Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
23. januar 2024

Sosialt medium for eldre har blitt eit viktig verktøy for pårørande

Pårørande har også spela ei sentral rolle i utviklinga av kommunikasjonsverktøyet Komp, fortel grunnleggar og styremedlem i No Isolation, Karen Dolva.
Karen%20Dolva
Foto: Estera K. Johnsrud

Komp er eit verktøy som gir barn og barnebarn høve til å sende bilde og ha videosamtalar med foreldre og besteforeldre som ikkje er vande med teknologi.

Komp er ein skjerm med kun ein knapp som er kobla opp til ein app på telefonen til brukaren sine venner og familie. Gjennom appen kan familien ha tovegs videosamtalar, sende bilde og meldingar. Videosamtalar blir automatisk svara på etter ei nedtelling på 10 sekund, og bilde rullerer på skjermen. Den som har Komp hos seg treng altså ikkje å gjera noko.

Det er rundt 10 000 Komp i bruk i Norge nå.

 

Lettar kontakten med dei eldre

Karen Dolva fortel at ho hadde sine eigne besteforeldre i bakhovudet då Komp blei utvikla, men presiserer at det ikkje er anekdotisk kunnskap som har ført til Komp, men grundige demografiske undersøkingar.

– Men eg veit jo at bestefar ville hatt glede av Komp, dessverre døydde han før han fekk oppleva dette. Morfar, derimot, har blitt Komp-brukar og elskar det, fortel Dolva nøgd.

Statistikk frå mellom anna Kreftforeningen, viste at seniorar er meir einsame enn andre aldersgrupper. Komp er, ifølge Dolva, først og fremst laga for å hindra og lindra einsemd.

– Men det er ikkje alderen som gjer at du blei einsam. Det viktigaste er om du klarer å opprettholda dei sosiale rutinane dine, anten fysisk eller digitalt. Er du digital kan du framleis halda kontakten med mykje av det og dei du set pris på i livet ditt, sjølv om den fysiske helsa er skral. Er du ikkje digital kan ein eldre person med dårleg helse, fort hamna i eit analogt fengsel, viser Karen Dolva til.

 

Pårørande blir positivt overraska

Ho fortel om menneske som kjem i utakt med ikkje berre familie, men heile samfunnet, fordi dei ikkje er på Snap eller andre sosiale medium. Og får dei ikkje fysiske besøk, er ofte isolasjonen komplett, når dei heller ikkje greier følga med på familiens aktivitetar på nett, forklarer Dolva.

Komp fekk eit gjennombrott under pandemien, men Karen Dolva seier det ikkje alltid har vore enkelt å selja denne løysinga inn til familiane til dei eldre.

– For det første kan dei pårørande ha problem med å forstå kva løysinga dreier seg om, eller så har dei lita tru på at den eldre vil greia å bruka Komp. Men løyndommen er at Komp for mottakaren er så enkel å bruka, at sjølv dei mest analoge får det til.

Komp er ein stor skjerm med ein rund knapp der brukaren kan justera volumet eller skru Komp på eller av. Resten er det storfamilien og pårørande som står for gjennom ein app på telefonane sine. Under pandemien losna det, for då forstod pårørande at dei var nøydde til å testa ut alt i ei tid der fysisk kontakt med andre menneske blei sterkt avgrensa.
 

Er du ikkje digital, kan ein eldre person med dårleg helse, fort hamna i eit analogt fengsel


Fleire pårørande blir kobla på

På skjermen til den gamle kan barn og barnebarn dela opplevingar og kvardagsgleder. Dette blir som eit koseleg og trygt sosialt medium innan storfamilien, for alle med appen vil også kunna sjå kva slekta deler med den gamle. Og på Komp deler både niåringar og sekstiåringar bilde frå liva sine til slektas aller eldste. Dolva kan med glede konstatera at i tillegg til å gjera eldre mindre einsamme, har Komp hatt den bieffekten at han knyter storfamiliane tettare saman.

– Gjennom Komp kan dei gamle følga med i det som skjer, for i vår digitale verd er det ofte slik at dei som hadde hatt mest glede av å bli oppdaterte, er avskorne frå det, seier ho.

Dolva seier Komp også gjer det lettare for pårørande å leva som før, for no blir det dårlege samvitet litt mindre.

Komp-utviklarane har hatt og har framleis mykje kontakt med pårørande, for framleis er verktøyet under utvikling.

– Eg trur Komp har gjort livet lettare for ein del pårørande. Ofte er det kvinner som står sentralt i å yta pårørandeomsorg i ein familie. Etter Komp har det blitt lettare for desse å få med seg andre delar av familien. Og for barnebarn kjennest det nok frigjerande å kunna ringa opp bestemor og bestefar via Komp-appen, utan å gå via foreldra.

Komp blir mest brukt til å senda bilde, men videosamtalar er også ganske mykje brukt, opplyser Karen Dolva.
 

Komp er først og fremst laga for å hindra og lindra einsemd.


Lettar kvardagen for pårørande

Hennar inntrykk er at pårørande prøver å gjera Komp personleg, ved at dei deler bilde frå gamle dagar til personar med demens, eller lagar til ulike hjernetrim-oppgåver for den gamle. Komp kan også brukast til å sende ulike beskjedar og påminningar til mottakaren.

Komp er også i bruk av ein del personar som har verje. Fleire står på sjukeheimar.

– Eg er stolt over det me har fått til gjennom Komp. Dette er i tillegg eit heilnorsk produkt, som er brukarvenleg og krev svært lite av mottakar, anna enn å skru på ein knapp. Eg veit me har auka livsgleda og tryggleiken hjå både pårørande og eldre gjennom oppfinninga vår.

Komp er mest i bruk i private heimar, men enkelte institusjonar har også teke verktøyet i bruk. No blir det forska på Komp i eit forskingsprosjekt i Oslo som heiter BoVel i regi av Forskingsrådet.

Føremålet med forskinga er å finna ut om Komp hjelper folk til å kunna bu lenger heime. For også heimesjukepleia kan ha kontakt med dei gamle via Komp. Då kan ein for eksempel sjekka om brukaren har tatt medisinane sine, eller bruke tid på ein god samtale over video. 

Dolva seier at dette skjer via ein profesjonell tilgang til Komp, med eit anna grensesnitt enn familien har.

 

Komp skapar meir kontakt

– Komp kan ikkje bli ei kvilepute for pårørande då, slik at dei droppar å besøka bestemor fysisk og berre sender bilde?

– Nei, tvert om viser erfaringa at Komp gjer at familien går meir på besøk til den gamle. Det tyder på at di meir dialog ein har i familien, til lettare er det å ta kontakt på andre måtar også, for då har ein jo alltid noko å snakka om. Skal ein dra på besøk til nokon ein ikkje har hatt nokon form for kontakt med, kjennest det ofte tyngre enn når ein har hatt regelmessig digital kontakt før besøket.

Komp har altså auka besøksfrekvensen i fleire familiar og ført til at ein har meir å prate om, seier Karen Dolva.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut