Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
04. oktober 2023

– Pårørande kjenner seg ofte åleine

Rundt 200 000 menneske er kvart år i kontakt med Mental Helse. På eit døgn kan dei ha kontakt med tusen ulike personar. Som oftast er det den som står i vanskane som tek kontakt, men mange pårørande får også nokon å snakka med i løpet av eit år, opplyser Ida Engelstad.
Mental%20helse

Engelstad er fagansvarleg og rettleiar hjå Mental Helse, og tek vakter ved alle dei publikumsretta tenestene til organisasjonen. Det finst fem slike kontaktpunkt.

Mental Helse driv ein døgnopen hjelpetelefon, ein døgnopen chat, organisasjonen har i tillegg ei hjelpelinje for foreldre kalla foreldresupport, ein hjelpetelefon retta mot arbeidsliv og ei linje mynta på studentar.

Pårørande føler seg gløymde

Ifølge Engelstad er einsemd ein av dei vanlegaste årsakene til at menneske tek kontakt med Mental Helse. 

– Ein treng ikkje stå i ei akutt krise for å ta kontakt, for mange kjennest det fint å ha nokon å fortelja om kvardagen til, ei god røyst i øyret før leggetid, etter å ha vore åleine heile dagen. Alle har ikkje så mange menneske rundt seg å dela tankar og kvardagar med, fortel ho.

Fleire pårørande ho har snakka med står også i ei slags einsemd, i sjølve rolla.

– Dei kjenner seg åleine fordi dei ikkje blir sett. Dei er slitne og ein del opplever at dei er gløymde av hjelpeapparatet. Vår jobb er å lytta og anerkjenne det innringaren står i, anten det er ein som sjølv har helseplager eller det er ein pårørande, forklarer Ida Engelstad.

Alle som tek kontakt med Mental Helse gjer det anonymt.

– Vårt mål er at den som ringer inn skal kjenna livet litt lettare etter ein samtale. Me har ofte enorm pågang, og kan difor ikkje snakka veldig lenge med kvar enkelt. Mi erfaring er at ein god samtale ikkje alltid treng å vera lang for å ha god effekt, det meste handlar om kva den som kontaktar oss treng.

Dei kjenner seg åleine fordi dei ikkje blir sett. Dei er slitne og ein del opplever at dei er gløymde av hjelpeapparatet.


Kvar blir hjelpa av?

Eit vanleg tema når pårørande tek kontakt, er uroa over at den som er sjuk ikkje får den hjelpa ein håpar på, og si eiga kjensle av å stå åleine i kampen. Kontakt med pårørande aukar gjerne rundt helger og feriar, når ein del tilbod til den sjuke stenger, og meir ansvar fell på dei rundt den sjuke, forklarer Ida Engelstad.

Mental Helse skal vera eit lyttande øyre som anerkjenner og prøver å gi deg nytt mot til å stå i det. 

– Korleis kan det skje?

– Me må først finna ut kva den enkelte pårørande treng mest, deretter må me så inn bodskapen om at den pårørande er like viktig som den sjuke. Difor er det viktig for pårørande å av og til bare gjere noko for seg sjølv. Me kan minna deg om å prioritera deg sjølv, dra på den jenteturen, gå ein tur, velge ulike fritidsaktiviteter, skru av telefonen eller reisa på ein konsert. Alle er ulike på det dei treng. Men ein må minna den pårørande om at han eller ho er viktig, og gi dei verktøy til å ta vare på seg sjølv. Men det kan vera vanskeleg når hjelpetilbod manglar, eller ikkje virkar. Vi hjelper dei også med å finna fram til andre organisasjonar som kan tilby noko som kan vera til hjelp for pårørande, fortel ho.

Når du ikkje er pårørande lenger

Ida Engelstad trekker også fram utfordringane og tomrommet som kan veksa fram om ein pårørande brått mistar denne ofte altoppslukande rolla. Kven er han eller ho då? Når kommunen sin pårørandekoordinator har tatt over, eller den sjuke er død? Då kan ein kjenna seg overflødig, eller føla det er trist at ein annan så lett kan erstatta deg. Mental Helse kan då gi pårørande hjelp til å orientera seg i det nye livet, påpeiker Engelstad.
 

Kven er han eller ho då? Når kommunen sin pårørandekoordinator har tatt over, eller den sjuke er død?

Ho veit at det å vera pårørande til menneske med psykiske utfordringar ofte kan vera ekstremt tøft. Å leva tett på eit menneske som trugar med å ta livet sitt, krev svært mykje.

Mange tek kontakt

Sommaren 2023 har vore prega av spesielt mange henvendingar til Mental Helse, både frå dei som er sjuke og frå pårørande. Fleire yngre tek kontakt, fortel ho. Årsaka til auken trur ein har fleire årsaker, men sannsynlegvis er det unge som fekk vanskar under koronaen og deira pårørande som no tek kontakt, om manglande eller stengte hjelpetilbod, lange ventelister og psykologmangel, med meir.

På grunn av stor pågang er det ganske ofte ein del ventetid for å sleppe gjennom på telefon til Mental Helse. På chat er du garantert svar innan eit døgn. Kor lenge du må venta på svar varierer mykje gjennom døgnet. Mange samtalar dreier seg om depresjon, angst, sjølvmordstankar og økonomiske utfordringar, fortel Ida Engelstad.

Både eldre og yngre tek no tastaturet i bruk for å få hjelp, på same måte har ein merka at unge også i større grad ringer for å få hjelp, kanskje fordi dei treng å høyra eit menneske snakka i andre enden, påpeiker ho.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut