Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
29. januar 2024

Ei felles nettside med digitale fullmakter er på gang

Det er etter kvart mange som ikkje kan bruke BankID fordi dei blir mindre digitale grunna alder. Dei kan likevel framleis ha tilgang til digitale tenester ved å gi nokre andre fullmakt til å vera digitale på deira vegne.
Gry-Nerga%CC%8Ard-2%20(1)
Foto: Kilian Munch

– I dag må slike fullmakter opprettast lokalt hos tenesteytar, og eit felles offentleg register ville gjera livet enklare for pårørande til menneske utan BankID, opplyser Gry Nergård, som er forbrukarpolitisk direktør i Finans Norge.

Nergård har forståing for at BankID-reglane kan verka veldig strenge, men er klar på at slik må det vera, for å redusera risikoen for at svekka personar blir svindla av pårørande eller andre.

 

Ei strengt personleg ordning

– For å bruka BankID må du vera avtale- og avgjerdskompetent, forklarer ho.

Gry Nergård presiserer at BankID er personleg. Du skal ikkje dela den med nokon, anten det er ektefellar eller barn. Kravet er at BankID skal du kunna bruka åleine. Blir det vanskeleg, har banken plikt til å gjera ei vurdering av om ein person framleis kan ha BankID eller ikkje, seier Nergård.

I desse tilfella kan personen som mistar retten til BankID få ei verje, eller pårørande kan få fullmakt til å bli disponent på kontoen til vedkomande, slik at rekningar blir betalte. Ho legg til at det for kognitivt friske eldre også er mogleg å ha banktenester utan BankID, då kan ein nytta seg av til dømes Brevgiro for å få betalt rekningar.

Nergård understrekar kor viktig det er å få ei framtidsfullmakt på plass før sjukdom og alderdom råkar, dersom pårørande skal vera digitale for deg. Pårørande kan aldri overta ein annan person sin BankID, men kan få ulike fullmakter på vegner av den eldre, og også få tilgang til kontoar, ved å bruka eigen BankID, når ein har gjort avtale med banken om at ein er disponent på kontoen til ein person ein er pårørande til.
 

Mitt råd til pårørande er å ta grep om ein ser at ein person begynner å slita med å gjennomføra bankoppgåvene sine. (...) Då vil også banken kunna opplysa om kva løysingar som finst for pårørande til å hjelpa på lovleg vis.

 
 

Misbruk kan få store konsekvensar

Gry Nergård seier det finst ulike typar elektroniske identitetar i samfunnet, utanom BankID. Eksempel på slike er alt frå brukarnamn og passord til ei teneste. Buypass, MinID og Feide, er andre døme.

Det finst også ulike offentlege fullmaktsløysingar. Skatteetaten, Nav og Helfo har alle ulike løysingar. Digitaliseringsdepartementet arbeider med å laga ein felles nettside kvar desse fullmaktene ligg samla, men denne er enno ikkje ferdig.

Me veit at det er ein del pårørande som brukar andre sin BankID, og at det som oftast går godt, men då bryt dei reglane for BankID. Og går det gale, kan det få store konsekvensar for den enkelte, ikkje berre i høve til banken, men informasjon om helse og trygdeytingar, til dømes, kan også komma på avvege.

BankID blir nemleg brukt som inngangsport til mange ulike felt i samfunnet vårt, gir ein bort denne identiteten sin, veit ein aldri når eller kvar misbruk kan skje, påpeiker ho.

 

Ta grep om nokon slit

– Mitt råd til pårørande er å ta grep om ein ser at ein person begynner å slita med å gjennomføra bankoppgåvene sine. Då bør ein ta kontakt med banken og få ei vurdering om BankID bør fjernast. Banken har plikt til å gjera ei slik vurdering om det oppstår tvil rundt ein person si evne til å bruka BankID. Då vil også banken kunna opplysa om kva løysingar som finst for pårørande til å hjelpa på lovleg vis.

Ved å bli lagt til som disponent på ein konto, vil alltid banken kunna sjå kva du gjer, og eventuell svindel vil vera enkelt for banken å spora i ettertid, ifølge Gry Nergård.

BankID er skapt av bankane, men blir no brukt på mange andre felt i samfunnet. Det kan i utgangspunktet ikkje bankane ta ansvar for, fortel Nergård.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut