Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
14. april 2020

– Skulestenginga har gitt meg ei glad dotter

Trude er mor til ei jente som i mange år har hatt eit ufrivillig høgt skulefråvær. Koronastenginga av alle skulane har gitt mor og dotter nokre fantastisk gode veker. For nå skil ikkje dottera seg lenger ut, no når alle har heimeskule.
Skolesak
(Mora og dottera sine namn er forandra av omsyn til jenta.)

År etter år har mora kjempa for at dottera Rebekka skal få ha heimeskule med nettundervisning nokre dagar i veka. Det har ifølge Trude vore ein seig kamp med lite velvilje og forståing frå skulen. Mobbing er årsaka til at skulekvardagen har blitt tung for Rebekka som nå går på ungdomsskulen. Her blir ho ikkje mobba, men skadane set i, fortel Trude.
 

– Jammen fekk dei det til

– Så kom koronakrisa, og vipps så fekk skulane til nettundervisning for alle i løpet av ei helg. Denne situasjonen håpar eg og mange andre foreldre til barn som vegrar seg for å gå på skulen, kan komme våre barn til nytte seinare, når skulane opnar igjen. For nettundervisning  var visst ikkje så vanskeleg å få til, når ein først måtte, påpeiker Trude.
 

Mi dotter ønsker å læra og er pliktoppfyllande.
Det er det å vera på skulen saman med andre
elevar som stressar henne slik at ho ikkje greier
å læra det ho skal i ein vanleg klasseromskvardag.


I alle dei åra ho har jobba for at dottera skulle få ein tilrettelagt skulekvardag, føler Trude at skulen ikkje har lagt godviljen til. Samfunnet snakkar om elevar som vegrar seg for å gå på skulen, men ifølge Trude er det skulane som vegrar seg for å innsjå at somme elevar treng litt andre tilbod enn fleirtalet.
 

Ho lærer best åleine

– Mi dotter ønsker å læra og er pliktoppfyllande. Det er det å vera på skulen saman med andre elevar som stressar henne slik at ho ikkje greier å læra det ho skal i ein vanleg klasseromskvardag. Når ho kom heim frå skulen om ettermiddagen, var ho eit vrak. I årevis har Rebekka levd med ei kjensle av å ikkje strekka til, og heile tida skuffa seg sjølv. Og når du er redd heile tida, lærer du lite. Ho har difor ikkje greidd å hengja med fagleg, forklarer mora.

Før skulane stengde, var vekene ein evig kamp for å få Rebekka på skulen. Slett ikkje alle dagane lukkast det, og Trude sat titt og ofte med ei gråtande dotter i armane sine. Å ha vondt av dottera seint og tidleg, gjorde at Trude ikkje kunne ha ein ordinær jobb.
 

No er livet snudd på hovudet. Jenta mi legg
seg og sovnar til vanleg tid. Ho står gjerne
opp klokka seks og trenar litt før ho startar
skuledagen.


– Eg har aldri visst når eg måtte hjelpa henne. Oppfølging mot skole, fastlege og andre instansar er jo nesten ein halvdagsjobb i seg sjølv. Det er ekstremt krevjande, og sjølv når eg har vore på jobb, har så å seie all merksemd vore knytt til hennar fortviling.

Nå har koronakrisa gjort at mora har mista alle oppdrag og inntekter, men det bryr ho seg nesten ikkje om, for det er dottera som er det viktigaste. Trude er viss på at ho skal finna ein måte å områ seg på når det gjeld jobb og økonomi. Gleda over å ha ei glad dotter i hus overgår det meste. For fram til koronakrisa var det mange tunge dagar i heimen.
 

Søv godt nå

– Ho grudde seg slik for å gå på skulen at ho låg vaken i angst til langt på natt. No er livet snudd på hovudet. Jenta mi legg seg og sovnar til vanleg tid. Ho står gjerne opp klokka seks og trenar litt før ho startar skuledagen. Nå lærer ho det ho skal utan stress. Alt skulearbeidet blir gjort til rett tid og ho er med på alle fellesopplegga på nett. Nå har eg ei glad jente som er full av energi frå morgon til kveld. Desse siste vekene er dei beste i livet mitt på ni år. Etter å ha levd så lenge med eit barn som er i ferd med å gå til grunne, er det fantastisk å sjå kor godt ho har det nå, seier ei gledesstrålande mor.
 

Nå har eg ei glad jente som er full av
energi frå morgon til kveld. Desse siste
vekene er dei beste i livet mitt på ni år.


Trudes dotter har for første gong unna seg påskeferie. Før har ho alltid ligge så mykje på etterskot med skulearbeid, at ho har måtta jobba i feriane også.

– Eg har øvd meg på dette heile tida.

Dei var dei første orda Rebekka møtte mora med den dagen skulestenginga var eit faktum.
 

Alt snudd opp ned

Nå er dottera i sitt ess og får brukt kreftene til å læra i staden for å bruka all energi på å møta opp og halda ut ein heil dag på skulen.

–  Eg høyrer somme snakkar om kor utfordrande heimeskulen er for elevane. No er skulen oppteken av psyken til elevane. Den utfordringa dei vanlege elevane opplever nå, er jo kvardagskost for dei som har ufrivillig høgt skulefråvær. Verda er snudd fullstendig på hovudet, seier mora.

– Altfor mykje handlar om oppmøte, altfor lite om læring. Nå når Rebekka har lov til å sitja heime i trygge omgjevnadar fell ho til ro, fortset ho. 

Rundt 12.000 barn og unge har høgt ufrivillig skulefråvær. Trude reknar med at mange foreldre vil kjenne at situasjonen er lettare no når skulane er stengde.
 

Altfor mykje handlar om oppmøte, altfor
lite om læring. Nå når Rebekka har lov
til å sitja heime i trygge omgjevnadar
fell ho til ro.


I framtida håpar Trude koronakrisa har vist lærarane at det let seg gjera å undervisa på alternative måtar.
 

Ei lekse for skulane

– Eg seier ikkje dermed at dotter mi skal få heimeundervisning kvar dag. Å aldri treffa andre, er ikkje bra for nokon. Men å ha to faste dagar med heimeskule, vil gi henne ein langt betre og meir overkommeleg skulekvardag. Då vil me også få ei kjensle av at skulen kjem oss i møte.

Men enn så lenge nyt Trude og dottera unntakstilstanden.

– Når barnet mitt har det bra, har eg det bra. Me har fått eit nytt liv. Det er som eg svevar, slår mora fast.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut