Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
18. desember 2023

Ho sette foten ned og ba sjukeheimen skjerpa seg

Leiarane ved Sunde sykehjem i Stavanger la seg flate. Sjukeheimen tok grep for å få betre rutinar på stell av bebuarane og kontakt med pårørande. Slik gjekk Ann-Krestin Møller frå å vera sint og misnøgd pårørande til å bli ein konstruktiv kritikar og hjelpsam medspelar.
Ann-Krestin%20M%C3%B8ller

Misnøya med stellet av faren hadde vart i fleire veker. Då ho ein dag kom og fann han sengeliggjande i gamal avføring, med ytterjakka på, langt utpå føremiddagen, sprakk det for henne. Ho gjekk i september i år ut i Stavanger Aftenblad og klaga på det ho meinte var svært uverdig og mangelfullt behandling av faren.

 

Ting kom på stell

– No går alt mykje betre. Far får betre stell og dermed er me pårørande også rolegare og tryggare. Eg er fars næraste pårørande og blir no oppdatert kvart fjortande dag om tilstanden og stellet av han. Er det noko dei lurer på, tek dei kontakt innimellom også, slår varslaren nøgd fast.

Ann-Krestin Møller innrømmer at det var tøft å stå fram, men konsekvensane for bebuarane ved å ikkje gjera noko, ville blitt verre.

– Eg hadde ikkje samvit til å la vere, påpeiker ho.

Systemet og haldningane til dei tilsette var etter Møller si meining, hovudgrunnane til at faren ikkje fekk godt nok stell den første tida han budde på sjukeheimen. Skal endringar komma, må nokon gi beskjed, er bodskapen hennar.

– Far kom inn midt i ferien, men har sjukeheimen gode system, skal ein vera trygg på at stellet er godt, anten det er ein ferievikar eller ein fast tilsett som utfører det. Mange av bebuarane på sjukeheimen er som barn. Hadde barn fått så mangelfullt stell som nokre av bebuarane opplevde her tidlegare, ville det blitt ei sak for barnevernet, slår stavangerkvinna fast.

 

Slurvar dei med ein, slurvar dei med alle

For henne var det viktig å ta ein kamp for faren, men også for eit system som sikrar absolutt alle bebuarar god pleie.

 

– For dersom dei slurvar med ein annan pasient, har eg ingen garanti for at far heller får godt stell, påpeiker ho.

Etter oppvasken blir ho varsla om stort og smått som gjeld faren, og Ann-Krestin kjenner ho har landa i rolla som pårørande. No er ho trygg på at han får god pleie, dette har gitt henne overskot til å gi noko tilbake til sjukeheimen. Saman med ein del andre pårørande har ho mellom anna dratt i gong pubkveld og julebord for dei som bur her.

– Når ting fungerer, kan eg tilby mi hjelp som pårørande. Når ting ikkje fungerte, hadde eg nok med å passa på far min.

Bonusen med å laga til liv og røre på sjukeheimen er at Ann-Krestin får bli betre kjent med dei andre som faren bur saman med.
 

Når ting fungerer, kan eg tilby mi hjelp som pårørande. Når ting ikkje fungerte, hadde eg nok med å passa på far min.

 

Kobla ut for å kobla på

Ho gjekk gjennom ei sorg då faren måtte på sjukeheim, denne overgangen blei ikkje lettare då ho gong på gong oppdaga mangelfull oppfølging av faren. No har Ann-Krestin Møller forsont seg med at faren må bu på sjukeheim og ho har fått gode råd om korleis ho skal takla rolla som pårørande gjennom samtalar ved Pårørendesenteret.

 

– Her har eg lært å tenkje på meg sjølv oppi alt. Tidlegare var eg heilt oppslukt av det far min gjekk gjennom, og hadde ikkje auge for eigne behov, eller for andre i familien. No greier eg løfta blikket og kobla litt ut.

Ho har også fått gode råd om korleis ein kan bytta sinnet ut med meir rasjonelle kjensler, og så må ein sjå kva som er realistisk å forventa av stell og pleie på ein sjukeheim.

– Eg kunne jo helst tenkt meg at far var strigla og nybarbert til ei kvar tid, men eg veit jo at det er ei grense for kva dei tilsette maktar. Men eg krev naturlegvis at han alltid er rein, tørr og stelt.

Ho rosar virksomhetsleiaren og aktivitøren for å gripe fatt i klagene hennar på ein ryddig og konstruktiv måte. Etter klagane frå Ann-Krestin Møller auka sjukeheimen mellom anna  bemanninga og la om turnusar. Det blei også kalt inn til eit møte for alle pårørande der også ein representant frå kommunen var med. Elles har Sunde sjukeheim oppretta eit pårøranderåd der også bebuarar er med. Kvar avdeling ved sjukeheimen er representert ved to pårørande og to bebuarar.

 

Meir enn ei kjeftesmelle

– Eg føler at alt er meir på stell etter eg tok dette oppgjeret. No er det gjerne blomar, lys og duk på bordet i helgene. Leiinga har møtt kritikken konstruktivt og fint. Eg har blitt takka for at eg løfta dette fram, fortel Ann-Krestin Møller.

– Kan pårørande krevja for mykje?
– I dette tilfellet var det snakk om stell og mat. Det er ikkje for mykje å forlanga at rutinane er på plass når det gjeld slike grunnleggjande ting, bebuarar skal vera reine tørre og ikkje lukta urin eller avføring. Det er slett ikkje for mykje forlangt, men eit sjølvsagt krav, understrekar Møller.

Men det er også viktig for henne å visa at ho som pårørande kan vera noko meir enn ei kjeftesmelle. Difor har ho gått i bresjen for fleire faste samlingar i løpet av året der pårørande går saman og steller til noko kjekt for bebuarane på sjukeheimen. Ann-Krestin Møller seier ho er ei som ikkje er redd for å seia i frå, anten det er for å gi ros eller ris.

Takka vera Pårørendesenteret og ein sjukeheim som tok kritikken på alvor, har livet hennar blitt meir avslappande. No kan ho dra på fest utan å sitja med høge skuldrer og uroa seg over far sin, ho har til og med vore på Syden-tur, noko som gjorde henne veldig godt. Men ho har heile tida eit vake auge for kva som skjer med faren på sjukeheimen. Ho er alltid klar til å tala saka hans.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut