Pa%CC%8Ar%C3%B8rendesenteret%20Silje

← Gå tilbake

Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

– Skulen må lytta meir til foreldra til skulevegrarane

«Silje» er mor til ein gut som har vore borte frå skulen dei to siste åra. Problema starta for lenge sidan. Mora prøvde å få sett i gong tiltak før ting gjekk heilt i lås. Til inga nytte.
Kvinna er anonymisert av hensyn til familien.

– Mi meining har ikkje blitt tatt på alvor. Den same kjensla sit mange andre foreldre til skulevegrarar også igjen med. Du har svært lita påverkningskraft. Somme gonger kjennest det ut som om det er ein mur du skal trengja igjennom. Du slepp ikkje til. I staden blir du møtt med ansvarsfråskriving og sendt frå møte til møte, seier Silje .
 

Tiltak som ikkje verkar

Ho meiner mange tilfelle av skulevegring blir permanent fordi skulen ikkje får kartlagt kva som er hovudutfordringa til eleven. Dermed blir tiltaka som blir sette i verk ikkje målretta, og har dermed liten effekt.
Fagfolka sine råd harmonerer ikkje alltid med det foreldra meiner og erfarer verkar for sine barn, påpeiker Silje.

– Fagfolk åtvarar oss mot å gjera det koseleg heime. Eg følgde rådet om å utøva mildt press i ein periode. Resultatet var massiv skulevegring. Guten min fall heilt saman. I ettertid ser eg at eg skulle latt heimen vore ein fristad for han, for han trong ein pause frå alt det vonde han opplevde på skulen, erkjenner ho.
 

Somme gonger kjennest det ut som om det er ein mur du skal trengja igjennom. Du slepp ikkje til. I staden blir du møtt med ansvarsfråskriving og sendt frå møte til møte.


Ifølge Silje er problemet at det finst så lite forsking på kva tiltak som verkar og ikkje verkar når det gjeld skulevegring. Ho meiner årsakene til skulevegring kan vera komplekse, men ofte heng det saman med mobbing og utestenging, eller at eleven ikkje får tilpassa skulekvardagen sin i den grad han eller ho treng.
 

For lite kunnskap

– Skulane har truleg for lite pengar til å kunna inkludera alle. Haldninga til dei tilsette kan også vera ei utfordring, for det verkar som om mange er opplærte til å tru at det automatisk er noko gale med heimen når barnet ikkje vil gå på skulen. I tillegg har skulen blitt meir krevjande, elevane blir målte heile tida, færre får tilpassa undervisning, og fleire fell frå.

Silje meiner også kunnskapen om ulike diagnosar er for dårleg på mange skular, dermed veit dei tilsette ikkje korleis dei best skal leggja til rette for eleven.

– Ein kan også oppleva å ikkje bli trudd av skulen når ein opplyser om diagnose. Då kan ein få til svar at skulen opplever eleven som normal og dei ser difor ikkje trong for noko tilrettelegging. Skulen meiner det heile kokar ned til at «eleven må ta seg saman.»
 

Dersom årsaka til skulevegringa er manglande tilrettelegging frå skulens side, hjelper det lite med barnevernet. Dei har jo ikkje høve til å seie noko om korleis skulen skal jobbe.


Etter Siljes erfaring lukkast ein langt betre i å få eleven tilbake til skulen, viss foreldra opplever at dei tilsette på skulen er oppriktig interessert i å løyse utfordringa, og ikkje er opptekne av å fordele «skuld». Hennar inntrykk er at ein lukkast oftare dersom det blir gripe inn tidleg. Difor meiner ho det er viktig skulen lyttar når foreldra melder inn dei første teikna på at alt ikkje er som det skal vera i barnets skulekvardag.
 

Skeptisk til barnevernet

Ofte blir barnevernet kopla inn i saker som gjeld skulevegring. Dette er Silje generelt skeptisk til.

– Dersom årsaka til skulevegringa er manglande tilrettelegging frå skulens side, hjelper det lite med barnevernet. Dei har jo ikkje høve til å seie noko om korleis skulen skal jobbe. I tillegg manglar barnevernet ofte kompetanse om skulevegring. Mange foreldre opplever at livet som pårørande blir endå travlare dersom barnevernet blir involvert, for det betyr endå fleire møte å gå i. Dessutan fører det med seg ei ekstra psykisk belastning, forklarer Silje.

Sjølv har ho i periodar hatt fem-seks instansar å rapportera til kvar veke.

– Det er så travelt og på somme møter er det kanskje opptil 12 personar til stades. Dette kostar pengar, det burde  då vore betre å heller brukt pengane på ein assistent til skulevegraren, etter mitt syn. For meg har det vore meir krevjande å bruke tid på å skaffe hjelp, enn å ha eit barn som slit med skulevegring.



 

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Margrethe har ein bror, Kåre, som no sit heime og ventar på at han skal døy av kreft.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten