Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
18. september 2023

Pårørande forsterkar pasienten si stemme

Søndag 17. september er den internasjonale dagen for pasienttryggleik. I år er det pasienten og brukaren si stemme som Verdas Helseorganisasjon ønsker å løfta fram. Det betyr også pårørande si stemme, som ofte er ei svært viktig forsterking av denne stemma.
Kari%20Annette%20Os%202%20%C2%A9%20Dragana%20Njegic%20
Foto: Dragana Njegic

Det slår Kari Annette Os fast. Ho er avdelingsdirektør for Avdeling kvalitetsforbedring og pasientsikkerhet i Helsedirektoratet.

Pårørande eit viktig verktøy

– Verdas Helseorganisasjon (WHO) er tydelege på at helsevesenet globalt ikkje er flinke nok til å gjera nytte av pårørande si innsikt og kunnskap i pasientbehandlinga. Å involvera pårørande meir blir nemnt som eit av dei kraftigaste og mest effektive verkemidla for å forbetra helsetenestene verda over.

Os viser til at pårørande ofte kan bidra med ein ny innfallsvinkel, eit nytt blikk og utfyllande informasjon om ein pasient eller brukar. Pårørande står pasienten nær og kan vera med og trygga og ta vare på den som treng ulike former for helsetenester.

– På individnivå er pårørande spesielt viktige. Dei kan gi pasienten hjelp til å tolka, bistå, støtta, trygga og stilla dei viktige spørsmåla. Pårørande gir ofte helsepersonell betre høve til å forstå den som treng hjelp. Kunnskapen til pårørande bidreg til at helsepersonell lettare kan finna rett behandling og elles gjera det som er viktig for nett denne pasienten, påpeiker Kari Annette Os.

Hinder for kommunikasjon

Pasienten som står i sentrum for det heile er naturlegvis også ei viktig kjelde, men ofte er det ting som skapar skurr i kommunikasjonen. Somme er for sjuke til å kunna ta vare på eigne interesser, dei kan mangla språk, vera veldig slitne, ha kognitive utfordringar, eller vera mindreårige. Psykiske problem og smerter kan også skapa barrierar. I alle desse tilfella vil, ifølge Os, pårørande vera svært viktige for å kunna gi eit breiare bilde av pasienten, slik at vedkomande har større sjanse til å bli møtte på ein så god måte som mogleg av helsevesenet.

Pårørande er også ein sentral og viktig ressurs, der tenestene blir utvikla.

Korleis møter sjukehusa pasientar og pårørande? Korleis er samhandlinga i heimebaserte tenestar og i ulike bufellesskap? Dersom innspela til pårørande kjem tydeleg fram i prosessane med å sy saman tenester, er det lettare å skapa tenester som treff den enkelte brukar godt.

Kunnskapen pårørande har må brukast meir systematisk, då vil vi kunna få til eit endå betre helsetilbod.


Kunnskap til politikarar

– Mange er flinke til å ha systematiske samtalar med pårørande. Då er det lurt å også nytta desse til å få synspunkt frå dei nærståande som gjer at dei som utviklar tenester og dei som vedtek desse, har kunnskap om kva som er viktig for å få til endå betre tenester, seier Os.

På det tredje nivået, systemnivået, er også brukar- og pårørandemedverknad heilt avgjerande, meiner Kari Annette Os. 

– Det er viktig at pårørande si stemme også blir tydeleg i det politiske landskapet, blant politikarar i kommunestyra rundt i landet. Det er jo dei som legg føringar for korleis tenestene skal utformast. Pårørande kan bidra til at desse blir tryggast og sikrast mogleg for brukarar og pasientar, framheld Os.

Poenget er at dei som har skoa på i større grad må bli høyrde, ikkje berre for pasienten sin del, men også for sin eigen del, som pårørande, legg ho til.

Eit heilt eige blikk

Trygge helsetenester avheng naturlegvis også av eit godt lovverk og fagleg dyktig helsepersonell. Men uansett er pårørande i ei særstilling og har eit heilt eige blikk inn i utfordringane rundt ein pasient.

Kari Annette Os seier at ein fleire stader er blitt flinke til å involvera pårørande og at ein lærer av kvarandre på tvers av tenestene. 

– Kunnskapen pårørande har må brukast meir systematisk, då vil vi kunna få til eit endå betre helsetilbod, slår Os fast.

For pårørande og andre som vil lesa meir om pasienttryggleik kan gå inn på sida I trygge hender. Her kan ein lesa mykje om korleis det blir jobba med pasienttryggleik i Noreg.

Og her kan du lesa litt meir om kva WHO er oppteken av under årets internasjonale markering av dagen for pasienttryggleik.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut