Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
16. april 2021

Barn og unges helseteneste skal gjera livet enklare for pårørande, brukarar og fagfolk

Dersom barnet eller tenåringen din får psykiske plager, kor vender du deg då? Og kva hjelp kan du vente deg av dei ulike aktørane? Det har Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde svaret på. Om du klikkar deg inn på nettsida kalla Barn og unges helsetjeneste i dei respektive helseføretaka, vil du få svar.
Heidi%20helseteneste
Går du inn på Helse Stavanger si side vil du få lista opp sju ulike former for plager, som angstplager, uro for barn mellom 0 og 3 år og etevanskar og eteforstyrring. Klikk deg inn på temaet du vil vita meir om, og du vil få ei oversikt over kommunale tilbod, samt tilbod i spesialisthelsetenesta.
 

Helsetilbodet rundt den enkelte pasient skal bli meir heilskapeleg, slik at den eine tenesta veit kva dei andre gjer.

 

Skal gjera livet enklare

– Tanken er at både brukarar og pårørande skal spara tid på å leita seg fram i ein labyrint av tilbod, i ei tid der ein har meir enn nok med å handtere sjukdom og utfordringane den fører med seg. Det andre målet er at helsetilbodet rundt den enkelte pasient skal bli meir heilskapeleg, slik at den eine tenesta veit kva dei andre gjer. Dessutan er målet at dei ulike fagfolka skal bli betre kjent med ein annan. Dette skal også vera eit verktøy som kan gi fastlegar og andre fagfolk oversikt over landskapet dei går inn i når dei får inn eit barn eller ein ungdom med psykiske helseplager.

Dette forklarer prosjektansvarleg for tiltaket i Helse Stavanger, psykologspesialist og psykologfagleg rådgjevar Lars Ravn Øhlckers.
 

Eit fragmentert tilbod

–Det var først Helse Fonna som byrja med dette, sidan har ideen spreidd seg til andre føretak på Vestlandet, og eg veit at ho som hadde ideen i Haugesund, stadig vekk får spørsmål om ordninga, så tilbodet vil kunna komma fleire stader i landet, seier Øhlckers.

For rundt eit år sidan sette kommunar, spesialisthelsetenesta, samt brukarar og pårørande i Sør-Rogaland seg saman for å teikna eit kart som skulle gi eit heilskapeleg tenestetilbod til barn og unge med psykiske helseplager. Øhlckers fortel at psykiske helsetenester for barn og unge  i utgangspunktet er organiserte på ein ganske komplisert og oppdelt måte. For pasientar og pårørande kan dette kjennast som ein labyrint. I somatisk helsevesen (kroppsleg) kan ansvarsfordelinga ofte opplevast enklare av brukaren, der er mykje sentrert rundt fastlege, spesialiserte kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta, ifølge prosjektleiar Øhlckers.
 

Psykisk helsehjelp for ban og unge handlar ikkje berre om helse, det handlar også om utdanning, trivsel, omsorg, utvikling og meistring. 


– Psykiske helsetenester til barn og unge, derimot, er tett innvevd i resten av livet til barna, og krev difor ofte også deltaking av til dømes  barnehage, skule og helsestasjon, PPT, barnevern, kommunal helseteneste, frivillig sektor og familie, noko som gjer det meir vanskeleg for både hjelparar, pasient og pårørande å få overblikk, forklarer han.

Ulike delar av livet skal flettast inn i behandlinga. Og pårørande som opplever psykiske plager hjå barna sine for første gong, veit ofte ikkje kva tilbod som finst før dei treng dei.
 

Mange felt skal spela i lag

Han minner om at psykisk helsehjelp for ban og unge ikkje berre handlar om helse, det handlar også om utdanning, trivsel, omsorg, utvikling og meistring. Heile livsarenaen til barna må med, både familie og fritid, understrekar Lars Ravn Øhlckers.

– Me fann difor ut at me ville laga ei fullstendig oversikt over ulike instansar knytta til sju hovudtema. Her skal me gi ei oversikt om kva behandling og hjelp ein kan tilby, kva rolle og innhald dei ulike tenestene har, korleis pasienten blir kartlagd og kven dei samarbeider med. Slik kan pårørande og pasientar finna ut kven som gjer kva, og kva ein kan forvente seg av den enkelte eininga, påpeiker han.
 

Prosjektet har bidrege til å skape ein viktig møteplass mellom kommunane og helseføretaket.


Prosjektleiinga tok mellom anna kontakt med alle kommunane og alle Barne-og ungdomspykiatriske avdelingar (BUPA) i sitt nedslagsfelt for å få til ein dialog om korleis ein skal presentera dei ulike forløpa på nettsidene. Dei medverkande kunne då komma med innspel om kva som bør gjerast tydeleg, kva informasjon ein bør supplere med, og kva som eventuelt ikkje stemmer. Slik skapar ein kartet frå tenestenes perspektiv. Ifølge Lars Ravn Øhlckers har prosjektet bidrege til å skape ein viktig møteplass mellom kommunane og helseføretaket.
Informasjonen på nettsida skal vera til nytte både for brukarar, pårørande, fagfolk og også dei som arbeider på eit meir administrativt nivå med planlegging, forklarer han og seier pårørande har vore med i heile prosjektet.

Øhlckers reknar med at kartet som er teikna vil bli brukt på ulike måtar av den enkelte. Somme vil kanskje berre ha ei rein oversikt over korleis dei ulike helsetenestene er bygde opp, medan andre er mest opptekne av barnevernets rolle og ein tredje er interessert i barnekonvensjonen. Ein fjerde ønsker å finna ut meir om ein BUPA og kva kartlegging han eller ho kan venta seg av barnet.
 

Kvar kommune sitt spelebrett

Oversikta viser kva overordna ansvar som ligg til det enkelte helsetilbodet, deretter kan ein via lenker gå inn og få ei meir detaljert oversikt over den unike organiseringa til den tenesta ein er interessert i å få vita meir om, forklarer Øhlckers.
 

Samhandling er ei nøkkelutfordring i arbeidet med å skape gode tenester for barn og unge og deira pårørande. Me håpar at dette prosjektet skal hjelpe oss på vegen.


Det er også laga eit fysisk kart, forma som eit spelebrett. Dette er tenkt å vera ei samtalestøtte for fagfolk som skal forklare ein brukar eller pårørande kva tilbod som finst. Kartet har ein QR-kode der ein kan komme inn på eit fiktivt kasus, og kan få vere med ei simulert samhandling rundt eit bord der både folk frå BUPA, fastlege, helsestasjonen, barnevern og barnehagen deltek. Slik kan tenestene også bli betre kjent med kvarandre. Det skal lagast skreddarsydde spel til kvar kommune i helseføretaket.

– Samhandling er ei nøkkelutfordring i arbeidet med å skape gode tenester for barn og unge og deira pårørande. Me håpar at dette prosjektet skal hjelpe oss på vegen, avsluttar Øhlckers 
 
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut