Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
05. desember 2023

Korleis taklar du å få vita at barnet ditt har skadeleg seksuell åtferd?

Fornekting, skam og fortviling er vanlege kjensler når føresette får vita at barnet har skadeleg seksuell åtferd (SSA). Det fortel Anne Cathrine Bartvik, spesialrådgivar ved Utviklingsavdeling ungdom ved Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU).
getty-images-IMX-ZzzS-uE-unsplash%20
(Illustrasjonsfoto)
Det er ukjent kor vanleg skadeleg seksuell åtferd er blant mindreårige, men mørketala er truleg store, ifølge Bartvik. Årsaka er at det er ein glidande overgang mellom det som blir rekna som naturleg og sunn seksuell utforsking blant barn, og det som blir rekna for skadelege overgrep, og i verste fall valdtekt.
 

Ein auke i slike saker

– Om me deler den seksuelle åtferda opp etter trafikklysmodellen er det ei stor gruppe som er grønt og gult. Kva som blir kalla skadeleg åtferd er ofte eit definisjonsspørsmål. Men penetrering og valdtekt er heilt klart raude handlingar. I den gule gruppa skjer det mykje som ingen får vita om, påpeiker ho.

Kripos la i 2017 fram ein rapport som viste ein auke i lovbrot blant mindreårige, det gjaldt også seksuelle lovbrot. Eit anslag frå 2021 oppgir at det er så mange som 3000 tilfelle i året av denne type seksuelle overgrep blant barn.
 

Kva er normal og ufarleg seksuell åtferd blant barn?

– Såkalla doktorleikar blant femåringar er eit typisk døme på ein uskuldig og naturleg leik blant jamnaldringar. Om ein seks-åring seier til ein annan seksåring: Kom og sjå på tissen min, er det også harmlaust. Problema oppstår om det kjem spørsmål om å suga på tissen, forklarer Anne Cathrine Bartvik.

Barn som begår seksuelt krenkande handlingar mot andre barn er ikkje noko homogen gruppe. Dei kan komma frå heilt vanlege heimar, og handlinga kan då ikkje tolkast som anna enn ei rein impulshandling med uklar årsak. Andre barn kan sjølv ha opplevd seksuelle overgrep, eller dei kan ha vore eksponert for porno, sett foreldra ha sex, eller vore offer for andre typar omsorgssvikt, ifølge Bartvik. Barn med ulike typar utviklingsforstyrringar eller sosiale eller relasjonelle utfordringar er også i gruppa av barn med SSA.
 

Utfordringa er ofte at dei barna som ikkje har problem på andre område i livet, ofte går under radaren, medan dei barna som alt er i systemet på grunn av andre vanskar, har betre sjanse til å få hjelp til å regulere åtferda si også på dette området.

Anne Cathrine Bartvik, NUBU
 

Feia under teppet

Ho er viss på at det er mykje skadeleg seksuell åtferd blant barn som aldri blir fanga opp av hjelpeapparatet, anten fordi ingen får vita om det, eller fordi foreldra ikkje går vidare med det. Bartvik fryktar også at ein del av hjelpeapparatet gøymer hovudet i sanden, fordi dei ikkje har erfaring med denne type utfordringar, og difor ikkje veit kva dei skal gjera. 

– Når noko er svært ubehageleg, vil du gjerne ikkje tru det, sjølv om du ser det, poengterer ho.

– Dermed kan slik åtferd bli bagatellisert eller feilaktig plassert i gul sone.

Fornekting er ikkje uvanleg korkje hjå foreldra til barnet som har utsett eit anna barn for skadeleg seksuell åtferd, eller blant fagfolk. Dermed spør ein ikkje aktivt etter, eller slår seg til ro med at det skjedde berre ein gong.

Ho meiner det er viktig å hugsa at dei er alle barna våre, anten dei er den som utset eller blir utsette for skadeleg seksuell åtferd. Bartvik seier at det i ein slik samanheng er det enklaste naturlegvis å vera pårørande til barnet som er utsett for seksuelle krenkingar.

Dei vil møta sympati og forståing og får hjelp. For foreldra til den som har forgripe seg kan det heile opplevast langt tøffare. I tillegg til skam, frustrasjon og fortviling, kan ein kjenne på sinne mot barnet, og vere usikker på kva ein skal gjere, viser ho til.
 

Alle blir involverte

Anne Cathrine Bartvik meiner at terapi der alt blir snakka ope om og tatt tak i, vil kunna dempa skamma blant dei føresette. Då får ein vita at også andre står i det same og at det er hjelp å få, både for barnet som har krenka eit anna barn seksuelt, eller blitt krenka, men også for heile familien rundt.

I dei fleste tilfelle skjer slike overgrep berre ein eller få gonger, før det blir stoppa. Kor mykje hjelp dei enkelte familiar treng, er avhengig av kor alvorleg overgrepet er og kor ofte det har skjedd.

Bartvik seier både barna og dei pårørande blir involverte i behandlinga etter slike hendingar. Ofte får ein ei seksuell opplæring tilpassa barnets alder, der ein går gjennom kva som er normal, og kva som er skadeleg seksuell oppførsel mot andre. Her får ein også læra om kva som er konsekvensen for seg sjøl og andre om ein gjer slike seksuelle handlingar.

– Somme treng eit tett program, men ofte er det nok med ein samtale med lærar, helsesykepleiar eller ein annan omsorgsperson, seier Bartvik.

I ei slik oppfølging blir den aktuelle handling analysert. Kva skjedde? Kvifor skjedde det? Her brukar ein eit heilt konkret og klart språk, slik at alle forstår kva som har hendt. Etterpå set ein inn tiltak for å hindra at dette skjer igjen, forklarer ho.

Desse tilfella har ofte preg av eksperimentering. Alvoret er ofte større der eit eldre barn begår seksuelt skadelege handlingar mot eit yngre barn. 

Slike hendingar kan skje mellom barn som kjenner ein annan, frå skule eller nabolag, men dei kan også skje mellom søsken, eller søskenbarn.
 

Familiebasert behandling

I tilfelle der overgripet har eit insestuøst preg, må ein ofte til med tryggleikssystem i familien. Då er pårørande spesielt viktige. Ikkje alltid kan offer og overgripar halde fram med å bu same plass. I tilfelle der familien skal bu i same hus, er det også viktig å involvera søsken etter behov. Dei må få vita kvifor dører alltid skal vera opne til dømes. Terapien i samband med SSA er basert på skreddersaum til den enkelte familie, framheld Anne Cathrine Bartvik.

I enkelte tilfelle kan også besteforeldre og tanter og onklar bli involverte, dersom barna må bu i ulike husstandar etter overgrep er blitt avdekte.
 

For alle partar er det viktig å vera open om det som har skjedd, setja ord på det, og definera kva som er normalt og ikkje. Mi erfaring er at kunnskap løyser opp mykje av skamma blant dei pårørande. 

Anne Cathrine Bartvik, NUBU

Difor er det ifølge Bartvik så viktig at ein i familiane kan snakka om det seksuelle på ein normal og avslappa måte utan å dekka til noko. Det er også viktig at ein behandlar både den som utset og den utsette med omsorg, minner ho om. Det er heller ikkje uvanleg at den som utset andre for slike handlingar, sjølv har vore eit offer, legg ho til.

For å unngå at barn utøver problematisk seksuell åtferd mot andre, er det viktig at føresette ikkje let barna sjå porno, eller få del i dei vaksne sin seksuelle aktivitet. Gjennom porno kan barna få eit gale/feil/forvrengt bilde av kva som er normal seksuell åtferd.

– Det er også viktig at føresette har kontroll med kven barna har kontakt med på nett, understrekar ho. 
 

Nyttig nettside for pårørande

Ho kjenner ikkje til støttegrupper for føresette som har opplevd SSA anten på overgreps- eller offersida. Men ho råder pårørande til å gå inn på seksuellatferd.no. Der kan ein få mykje informasjon om SSA.

– Ein kan også ta kontakt med stader som Pårørendesenteret. Er dei mange nok kan ein kanskje få til ei samtalegruppe, er hennar råd.

For dei fleste familiar og barn endar det godt etter slike hendingar, når problema blir tekne tak i på ein god måte, mens i andre tilfelle der overgriparen er over 15 år, blir det eit langvarig løp i rettssapparatet.

I mindre alvorlege tilfelle er det gode muligheter til å få redusert eller fjerna den skadelege seksuelle åtferda og skapa forsoning mellom familiar, seier Anne Cathrine Bartvik.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut