Facebook

← Gå tilbake

Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

Faren blir sjikanert av psykisk sjuk son på Facebook

Henning er far til ein son som er alvorleg psykisk sjuk og er dømd til tvungent psykisk helsevern for grov vald mot ein polititenestemann.
Av omsyn til familien er farens namn endra, men Pårørendesenteret kjenner identiteten hans.

Sonen er svært aktiv på sosiale medier og legg stadig vekk ut sjikanerande og trakasserande kommentarar om faren. Dette er ifølge faren grove og uhyrlege skuldingar.
 

Stort ubehag

– Han skjeller ut familien og meg spesielt. Dei mest vanvitige ting blir publisert, og eg blir skulda for drap. Dette er ei stor belastning som forringar livskvaliteten min kraftig, fortel mannen i syttiåra.

Mange gonger til dagen går Henning inn på Facebook for å sjå om sonen har lagt ut nye oppdateringar. Kvar gong gruar han seg til kva som måtte dukka opp frå sonen. Det kjennest som å få ein kniv i ryggen heile tida, forklarer han.

Faren føler han heile tida må følgje med på kva som blir lagt ut, sjølv om han til denne dag ikkje har greidd å få  stoppa det som blir publisert. Familien har vore i kontakt med både politijuristar og Facebook, men til inga nytte.
 

Dei som kjenner meg, veit jo at det han skriv ikkje er sant, likevel er det vanskeleg at slike ting blir liggjande ute på nettet, tilgjengeleg for alle.


Henning er blitt fortald at det finst inga lov som kan ta frå pasientar på døgnopphald, tilgong til telefonar, pc og nettbrett, og dermed  sosiale medier.
 

Pårørande får svi

Hadde sonen vore fengsla, ville me fått fred, men slik det er no, er det ikkje fred å få ein einaste dag, forklarar den fortvilte mannen.

– Å få slike fæle påstandar kringkasta om seg sjølv er ubehageleg, ikkje minst er det ubehageleg med tanke på omverda. Dei som kjenner meg, veit jo at det han skriv ikkje er sant, likevel er det vanskeleg at slike ting blir liggjande ute på nettet, tilgjengeleg for alle, seier faren.

– Eg etterlyser eit lovverk som kan fanga opp denne type situasjonar. Konsekvensen er at det er me pårørande som blir straffa. Hadde sonen min vore tilrekneleg, kunne eg dratt han for retten og stilt han til ansvar. No får han berre tura på, og det er ikkje berre eg som får gjennomgå, også politiet, andre slektningar og kjenningar av sonen min, blir utsette for sjikane på Facebook, forklarer Henning.
 

Eg etterlyser eit lovverk som kan fanga opp denne type situasjonar. Konsekvensen er at det er me pårørande som blir straffa.


Faren er no i gong med å undersøkje om det går an å pålegg han besøksforbod. Eit slikt forbod gjeld nemleg alle former for kontakt, ikkje berre fysiske besøk.
 

Forringar livet mitt

– Han vil då kunna mista telefonen, om han tek kontakt med meg, eller trugar med på sosiale media. Om han hamnar i ordinært fengsel, ville me også fått fred, men så lenge han blir vurdert til å vera så psykisk sjuk, kan han visstnok fritt halda fram sitt korstog mot meg på Facebook. Det tykkjer eg er svært urimeleg og uheldig.

– Eg prøver så godt eg kan å leve så normalt eg kan i kvardagen, men dette grip inn i livet mitt på så mange ulike vis, sjølv om eg store delar av tida prøver å fortrenge dette påverkar det nok helsa mi ubevisst.
 

Så lenge han blir vurdert til å vera så psykisk sjuk, kan han visstnok fritt halda fram sitt korstog mot meg på Facebook. Det tykkjer eg er svært urimeleg og uheldig.


Noko av det verste er maktesløysa, det at ingen til denne dag har kunna hjelpa meg å få ein stopp for dette. Kona mi døydde for nokre år sidan. På grunn av den digitale hetsen frå sonen min, har eg enno ikkje fått tid til å sørgja over henne, fordi eg konstant er på tå hev og ventar på neste angrep frå sonen min, forklarer mannen.

–  Sonen har også prøvd å drepe meg, men eg går ikkje rundt og er redd for livet mitt i det daglege, fordi eg er fysisk mykje sterkare enn han. Mora prøvde han også å drepe.
 

Eg har brote kontakten

Henning tok kontakt med Pårørendesenteret fordi han ikkje veit kvar han skal vende seg. Han snakkar lite om dette til vener.

Håpet er at han gjennom å fortelja om sine erfaringar kan setje søkelyset på ei problemstilling som ikkje er så mykje omtala.

Henning har ikkje hatt kontakt med sonen på lenge.

– Eg kjem aldri nokosinne meir til å ha kontakt med han. Til det er han for sjuk og farleg, avsluttar han.

Lova om psykisk helsevern gir høve til å innskrenke innlagte pasientars bruk av sosiale medier. Dette gjeld pasientar som er innlagde etter lova om tvungent helsevern. Denne innskrenkinga kan og omfatte retten til å sende og ta i mot brev og pakkar.
 

Dette kan stoppast

Det opplyser advokat Maren Eide hjå Advokatfirmaet Elden.

– Dette skjer gjerne hvis pasienten står i fare for å blamere seg sjølv i sosiale medier, noko som kan vere tøft å leve med når pasienten ikkje lenger er psykotisk, forklarer Maren Eide.
 

I kvart tilfelle er det viktig å skilje mellom kva som er sjukdom i det som blir lagt ut, og kva som er sant.


Lova kan også bli brukt for å skåne nærståande. Omsyn til behandlinga kan også vere ein grunn til å stramme inn tilgongen til sosiale medium for ein periode.

– Sosiale medier kan vere ei kjelde stressande inntrykk og  usunn påverking  i ein behandlingsfase, så dette blir regelmessig gjort, seier advokaten.
 

Ytringsfridom og vern

Maren Eide meiner at ein ikkje bør ha tilgong til å poste på sosiale medier når ein er psykotisk, korkje av omsyn til seg sjølv eller andre pårørande.

– I kvart tilfelle er det viktig å skilje mellom kva som er sjukdom i det som blir lagt ut, og kva som er sant. Pårørande kan tykkja påstandar som blir formidla er ubehagelege, men dei kan likevel vere sanne.

Maren Eide rår Henning å ta kontakt med institusjonen og be om eit møte der han fortel om kor belastande desse Facebook-innlegga er.

– Ytringsfridomen må vega tungt i desse avvegingane for også pasientar skal ha rett til å ytra meininga si. Men unntak kan altså gjerast dersom tungtvegande grunnar som går på velferd, behandling eller pårørande, tilseier det, påpeiker Maren Eide.

 
DETTE SEIER LOVA:
Den aktuelle lovhjemmelen for å begrense pasientens mobilbruk på tvungent psykisk helsevern er psykisk helsevernloven § 4-5 andre ledd, jf. § 4-5 første ledd som bestemmer:
«Den som har døgnopphold i institusjon for psykisk helsevern, har rett til å motta besøk og benytte telefon, samt sende og motta brev og pakker.
For den som er under tvungent psykisk helsevern i form av døgnopphold i institusjon, kan den faglige ansvarlige vedta innskrenkinger i retten som nevnt i første ledd for inntil 14 dager, i den utstrekning sterke behandlingsmessige eller sterke velferdsmessige hensyn, eller sterke hensyn til nærstående person gjør dette nødvendig. Er det vedtatt slike restriksjoner, skal institusjonen sørge for at pasienten får nødvendig informasjon om sine pårørende og forhold utenfor institusjonen som er av betydning for pasienten.»
Man vil følgelig kunne begrense pasientens mobiltelefonbruk dersom (1) sterke behandlingsmessige hensyn, (2) sterke velferdsmessige hensyn eller (3) sterke hensyn til nærstående person som gjør det nødvendig med innskrenkninger i retten til kontakt med omverdenen.
Institusjonen kan imidlertid ikke begrense pasientens kontakt med kontrollkommisjonen, departementet, Statens helsetilsyn, Helsetilsynet i fylket, fylkesmannen, Stortingets ombudsmann for forvaltninger, Pasientombud, prest eller tilsvarende sjelesørger, juridisk rådgiver, eller den som opptrer på vegne av pasienten i klagesak, jf. Psykisk helsevernloven § 4-5 tredje ledd.

 

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Anna kvar veke er Atle Torkelsen låst til heimen store delar av døgnet når barnet hans, som er multihandikappa, er heime frå skulen.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten