra møtte då ho kom hit for å gå i samtalar, kjenner ho i fullt monn også som arbeidstakar.

– Alle her har teke så godt i mot meg, dette er faktisk drøymejobben for meg, seier Alexandra strålande.

29-åringen frå Stavanger er for tida i barselpermisjon, men gler seg vilt til å byrja å jobba igjen.
 

Eg frykta flashbacks

– Jobben betyr svært mykje for meg. Før eg byrja var eg litt uroleg om historier eg ville få høyra her, kunne trigga ubehagelege minne frå det eg sjølv har opplevd, men det gjorde ikkje det. Roa eg føler i møte med andre menneske har gitt meg ei viktig meistringskjensle, og vist meg at eg er sterkare enn eg først trudde, forklarer kontormedarbeidaren som også reiser rundt og held føredrag i regi av Pårørendesenteret.

Alexandra understrekar at ho ikkje har noko helsefagleg rolle på Senteret, men sidan ho tek i mot telefonar som kjem inn til senteret (ikkje hjelpelinja), hender det at ho får folk på tråden som berre auser ut or seg til den første dei får snakka med.

– Eg er ein god lyttar. Det er godt for meg om eg kan vere ei skulder dei kan lene seg på. Ikkje alltid er det så lett å bryte inn heller, dersom dei har mykje på hjartet, men eg er nøye på å berre vere eit medmenneske, aldri gi faglege råd, så etter ei stund viser eg innringaren vidare, påpeiker Alexandra.

Sjølv ante ho ikkje at Pårørendesenteret fanst då ho sjølv kom i ei livskrise etter å ha blitt mor for første gong for tre år sidan.
 

Ein tøff oppvekst

– Å bli mor fekk opplevingar frå barndom og oppvekst til å velte fram. Eg skjønte eg trong hjelp til å ta tak i livet mitt. Ein miljøterapeut tipsa meg om Pårørendesenteret og eg ringde hit. Sidan har eg gått jamleg til samtale her gjennom eit par år.

Ho seier hjelpa ho fekk her har vore særs viktig. Gjennom Senteret har Alexandra klart å finna sin eigen identitet, og ho har lært å setja grenser. Heile livet hadde Alexandra vore ein meister til å spela roller, men ho var heile tida redd for andre si meining, og våga aldri visa fram sitt eigentlege eg.

– Eg gjorde berre det som var forventa av meg i kvar rolle, forklarer ho.

– Eg vaks opp i ein familie med psykisk og fysisk vald. Mor mi levde lenge eit ustabilt liv, og då eg sjølv blei mor var eg svært redd for at eg skulle gjenta hennar feil. Dessutan ville eg ikkje at ho skulle ha mine barn åleine. Heile livet hadde eg vore redd mor mi og gjort alt for å fylla rolla som det lydige barnet og den gode storesøstera for søskena mine.

– Gjennom samtalane på Pårørandesenteret fekk eg mot til å stå opp for meg sjølv og setja grenser rundt meg og min familie. Til alt hell har mor mi sitt liv blitt mykje meir stabilt, så nå kan eg tillate henne å vere mormor. Men alle veit kvar grensene går, skjer det noko uheldig, så veit ho at eg vil trekkje meg unna for å beskytte min eigen familie, understrekar ho.

Gjennom samtalane på Pårørandesenteret fekk eg mot til å stå opp for meg sjølv og setja grenser rundt meg og min familie. 

Her trudde dei på meg

På grunn av den turbulente oppveksten utvikla Alexandra skulevegring og ulike psykiske problem, ho fekk difor aldri fullført noko utdanning. Ho har også vore innom ei rekke ulike behandlingstilbod, men ifølge Alexandra, hjelpte ingenting.

– Problemet var at eg blei møtt med mistru. Dei trudde eg overdreiv. Ved Pårørendesenteret møtte eg for første gong nokon som trudde på meg, det var overraskande, men ufatteleg herleg, fortel ho. 

Takka vere Pårørendesenteret skal ho etter fødselspermisjonen gå inn i ei lærlingstilling som vil gi henne fagbrev innan kontor og administrasjon.

– Å utdanna meg innan dette fagfeltet har vore draumen min lenge. Eg er utruleg takksam for at Pårørendesenteret har lagt ting til rette for meg. Det kjennest utruleg godt for meg å få til noko i livet. Å kjenne at eg betyr noko for andre gjennom jobben eg gjer, ber meg gjennom kvardagen, seier ho glad.

 

Ein ambassadør for Senteret

Titt og ofte tipsar ho andre kjenningar om Pårørendesenteret.

– Det fine med Senteret er at her kan alle ringe og få prate med nokon, uavhengig av livssituasjon. Ingen spør heller om i kor stor grad ein er påverka av pårøranderolla. Alle får lufte det dei har på hjartet. Sjølv har eg slutta å gå til samtalar, men arbeidsfellesskapet her er så bra, at eg føler det er rom for å snakka ope med kollegane mine om det skulle vera noko som plagar meg, seier ho.

Utan Pårørendesenteret trur ho at livet hennar ville vore veldig myke dårlegare. Gjennom Senteret fann ho sin eigen identitet og gjennom jobben her fekk ho ei ny rolle å fylla med sitt nye eg, rolla som arbeidstakar.

– Det var åtte år sidan eg hadde vore i arbeid då eg byrja her, så dette har gitt livet mitt ein heilt ny dimensjon, påpeikar ho.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Mange trur at berre unge og vaksne kan få ME, men barn kan også få det. Beate og Arild Strandberg si dotter var berre fem år då ho fekk diagnosen.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet