Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
20. mars 2024

– Kanskje du kan be ein god ven gå ein tur med mor di?

Ikkje ver redd for å spør nettverket ditt om hjelp, om pårøranderolla til tider blir litt krevjande. I oppgåva med å gi den som treng tilrettelegging eit kjekt sosialt liv, er det ofte fleire å spela på enn ein i første omgang trur.
Henrik%20Syse%202024
Det er den klare bodskapen frå filosof Henrik Syse. Pårørande skal ofte ikkje berre yta praktisk og emosjonell hjelp og støtte til ein person med sjukdom eller funksjonsnedsettingar. Mange kjenner også på eit ansvar for, og lyst til, å fylla den andre sitt sosiale liv med meiningsfullt innhald. Men det er ikkje alltid like enkelt å finna ut kor ein skal finna tid og krefter til dette.
 
Det er då ein skal løfta blikket og sjå ut over eige nettverk i tillegg til den andre sitt nettverk, ifølge Syse. Og i tilfelle der ein sjølv skal driva sosialt pårørandearbeid, er rådet frå Henrik Syse å finna noko å gjera i lag, som begge liker, og som gir påfyll, slik at det ikkje berre blir til nok ei plikt i rekka av mange.
 


Du bør ikkje stå åleine

– Ingen kan greia alt heile tida, difor er det viktig å finna ut om det er vilje til hjelp i kretsen rundt, poengterer han.

Basert på eiga erfaring har han funne ut at det ofte er stor hjelpevilje der ute. Men då må nokon våga å formulera eit spørsmål om hjelp. For folk veit ikkje om at du treng hjelp, før du spør om det.
 
Og denne viljen til hjelp viser seg ofte å bli til dobbel glede, både for den som får sosiale opplevingar og den som blir med.Henrik Syse trur at mange pårørande godt kunne spurt vener og kjende litt oftare om hjelp.
 
– Eg er sikker på at mange vil oppleva å få svaret ja tilbake, understrekar han.
 
For somme pårørande trur han det kan sitja litt langt inne å spørja, fordi i ein slik situasjon kan det jo komma fram at ein sjølv er litt sliten. Eller ein er redd for å verka sytete. Ein vil jo helst ikkje klaga over at ein er trøytt av å gjera noko for eit menneske ein er veldig glad i. Men ifølge Syse er det viktig å våga å ha gode og omsorgsfulle samtalar om dette med vener og slektningar.

 

Ein er like glad i personen ein hjelper, fordi om ein ber om hjelp. For å ikkje bli utsliten, er det difor viktig å forsøka å få til støtteordningar gjennom dei personlege nettverka.

 

– Dersom det kan snakkast om, kan det fiksast, legg han til.
 


Gjer noko kjekt i lag

Filosofen har eller har hatt ulike pårøranderoller gjennom livet, mellom anna til ein nevø med Downs og hans familie.
 
– For meg har pårøranderolla mest av alt vore fylt av glede og varme, slik blir det gjerne om ein gjer noko hyggeleg i lag. Nevøen min til dømes elskar å gå tur og deretter gå på kafe og eta pølse. Det er like kjekt for meg som for han kvar gong, understrekar onkel Syse.
 
Pårøranderolla kan bli ein del lettare om ein bygger eit lag rundt den som treng litt tilrettelegging og dei næraste pårørande.
 
– Eit slikt lag kan bestå av vener og slekt, både til den pårørande og den som treng tilrettelegging. Ei eldre kvinne med demens har ofte fleire venninner frå eit langt liv, kva med å spørja ei av dei om å ta mor di med på konsert eller kafe, når du sjølv har det veldig travelt. Å spørja om slike uforpliktande enkeltoppdrag av og til skapar ikkje noko press, dei fleste vil nok oppleva at den som blir spurt gjer det med glede, og får sannsynlegvis mykje igjen for det sjølv også.
 
 

Korleis få tid til alt?

Syse er fullt på det reine med at pårøranderolla kan vera utfordrande når det gjeld å få ein balanse på tidsbruk, særleg for menneske som også har små barn i heimen. Slike lommar med avlasting kan difor væra svært kjærkomne. Sett på spissen slår han eit slag i det å «outsourca» deler av pårørandeoppgåvene no og då. Å skaffa seg allierte i pårøranderolla er nøkkelen til å ikkje slita seg sjølv ut.
 
Henrik Syse fortel at gode vener med glede stilte opp for hans svigerforeldre, utan å oppleva det som belastande. Då var dei næraste pårørande koordinatorar som fekk sydd saman eit nettverk av gode hjelparar blant vennene til det eldre ekteparet. Dermed blei det ikkje eit så stort ansvar for dei næraste om å ta ansvar for helgeaktivitetar for dei gamle kvar helg.
 
Slik hjelp treng ikkje ifølge Henrik Syse vera noko veldig krevjande. Ofte er det nok å gå tur eller gjera andre lågterskelaktivitetar saman.
 
Syse legg til at det beste er når sosial pårørandeomsorg er til glede for begge. Dermed er det lurt å finna ein aktivitet begge eller alle likar. Då slepp ein at desse sosiale aktivitetane blir eit ork for den pårørande som gjerne alt har meir enn nok oppgåver å løysa.
 


Dei små stjernestundene

Han rår også pårørande til å spela på gode bufellesskap, der finn ein også ofte menneske som kan bidra, slik at ein kanskje kan komma seg på ferie ei veke også når den som treng hjelp, sjøl er med. Ein kjenning av Syse har ei dotter som er avhengig av rullestol. Faren løfta dottera med seg i fiskebåten, fordi fisking var hans store hobby. Dottera likte også å vera med i båten, dermed blei desse stundene til stor glede for begge.
 
Finn ut kva som praktisk mogleg å få til saman, oppmodar Syse. Naturopplevingar er opne for alle og skaper ofte glede.

– Å gleda seg over dyr i lag kan og vera veldig fint, som å kosa seg saman med ein katt. Stjernestunder finst ofte i det enkle. Dei små gledene som gir påfyll må ikkje undervurderast. Det er viktig å ikkje gjera ting vanskelegare enn dei treng å vera, for som i livet elles: det enklaste er ofte det beste, avsluttar Henrik Syse.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut