Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
09. november 2023

Pårørande har rett til å ta pause

Vidar Kristiansen gir nordmenn psykologråd rett i handa via Instagram-kontoen psykolog.pappa. Psykologen frå Oslo ønsker å nå breitt ut, og vinklar ofte råd og meistringsstrategiar mot pårørande.
Psykolog_pappa
Foto: Ina Therese Vistung Knutsen

Kontoen har etter kvart vel 41.000 følgjarar, så han når ut til svært mange.

Instagram har ikkje plass til så mykje. Det er litt av fordelen, meiner han, fordi han då må fatta seg kort og enkelt, anten det gjeld visuelle verkemiddel i filmsnuttar eller i skrift. Han har skapt eit lågterskel-tilbod som driv folkeopplysing om psykologi, med ord alle kan forstå.

Ideen til kontoen dukka opp då han var i pappaperm i 2021. 30-åringen har undervist både pasientar og helsepersonell i mange år, og har lenge hatt ei interesse i å gjera psykologfaget tilgjengeleg og forståeleg for alle.
 

Lærer folket psykologi

På psykolog.pappa unngår han fagtunge frasar og brukar heilt vanlege ord om vanlege menneske sine kjensler, ledsaga av teikningar i lyse og lette fargar. Innimellom dukkar han også sjølv opp i korte filmsnuttar med enkle og kortfatta bodskap, for å gi nytt mot og så nye tankar og perspektiv inn i mottakarane, anten dei er pårørande eller berre heilt enkelt nysgjerrige på korleis kjenslelivet er skrudd saman, og korleis dette påverkar livet og tankane.

– For meg er det veldig hyggeleg å få tilbakemelding om at folk opplever at råda eg gir, fører til meistring i kvardagen, men eg er veldig medviten på at eg ikkje skal yta helsehjelp gjennom denne kanalen, understrekar han.

Me må vera opptekne av korleis både pasient og pårørande har det. Det skal ikkje vera nokon konkurranse om kven som har det verst. 


Vidar Kristiansen er opptatt av dei pårørande i det han formidlar gjennom psykolog.pappa. Det er ikkje alltid lett å vita kva folk der ute treng, eller kva som slår an blant følgjarane, men Kristiansen har inntrykk av at mange ønsker å få råd om korleis ein kan vera ein god støttespelar.

– For kva er ein god støttespelar eller pårørande? Mange kan streva litt med denne rolla, for kva krevst? Ein fryktar å vera klønete, og så blir det gjerne at ein vegrar seg, fordi ein ikkje veit kva som er rett og gale.

Kristiansen har i fleire år vore tilsett ved A-senteret til Kirkens Bymisjon i Oslo. Her arbeider han innan rus- og avhengigheitsfeltet. Tema på Instagram kan gjerne vera inspirert av problemstillingar han møter på jobben sin.
 

Pårørande må kjenne grensene sine

A-senteret behandlar menneske med ulike rusutfordringar og deira næraste. Ein tredjedel av dei som tek imot helsehjelp her er pårørande.

– Me må vera opptekne av korleis både pasient og pårørande har det. Det skal ikkje vera nokon konkurranse om kven som har det verst. For meg er det viktig både på A-senteret og på Instagram å fortelje pårørande at dei også må tenkje på seg sjølv, midt oppi alt.

Bodskapen til psykologen er at pårørande må hugsa at dei ikkje skal måtta bera ansvaret for å gjera den sjuke frisk, same kor langt dei strekker seg. I somme tilfelle går pårørande inn nesten som helsepersonell. Då ønsker Vidar Kristiansen å få dei til å ta eit skritt til sides, og minna dei om at det ikkje er råd for den pårørande å løfta den som slit opp av all liding. Difor er dei som lever tett på nøydd til å porsjonera ut kreftene sine.

– Eg er klar over at det kan vera vanskeleg å skapa ein distanse, særleg viss det er snakk om ein veldig nær relasjon, men for å ikkje slita seg ut, må dei som står i lange pårørandeløp, prøva å setja ei grense rundt seg sjølv. Ein kan ikkje frelsa den andre, likevel kan ein vera til stades, vera ein god ven, ei god mor eller sambuar. Det handlar om å lytta og vera open for den som strevar, fortel Vidar Kristiansen.

Det handlar om å vera der og sjå den sjuke. Men for å greia dette, må den pårørande også ha eit eige liv utanom for å samla krefter til det livet med den sjuke krev.
 

Du kan bli trøytt av å gi omsorg

Kristiansen seier han har møtt mange pårørande med høge skuldrer, gjerne gamle foreldre til barn med rusutfordringar. Desse har hatt mange tøffe opplevingar og kjenner på mykje ansvar.

– Eg meiner ikkje at pårørande aldri skal gå fullstendig inn i den som slit, men over tid må det vera ein balanse i dette. Difor tenker eg det er viktig at helsepersonell involverer dei pårørande frå første stund, så sant pasienten ønsker det. Då kan både pasient, pårørande og behandlarar avklare kva roller dei ulike har, og kva ein ventar av kvarandre.

Han meiner det er viktigare å gi pårørande kunnskap på førehand for å førebygga at dei blir utbrende og må ha hjelp.

...for å ikkje slita seg ut, må dei som står i lange pårørandeløp, prøva å setja ei grense rundt seg sjølv. Ein kan ikkje frelsa den andre, likevel kan ein vera til stades, vera ein god ven, ei god mor eller sambuar. Det handlar om å lytta og vera open for den som strevar.

Å vera pårørande over tid kan, ifølge Kristiansen, føra til ein kan bli trøytt av omsorg. Dette kan ramma dersom den totale belastinga over tid blir for stor. Nokon kjenner seg rett og slett emosjonelt fråkopla personen ein eigentleg veit betyr mykje for ein. Det er ei ubehageleg oppleving å ha. Andre kan kjenna at no orkar ein ikkje meir, likevel får skuldkjensle og dårleg samvit dei til å pressa grensene litt til, med fare for full kollaps.

Å involvera seg for mykje over tid utan avlasting, aukar faren for å gå trøytt av å gi omsorg. Vidar Kristiansen råder pårørande som står i tøffe oppgåver om å finna nokon å snakka med, anten det er ein venn, eller i ei samtalegruppe.

– Ein må vera på vakt slik at ein ikkje utslettar seg sjølv. Ingen kan vera 100 prosent på heile tida. Blir du altfor sliten, blir du ein dårleg fungerande pårørande til slutt. Å finna det rette brytningspunktet er viktig. Å ta pausar frå pårørandeoppgåvene, er ein god måte å ta vare på seg sjølv.
 

Ta fri med godt samvit

Han trur mange pårørande strevar med å finna balansen. Dei ønsker å lena seg tilbake, ta eit skritt tilbake. Dei er vant til å vera på, kjenner ei forplikting til å stilla opp. Det er difor viktig å seie høgt at pårørande har lov til å ta pause og ha fri. Sjølv om hjartet og kjenslene strittar, må hjernen seie at dette er lov. Så får ein heva seg over kva andre måtte seie, eller eigne dømande tankar.

– Omsorga for andre må vektast mot omsorga for deg sjølv. Det er klisjeen om oksygenmaska. Det er ikkje alltid enkelt å følga rådet om å ta vare på seg sjølv, anten du les det på Insta eller høyrer det frå ein ven eller lege. Men prøv å få til det du kan. Litt er betre enn ingenting, seier han.

Vidar Kristiansen vil halda fram med å gjera psykologi forståeleg for alle gjennom psykolog.pappa. Nyleg kom han også ut med boka Psykisk sterk - verktøyene du trenger for å bli mer robust.

Tilbodet til pårørande er generelt sett altfor dårleg. Innan sitt eige fagfelt er det likeins. Det finst for altfor få samtaletilbod for pårørande til menneske med rusutfordringar, det er ikkje haldbart. Han meiner helsepolitikarane må prioritera pårørande i større grad.

Kristiansen påpeiker at psykolog.pappa ikkje er noko erstatning for helsetenester. Dette skal berre vera råd og tips og fine forslag meint som førebygging til folket.

– Håpet mitt er at kontoen skal få folk nysgjerrige på korleis ein sjølv er, og på korleis ein ser på andre. Håpet er at den også har ein liten førebyggande effekt. psykolog.pappa gjer nok ikkje ting verre i alle fall, slår Vidar Kristiansen fast.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut