Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
19. desember 2023

Pårørande og tilsette skal saman løfta Sunde sykehjem

I sommar gjekk pårørande ut med kritikk av det dei meinte var mangelfull omsorg og pleie for faren på Sunde sykehjem. Etter dette har sjukeheimen praktiske omleggingar, men også skapt nye møteplassar for å få pårørande tettare på. Nøkkelen er å heile tida ha god utveksling av informasjon.
shutterstock_630368246%20copy

– Me er ikkje i mål, men godt i gang, og pårørande er ei viktig brikke i dette arbeidet, seier Lisa B. Berrefjord.

Ho er virksomhetsleiar ved Sunde sykehjem. Berrefjord forklarer uroa i sommar med mangelfull oppfølging av rutiner, knirk i informasjonsflyt og uklare forventinger. For noko av det viktigaste i dialogen mellom pårørande og tilsette ved sjukeheimen, er å finna ut kva ein forventar av kvarandre, seier ho.

– Kva er ein sjølvsagt ting å forventa av sjukeheimen, og kva ligg utanfor kva sjukeheimens tilsette kan ta seg av?
– Pårørande er våre beste støttespelarar, og me lærer mykje av å lytta til deira kritikk og innvendingar, men blir også glade for få vita det når noko fungerer godt. Ikkje alltid kjem me i mål, men me har tatt tak i utfordringane, både gjennom å leggja om turnusar og ved å systematisera innkomstssamtalane rundt nye bebuarar, opplyser Lisa B. Berrefjord.

 

Sjukeheimen har laga nytt bebuarråd

På innkomstsamtalane prøver me å få til at anten avdelingsleiar eller virksomhetsleiar skal vera med, samt pårørande. Slik kan ein sikra at viktig informasjon om bebuaren og pårørande sine behov og ønske blir registrerte og følgde opp av sjukeheimen. Pårørande blir også oppmoda om å straks komma med tilbakemeldingar om noko oppstår, anten til primær- eller sekundærkontakten sin.

Det er også nyttig om sjukeheimen kan få vita litt om kva den pårørande har stått i og står i, fordi det også kan prega forventningar og ønske til sjukeheimen, ifølge virksomhetsleiaren. For å styrka oppfølginga vil sjukeheimen også snart få tilsett ein ekstra avdelingsleiar, som skal vera ekstra tett på bebuarar og pårørande, opplyser Berrefjord.

Like etter dette telefonintervjuet med Pårørendesenteret skal ho ha bebuarråd. Dette er eit av tiltaka som blei innførte etter sommarens avisoppslag. Dette rådet skal samlast fire gonger i året, og her er også pårørande med. Her kjem bebuarar og deira næraste med innspel og ønske til sjukeheimens tilsette, som på si side får fortelja om sine tankar og planar framover. Ein gong i året er det også eit eige pårørandemøte ved Sunde sykehjem.

Berrefjord viser til at samspelet mellom bebuar, pårørande og sjukeheim er viktig, men ofte også komplekst. Bebuarar og pårørande er ulike, og ikkje alltid har bebuar og hans eller hennar pårørande same forventning.

Pårørande er våre beste støttespelarar, og me lærer mykje av å lytta til deira kritikk og innvendingar, men blir også glade for få vita det når noko fungerer godt. 

 

Kvifor har han ikkje dusja?

Pårørande kan ha ønske om at far eller mor blir kledd fint opp, slik vedkomande alltid har likt før, men det er ikkje alltid dagsforma til bebuaren er slik at han eller ho orkar så mykje oppdressing. Men då er det viktig at pårørande får vita at me har prøvd, men at me ikkje fekk det til, fordi bebuaren sjølv ikkje ønskte det, forklarer Lisa B. Berrefjord.

– Det same kan vera tilfelle med det å dusja. For somme bebuarar kan det vera eit ork. Dei tilsette skal då så godt det let seg gjera motivera bebuaren til dusjing, men heller ikkje dette er noko ein person kan tvingast til, presiserer ho.

Kva som blir forventa avheng også ofte av kvar bebuaren kjem frå. Pårørande til ein som kjem rett frå heimen sin, kan ha andre forventningar enn pårørande til ein person som kjem frå eit korttidsopphald eller rehabilitering, viser ho til.

Ho fortel at bebuarar på sjukeheim har ulike behov og komplekse sjukdomsbilde. Av og til treng fleire hjelp på likt. Då må personalet prioritera og starta der behovet for stell og pleie er størst. Berrefjord vedgår at ein ikkje alltid lukkast med dette, men arbeider for å bli betre og difor er tilbakemeldingar viktige.

 

Open tone, tett dialog

Berrefjord er oppteken av at det kultur for å vera opne med ein annan. Tilsette skal gi beskjed om dei ser noko som ikkje er etter rutinane, det same skal pårørande.

No har Sunde sykehjem laga til eigne skjema som pårørande kan fylla ut etter dei har vore på besøk hjå ein bebuar.

– Me trur at for somme kan terskelen vera lågare å komma med innspel, når dei slepp å gjera det direkte ansikt til ansikt, seier virksomhetsleiar Lisa B. Berrefjord.

Ein har også laga til eit par heimekoselege fellesareal i første høgda på sjukeheimen, der bebuarar kan ha besøk av fleire familiemedlemmer samstundes. Her er det også lagt til rette for barn.

Ho fortel at leiarane for dei ulike sjukeheimane i kommunen regelmessig møtest, då deler ein gode råd for korleis ein heile tida kan bli betre til å ta vare på bebuarar, pårørande og tilsette.

– Sjukeheimen skal jo vera ein god stad for alle desse tre gruppene, og det krev at me har regelmessige møte der me snakkar om kva som fungerer og kva som ikkje gjer det, og korleis me skal kunna få til så god omsorg og pleie som me kan med dei ressursane me har.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut