AKTUELT%20Skulevegringhistorie

← Gå tilbake

Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

– Å vera mor til ein skulevegrar er beintøft

Me har gjennom ulike artiklar satt søkelyset på skulevegring, eit tema som både berører og engasjerar. Her kjem den siste artikkelen om emnet i denne omgang, og det er «Ragnhild» som deler av si erfaring.
– Å ikkje få barnet ditt på skulen fyller deg med fortviling og skamkjensle. Nå har det endeleg ordna seg for mitt barn. Han er tilbake på skulen, men det har vore ein lang veg. Innimellom har eg lurt på om me nokon gong ville lukkast, seier «Ragnhild», som ønsker å vera anonym av omsyn til barnet sitt.
 

Me har fleire gonger fått høyra frå vener; er det ikkje berre å senda han på skulen, då? Tvinge han, om så er. Hadde det vore så enkelt.


Dei siste åra har vore krevjande, og det har vore godt å hente råd og støtte frå foreldre til andre skulevegrarar på ei Facebook-gruppe, fortel ho.
 

– Er det berre oss?

I starten trudde ho dei var åleine om å slite slik. Men via Facebook-gruppa har ho fått kjennskap til mange andre historier.

– Mange tilfelle av skulevegring får inga god løysing, påpeiker Ragnhild.

Samstundes er det også mange gonger eleven kjem seg tilbake til skulen, slik som i hennar tilfelle.

Men håpet om ein lukkeleg slutt var lenge fråverande. Ragnhild låg vaken på nettene og lurte på kva dei hadde gjort feil sidan guten ikkje ville på skulen. Ho undra seg óg på om livet nokon gong ville bli normalt igjen.
 

Skulevegring er alt anna enn enkelt, har ho erfart. Grunnane til at barna ikkje maktar å gå på skulen er også høgst forskjellige. For somme kan det handla om diagnosar, for andre er det mobbing.


Kjensla av å mislukkast som foreldre snik seg fort innpå, for «alle» går jo på skulen.

– Me har fleire gonger fått høyra frå vener; er det ikkje berre å senda han på skulen, då? Tvinge han, om så er. Hadde det vore så enkelt, seier ho.

Skulevegring er alt anna enn enkelt, har ho erfart. Grunnane til at barna ikkje maktar å gå på skulen, er også høgst forskjellige. For somme kan det handla om diagnosar, for andre er det mobbing, anten frå lærarar eller vaksne som gjer skulen utrygg.
 

Ein fristad i heimen

– Tiltak som fungerer for ein elev, fungerer ikkje nødvendigvis for andre. Difor er det viktig at skulen tek seg tid til å lytta til barnet og foreldra for å finna ut kvar skoen eigentleg trykker, påpeiker Ragnhild.
Som så mange andre foreldre til barn med skulevegring fekk også ho og mannen råd om å gjera det lite attraktivt å vera heime.

– Då me gjorde det kjedeleg for han heime, opplevde me at situasjonen blei endå verre, for nå hadde han brått ingen fristad. Heile tida skulle han gå rundt og ha det forferdeleg. Sonen vår var fortvila over at han ikkje klarte å gå på skulen, å sitje heime var ikkje noko han syntest var kjekt.
 

Me er så heldige at me bur i ein kommune med eige skulevegringsteam som saman med PPT var gode støttespelarar for oss i våre møte med skulen.


Då foreldra omsider tillèt litt meir kos heime, merka dei at sonen blei meir motivert til å prøva å gå meir på skulen.

– Når me snakkar kos, så handlar det ikkje om fri flyt av speling og snop. Han kunne til dømes få spela ein time, eller ha besøk av vener, før han gjorde lekser, forklarer ho.

Ragnhild og mannen tok raskt kontakt med skulen då dei merka at sonen vegra seg for å gå dit. Det som byrja med fysiske plager som vond mage og fot, viste seg raskt å vera psykiske reaksjonar på mobbing frå lærar. Foreldra hadde heile tida open dialog med lærar og skule, men det tok tid før dei fekk forståing frå skulen om at tilbakeføringa til klasserommet måtte ta tid.
 

På barnets premissar

– Me er så heldige at me bur i ein kommune med eige skulevegringsteam som saman med PPT var gode støttespelarar for oss i våre møte med skulen. Skulen ønskte også å hjelpa, men dei ville gå for fort fram, difor var det viktig for oss å få fagfolk med på laget som understreka kor viktig det var å la tilbakeføringa gå svært gradvis, i eit tempo barnet vårt kunne leva med. I starten blei det for mykje press. Guten vår var på skulen, men han var likevel ikkje til stades. Gjennom å ta små steg, greidde me omsider å få han tilbake til ein normal skulekvardag, fortel Ragnhild.
 

Sonen var i starten kanskje berre ti minutt på skulen om gongen, andre gonger var han berre innom i eit friminutt. Seinare kunne han vera eit par timar på skulen.


– Å få ein skulevegrar tilbake, handlar ofte om å skapa trygge og føreseielege opplegg, hevdar ho.
– Har ein avtalt eit opplegg, vik ein ikkje frå dette, med mindre det er greitt for eleven, påpeiker ho. 
 
Ragnhild veit av dyrekjøpt erfaring at det kan vera tilsynelatande småting som kan vippa sonen av pinnen, og få han til å vilja gå heim frå skulen.
 

Mor sat i bilen utanfor

Sonen var i starten kanskje berre ti minutt på skulen om gongen, andre gonger var han berre innom i eit friminutt. Seinare kunne han vera eit par timar på skulen ein dag, medan mora sat i bilen utanfor.

– Somme har også foreldra med seg i klasserommet, men sonen min ville ikkje det, dermed var det ei grei løysing at eg sat ute i bilen.

Foreldra var også nøye på å ikkje snakka negativt om skulen. Då det stod på som verst fekk Ragnhild halv sjukemelding.
 

Me valde å informera foreldra til dei andre elevane i klassen om situasjonen på eit foreldremøte. Læraren informerte elevane.


– Eg har ein jobb kor eg må vera tett på menneske. Slik eg hadde det heime, merka eg at eg ikkje fungerte på jobb. Eg greidde ikkje og hadde inga interesse i å følgja med på det folk ville fortelja meg, fordi eg hadde nok med mitt eige strev. Heldigvis hadde eg ein forståingsfull arbeidsgjevar som la ting til rette for meg.

Ragnhild og ektemannen valde å informera foreldra til dei andre elevane i klassen om situasjonen til sonen på eit foreldremøte. Læraren informerte elevane, då sonen var klar for det.
– Dette opplevde han som positivt, fordi han merka det blei færre spørsmål rundt fråveret hans etterpå, forklarer mora. 
 

Framleis på tå hev

Nå har sonen hatt ein normal skulekvardag i fleire månadar, men ennå kjenner Ragnhild at ho går litt på tå hev, for kan dette gå bra? Redsla for tilbakefall ligg heile tida på lur, men ho vel å tru det vil gå bra også framover.
 

For oss har det nok slått positivt ut at me heile tida har vore så opne med skulen.

 
– Sjølv om eg ikkje unner andre å oppleva at barnet ikkje vil gå på skulen, kjennest det likevel godt å vita at me ikkje er åleine. Statistikk viser at skulevegring rammar rundt ein elev i kvar klasse.

Ragnhild og mannen har sloppe å bli mistenkeleggjort av skule og lærarar.
– Eg har til tider vore redd barnevernet skulle bli kopla inn, men det har heldigvis ikkje skjedd. For oss har det nok slått positivt ut at me heile tida har vore så opne med skulen, og etter kvart også blei møtte med forståing for det me stod i, forklarer ho.


 

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


«Margrethe» har ein bror, «Kåre», som no sit heime og ventar på at han skal døy av kreft.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten